Kva er dokumentasjonskrava for vedomnar?
Frå 1. januar 2022 må vedomnar oppfylle krav til partikkelutslepp i økodesignforordning (EU) nr. 2015/1185 om varmeomnar til fastbrensel (vedomnar). Vedomnar må òg oppfylle krav i byggjevareforordninga (EU) nr. 305/2011.
Produktdokumentasjon etter byggjevareforordninga
Byggjevarer som blir omsette i Noreg skal ha tilfredsstillande produktdokumentasjon etter byggjevareforordninga før omsetning og bruk i byggverk i Noreg. Byggjevareforordninga er gjennomført i forskrift om omsetning og dokumentasjon av produkt til byggverk (byggjevareforskrifta (DOK)).
Vedomnar som blir omsette i Noreg skal ha:
- CE-merke
- Ytingserklæring
Du finn informasjon om korleis CE-merket og ytingserklæringa skal utarbeidast her.
Når produktdokumentasjon for vedomnar skal utarbeidast etter byggjevareforordninga, skjer dette ved at dokumentasjonen blir utarbeidd i tråd med den harmoniserte produktstandarden NS-EN 13240:2001. Standarden finn du på nettsida til Standard Norge.
Denne standarden manglar likevel krav til partikkelutslepp frå vedomnar.
Produktdokumentasjon etter økodesignforordninga om varmeomnar til fastbrensel (vedomnar)
Økodesignforordninga om varmeomnar til fastbrensel (vedomnar) fastset frå 1. januar 2022 krav til partikkelutslepp for vedomnar. Forordninga inneheld tre ulike målemetodar for partikkelutslepp. Det er eigne grenseverdiar for dei tre ulike målemetodane.
Forordninga er gjennomført i forskrift om miljøvennleg utforming av energirelaterte produkt (økodesignforskrifta). Vedomnar må òg oppfylle andre krav i økodesignforskrifta, som krav til CE-merking og samsvarserklæring.
I Noreg er det Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som forvaltar regelverket etter økodesignforskrifta. Sjå meir om økodesign- og energimerkeregelverket på nettsida til NVE.
Sjølv om innhaldet i dokumentasjonen delvis vil overlappe kvarandre, er det viktig at dokumentasjonen blir utarbeidd på ein måte som minimerer risikoen for forveksling. Dette betyr til dømes at CE-merka må vere tydeleg skilde, og at annan dokumentasjon blir presentert i eigne ark og tabellar.