20 millionar kroner meir til raskare og enklare plan- og byggjesaksprosessar
I statsbudsjettet for 2025 foreslår regjeringa å løyve 20 millionar kroner til Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) sitt arbeid med å forenkle regelverket og digitalisere plan- og byggjesaksprosessane.
Pressemelding frå Kommunal- og distriktsdepartementet
– Regjeringa vil forenkle regelverket for byggjesøknadar, og gjere både plan- og byggjesaksprosessen meir digital og automatisert. Slik blir det billigare, enklare og raskare å få handsama saka si og realisere gode bustadprosjekt, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Auken på 20 millionar kroner er ei varig styrking av budsjettet til DiBK. Direktoratet har over tid jobba med forenklingar som bidreg til meir effektiv ressursbruk i kommunar og hos utbyggjarar. Til dømes har utbyggjarar og privatpersonar spart over ein milliard kroner berre i porto sidan digitalt nabovarsel i byggjesaker kom på plass i 2018.
– Det er framleis behov og eit stort potensial for forenklingstiltak i alle ledd av plan- og byggjesaksprosessane. Med denne satsinga set regjeringa fart og kraft bak fleire slike prosjekt, seier Sande.