Sett opp tilbygg utan å søke

Ønskjer du å utvide huset ditt med ein bod, ei terrasse, ein veranda, ein vinterhage eller eit nytt rom? Prøv vegvisaren vår for å finne ut om du kan bygge utan å søkje.

Sist endret 04.06.2015
tilbygg_620.jpg
Prøv vegvisaren vår og finn ut om du kan sette opp bod, entré, sykkelskur, vedskjul, veranda, vinterhage og trapperom utan å søke.

Vegvisaren hjelp deg med å finne ut av kva som må vere i orden for å kunne bygge utan å søkje.

Prøv vegvisaren her

Ditt ansvar at du byggjer lovleg

Det er ditt ansvar at du byggjer lovlig. Før du startar må du difor:

  • sjekke planane og føresegnene for eigedommen
  • passe på at du følgjer alle krav til avstander og byggjegrenser
  • ikkje byggje større enn det som er tillate på eigedommen
  • sjekke at det du vil byggje er unntatt søknadsplikt
  • melde frå til kommunen om kva du har bygd

Byggjer du ulovleg kan det bli dyrt og tidkrevjande å rydde opp i ettertid. Les meir om reglane her.

Husk å melde frå til kommunen om kva du har bygd

Har du bygd eit tilbygg eller ei frittliggande bygning? Husk å melde frå til kommunen når du er ferdig å byggje. Dette må du gjere seinast fire veker etter ferdigstilling, slik at kommunen kan oppdatere kart- og matrikkeldata. Bruk skjemaet Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt.