Sett opp tilbygg utan å søke

Finn ut om du kan sette opp tilbygg til huset eller garasjen på inntil 15 kvadratmeter, utan byggeløyve frå kommunen.

Publisert 04.06.2015
tilbygg på 15kvm, fire meter fra nabogrensen
Frå 1. juli 2015 kan fleire få sette opp sykkelbod utan å søke

Har du lyst på tak over inngangspartiet ditt, sykkelen kan få bod, og søpla eige skur. Eller kanskje du ønskjer deg terrasse? Eller vedskjul? Dette er eksempel på kva du kan sette opp utan å søke kommunen.

Husk at tilbygget må følge alle lovar og regler, og at du har ansvaret for at tilbygget ikkje kjem i konflikt med kommunens arealplaner for eigendommen, plan- og bygningslova, veglova eller anna regelverk.

Tilbygg til huset

Tilbygg til huset kan vere på inntil 15 kvadratmeter. Det må stå på bakken, eller være understøtta, og det må være 4 meter frå tilbygget til nabogrensa.

Tilbygg til garasjen

Tilbygg til garasjen din kan vere på inntil 15 kvadratmeter, så lenge det står minst 1 meter frå nabogrensa. Pass på at garasjen og tilbygget til saman ikkje blir større enn 50 kvadratmeter.

Med veivisaren Bygg uten å søke kan du finne ut hva du kan sette opp utan å søke kommunen.

Dette kan du ikkje bruke tilbygget til utan å søke

  • Du kan ikkje sove i eller bu i tilbygget. Det betyr at det ikkje kan innehelde kjøkken, stue, soverom eller våtrom
  • Du kan heller ikkje bruke det til verkstad, kontor eller atelier

Dette må du undersøke før du starter å bygge

  • Finn ut kva du har lov til å bygge på eigedommen. Bestill eit situasjonskart for eigedommen din, og set deg inn i reguleringsplanen for eigedommen
  • Situasjonskart og reguleringsplan kan du få frå kommunen og finst ofte på kommunens nettsider
  • Finn ut kor mykje og kor stort du har lov til å bygge på tomta di. Dette kallast utnyttingsgrad eller grad av utnytting. Bruk vegvisaren Hvor stort kan du bygge.
  • Finn ut om du treng løyve frå andre myndigheiter før du starter bygginga. Sjekk veglova, jernbanelova og anna regelverk slik at du bygg lovleg i forhold til vei, avkjørsel, jernbane og liknande.
  • Slepp du på søke? Snakk likevel med naboen. Sjølv om du ikkje må sende ut nabovarsel, kan det vere smart å informere naboen om bygginga
  • Pass på at du ikkje bygg over vann- og avløpsrør

Når tilbygget er ferdig

Meld frå til kommunen når tilbygget er ferdig, slik at det blir tegna inn i kommunens kartdata.

Det kan du gjere ved å fylle ut skjemaet Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt