Meld frå til kommunen når bygget er ferdig

Har du sett opp ein garasje, tilbygg eller annan bygning som er friteken frå søknadsplikt, må du gi beskjed til kommunen. Kommunen treng opplysningane for å oppdatere dei digitale karta sine.

Sist endret 20.08.2018

Send ferdig utfylt skjema til kommunen

Du gir beskjed ved å fylle ut skjemaet Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt (klikk på lenka for å opne og fylle ut skjemaet).

Skjemaet skal sendast til kommunen bygget er oppført i.

I ni kommunar kan du registrere bygningen digitalt

Kartverket har utvikla ei digital løysing der informasjon om bygningen kan registrerast. Løysinga heiter Rett i kartet og blir testa ut i ni kommunar.

Kommunane som testar ut denne løysing er Arendal, Bergen, Bærum, Fredrikstad, Nesodden, Oslo, Sandnes, Skedsmo og Sørum.

Bur du i ein av desse, kan du sjølv teste løysinga ved å opne lenka Rett i kartet og klikke i kartet kor bygningen er plassert. Du kan bruke løysinga til å registrere bygninger som er fritekne frå søknadsplikta.