Sett opp tilbygg utan å søke
Ønskjer du å utvide huset ditt med ein bod, ei terrasse, ein veranda, ein vinterhage eller eit nytt rom? Prøv vegvisaren vår for å finne ut om du kan bygge utan å søkje.
![tilbygg_620.jpg tilbygg_620.jpg](https://www.dibk.no/bygge-eller-endre/sett-opp-tilbygg-uten-a-soke/_/image/ae7bc569-8308-4029-96bd-89447abeb5d7:c6f7197888dd301d5ed70e2e188090c13051b603/width-860/tilbygg_620.jpg)
Vegvisaren hjelp deg med å finne ut av kva som må vere i orden for å kunne bygge utan å søkje.
Ditt ansvar at du byggjer lovleg
Det er ditt ansvar at du byggjer lovlig. Før du startar må du difor:
- sjekke planane og føresegnene for eigedommen
- passe på at du følgjer alle krav til avstander og byggjegrenser
- ikkje byggje større enn det som er tillate på eigedommen
- sjekke at det du vil byggje er unntatt søknadsplikt
- melde frå til kommunen om kva du har bygd
Byggjer du ulovleg kan det bli dyrt og tidkrevjande å rydde opp i ettertid. Les meir om reglane her.
Husk å melde frå til kommunen om kva du har bygd
Har du bygd eit tilbygg eller ei frittliggande bygning? Husk å melde frå til kommunen når du er ferdig å byggje. Dette må du gjere seinast fire veker etter ferdigstilling, slik at kommunen kan oppdatere kart- og matrikkeldata. Bruk skjemaet Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt.