Kven har ansvar for mangelfulle byggjesøknader?
Mellom 30 og 40 prosent av byggjesøknadene er mangelfulle, ifølgje Kostra-tal. – Det er ikkje berre søkjarane som har ansvaret for det, fastslo Per-Arne Horne på Byggjesaksdagane 2019.

Denne artikkelen blei publisert for ei tid tilbake. Vi har teke vare på den fordi ho kan vise nyttig innhald, men merk at innhaldet kan vere mangelfullt eller ikkje oppdatert i samsvar med dagens regelverk.
– Byggjesaksbehandling er ofte vanskeleg, og mange kommunale saksbehandlarar gjer det dei trur er rette når dei sender tilbake byggjesøknader som dei meiner er mangelfulle. Tilbakemeldingar direktoratet har fått, med døme frå ulike kommunar, viser likevel at byggjesøknader ein del gonger blir vurderte som mangelfulle utan at dei er det, sa Per-Arne Horne, direktør i Direktoratet for byggkvalitet, frå scenen på Byggjesaksdagane 2019.
Ulik praksis i ulike kommunar – og internt i same kommune
Kostra-tal viser at andelen mangelfulle byggjesøknader har lege stabilt høgt på over 30 prosent sidan 2012. I 2018 var nærmare 35 prosent av alle byggjesøknadene mangelfulle, medan 46 prosent av rammesøknadene var mangelfulle.
– Når andelen er så høg, er det grunn til å stille spørsmålet om det berre kjem av at søkjarane gjer feil i samband med søknadsprosessen. Eller kan det òg vere at saksbehandlarane krev meir dokumentasjon enn det dei treng i saksbehandlinga? Eg trur dessverre at svaret er ja på det spørsmålet oftare enn vi liker å tenkje på, sa Per-Arne Horne.
Tilbakemeldingar til direktoratet viste at det frå kommune til kommune er ulik praksis i samband med kva som krevst av dokument i byggjesaksbehandlinga. Det kan òg vere ulik praksis internt i same kommune.
– Opplevinga vår er at det er ulikskapar frå kommune til kommune, frå byggjesaksavdeling til byggjesaksavdeling og frå saksbehandlar til saksbehandlar. Slik skal det sjølvsagt ikkje vere, påpeika Horne.
Kva skal byggjesaksbehandlarane ikkje sjå etter i ein søknad?
I plan- og bygningsloven og byggjesaksforskrifta er det beskrive kva kommunen skal gjere og kva kommunen kan krevje i samband med ein byggjesøknad.
I korte trekk er dette det kommunen skal gjere:
- Sikre at søknaden avklarer forholdet til omgivnadene slik det er bestemt i reguleringsplanen til kommunen.
- Sjå til at eventuelle sektorstyresmakter (til dømes Riksantikvaren eller Statens vegvesen) har fått uttalt seg i saka.
- Sjå til at naboar er varsla.
- Sjå til at tiltaket (det som skal byggjast eller rivast) er belagt med ansvar og rett tiltaksklasse.
– Vi ser at nokre kommunar krev meir dokumentasjon enn det som ligg i desse oppgåvene. Derfor er det viktig å understreke kva byggjesaksbehandlarane ikkje skal gjere, sa Per-Arne Horne.
Han trekte fram tre døme på kva kommunen ikkje skal gjere i samband med ein byggjesøknad:
- Vurdere tiltaket opp mot byggteknisk forskrift (TEK).
- Kontrollere, det vil seie å blande saksbehandling og tilsyn.
- Vere byggherrerepresentant for kommunen sine eigne byggjesaker.
Nasjonale sjekklister skal forhindre forskjellsbehandling
Horne bad deltakarane på Byggjesaksdagane hugse på at dersom eit tiltak skal vurderast opp mot TEK, må kommunen anten krevje uavhengig kontroll i ei byggjesak eller setje i gang eit kommunalt tilsyn som går parallelt med saksbehandlinga.
– Vi veit at politikarane kan presse på i enkelte saker, men då er det viktig å minne politikarane om kva saksbehandlarane har heimel til å gjere og kva dei ikkje kan gjere. Når det gjeld tidsberekning, er det er òg ein skilnad på store manglar og små manglar i ei byggjesak, og desse skilnadene må byggjesaksbehandlarane vere klar over, sa direktøren for Direktoratet for byggkvalitet.
Horne slo fast at digitale søknadsløysingar gjennom Fellestjenester BYGG kjem til å bli eit viktig bidrag i arbeidet for større føreseielegheit i byggjesaksbehandlinga.
– Vi har allereie hatt nasjonale sjekklister for byggjesaksbehandling i nokre år. Viss ein følgjer desse sjekklistene, vil vi få auka likebehandling og større føreseielegheit i saksbehandlinga. Vi veit at byggjesaksbehandling kan vere ekstremt vanskeleg – og at politikarane pressar på i enkelte kommunar – men bruk sjekklistene og vis dei til politikarane, avslutta Per-Arne Horne.