Vidarefører prioriterte tilsynsområde for kommunane

Kommunal- og distriktsdepartementet ber kommunane fortsette å prioritere tilsyn med at sikkerheit mot naturfarar er ivaretatt ved bygging, og at etableringa av hyblar og bueiningar i eksisterande bygg er lovleg.

Sist endret 11.10.2023
enebolig tatt av skred
Fleire hus i eit boligområde i Bagn i Valdres vart tekne av skred under ekstremveret Hans i august 2023. Foto: Cornelius Poppe/NTB

Peker himmelblå 700 Dagens prioriterte tilsynsområde for kommunane blir vidareført i to nye år

Tilsyn med at det er utarbeida dokumentasjon for oppfylling av krav til sikkerheit mot naturfarar er viktig fordi det kan få direkte betydning for enkeltpersonar si sikkerheit.

Tilsyn med at hyblar og bueiningar er søkt om og lovleg, støttar opp om bustaddugnaden og er med på å sikre tilfredsstillande buforhold for flyktningar og andre på leigemarknaden.

Sjå endringsforskrifta på lovdata.no

I følgje ei melding frå Kommunal- og distriktsdepartementet om det prioriterte tilsynet, har kommunen ikkje noko med om ein bustad, eller ein del av ein bustad, blir brukt av eigaren sjølv eller om han blir leigd ut.

Det sentrale etter plan- og bygningslova er at arealet som blir brukt, og eventuelt leigd ut, er godkjent som bustadareal. Kommunen kan òg føre tilsyn for å ettergå at minimumskrava i byggteknisk forskrift er oppfylt. Det gjeld mellom anna krav til rømingsvegar.

Sjå nyhendemelding fra Kommunal- og distriktsdepartementet