Populært med pergola

Ein tradisjonell pergola kan du i utgangspunktet byggje utan å søkje. Vil du sikre deg mot regnbyer og leggje tak på pergolaen, kan det hende du må søkje løyve til det hos kommunen.

Sist endret 19.04.2023
Pergola.jpg
Ein pergola i hagen er koseleg om sommaren. Men må du søkje før du byggjer han? Foto: Mostphotos

Det nærmar seg sommar og tid for å pynte på hagen. Tradisjonelt var ein pergola eit byggverk med opne tak og vegger, som skulle bli overgrodd av slyngplantar.

– Følgjer du oppskrifta med å setje opp nokre enkle stolpar som blir overbygde med bjelkar med mellomrom imellom, byggjer du ein god, gammaldags pergola. Det vi ser, er at mange legg tak over pergolaen eller set inn skyvbare levegger. Då må du passe på at du byggjer lovleg, åtvarar direktør Per-Arne Horne i Direktoratet for byggkvalitet.

 

Pergola-i-hagen.jpg

 

Viss det blir montert tak på pergolaen, skal arealet reknast med i utbygd areal. Då må du gjere deg kjend med kor mykje som er tillaten å byggje på eigedommen din. Dette gjeld òg om taket består av skyvbare lamellar.

– Om du kan byggje ein slik pergola utan å søkje, vil avhenge av alt frå utnyttingsgraden på tomta til føresegner i reguleringsplanar for området der du bur. Det kan òg ha noko å seie om pergolaen blir bygd inntil huset eller frittliggjande.

Mitt råd er alltid at er du i tvil, spør kommunen om byggjeprosjektet ditt er søknadspliktig, seier Per-Arne Horne.

Må du søkje?

Desse rettleiarane kan vere til hjelp for dei som skal byggje pergola: