DiBK leiar arbeidsgruppe om naturfarar

Ei arbeidsgruppe leia av Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) skal vidareutvikle krava til tryggleik mot naturfarar. Arbeidsgruppa er sett ned av regjeringa og består av DiBK, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Sist endret 13.04.2023

I ei pressemelding skriv Kommunal- og distriktsdepartementet at kartlegging av og kunnskap om ustabile fjellparti har auka tryggleiken i områder som er utsette for fjellskred og flodbølge. Samstundes har det ført til unødig strenge byggerestriksjonar og stans i utvikling av lokalsamfunn, som følge av at krava i byggteknisk forskrift (TEK17) ikkje har vore oppdaterte.

– Byggereglane må vere tilpassa dei ulike lokalsamfunna som er utsett for fjellskred og flodbølge. Regjeringa har derfor sett ned ei arbeidsgruppe som skal vidareutvikle regelverket, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Arbeidsgruppa skal sjå på om krava til tryggleik i TEK17 er på riktig nivå, og korleis krava i større grad kan ta omsyn til framtidige klimaendringar.

Arbeidsgruppa som no skal i gang, skal óg sjå på moglegheitene for å opne for organisatoriske flaumsikringstiltak, til dømes heilautomatiske løysingar som trer i kraft når flaumen når eit visst nivå, eller som blir sett opp manuelt ved flaumvarsel. Dette vil gjere det enklare å få til ønska utvikling i område påverka av flaumfare, står det i meldinga frå departementet.

Innan 15. april 2024 skal arbeidsgruppa levere eit forslag til nye reglar for organisatoriske sikringstiltak. I desember neste år skal arbeidsgruppa levere forslag til nye reglar om tryggleiksnivå og framtidige klimaendringar.

Mandatet til arbeidsgruppa finn du på regjeringen.no.