Byt ut varmepumpa på ein miljøvennleg måte
Brukte varmepumper skal resirkulerast akkurat som anna elektrisk avfall. Men fordi dei inneheld gass, må dei demonterast av ein installatør som er F-gass sertifisert.
Denne artikkelen blei publisert for ei tid tilbake. Vi har teke vare på den fordi ho kan vise nyttig innhald, men merk at innhaldet kan vere mangelfullt eller ikkje oppdatert i samsvar med dagens regelverk.
Dei neste åra, må mange luft-til-luft-varmepumper skiftast ut fordi dei er gamle. Desse eldre varmepumpene inneheld ein gass som skader klimaet og miljøet viss han blir sleppt ut. Det er derfor viktig at demonteringa blir rett gjord.
Privatpersonar har ikkje lov til å demontere varmepumpa sjølv – det må gjerast av ein F-gass-sertifisert installatør. Då blir jobben gjord trygt og lovleg, og er eigaren sikra at gassen og varmepumpene blir handterte og tekne vare på slik at dei mest mogleg kan gjenbrukast.
Tilrådinga om handtering av varmepumper kjem frå nettverket for gjennomføring av Nasjonal handlingsplan for bygg- og anleggsavfall (NHP-nettverket). NHP-nettverket har jobba med avfallshandtering i byggjenæringa sidan 2001.
I tillegg til filmsnutten, har nettverket laga ein brosjyre berekna på alle som skal skifte ut varmepumpa si eller har spørsmål om demontering og gjenvinning.
Filmen og brosjyren om å byte varmepumper er laga av NHP-nettverket i samarbeid med Norsk foreining for farleg avfall, Norsk varmepumpeforening, VKE – Foreininga for Ventilasjon, Kulde og Energi, Miljødirektoratet, Stiftelsen Returgass, Renas og Direktoratet for byggkvalitet.