Digitale reglar gir enklare og smartare byggeprosessar

Gjennom å gjere byggereglane lettare å forstå og meir eigna for digitale verktøy, kan byggebransjen bruke fleire digitale verktøy og få meir effektive byggeprosessar.

Sist endret 29.11.2024

Pressemelding frå Kommunal- og distriktsdepartementet

–Regjeringa vil gjere det raskare og rimelegare å bygge bustader i heile landet. For å få til dette er det viktig å ha byggereglar som er tilrettelagde for digitalisering og automatisering. Digitalvennlege reglar vil gjere byggeprosessen enklare og bidra til å auke etterlevinga av regelverket og gi færre byggfeil, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Regjeringa sender no på høyring dei første tilrettelagte paragrafane i byggteknisk forskrift som er tilpassa digital bruk. Sjølve byggekrava er ikkje endra, men dei er skreve om slik at dei er enklare å forstå og ikkje minst tilrettelagt for digital bruk.

–Prosjektet "Byggeregler for framtida" har som formål å gjere forskrifta enklare å bruke ved å legge til rette for meir digital bruk og automatisk regelsjekk. Dette er et nyskapande prosjekt som skal bidra til raskare og billigare byggeprosessar, seier Sande.

Direktoratet for byggkvalitet jobbar på fleire områdar med å legge til rette for ein effektiv og digital plan- og byggeprosess. Dette høyringsforslaget inneber ein omstrukturering av deler av kapittel 12 (Planløsning og bygningsdeler i byggverk) i byggteknisk forskrift. Endringsforslaga har ikkje til hensikt å endre det materielle kravsnivået i regelverket.

–Dette er berre det første steget i eit større arbeid med å legge til rette heile forskrifta for digital bruk, og direktoratet vil fortsette arbeidet med å omstrukturere andre delar av forskrifta, seier Sande.