Sett opp tilbygg utan å søke

Ønskjer du å utvide huset ditt med ein bod, ei terrasse, ein veranda, ein vinterhage eller eit nytt rom? Prøv vegvisaren vår for å finne ut om du kan bygge utan å nabovarsle og sende byggesøknad til kommunen.

Sist endret 16.08.2018
tilbygg på 15kvm, fire meter fra nabogrensen
Prøv vegvisaren vår og finn ut om du kan sette opp bod, entré, sykkelskur, vedskjul, veranda, vinterhage og trapperom utan å søke.

Vegvisaren hjelp deg med å finne ut av kva som må vere i orden for å kunne bygge utan å søke.

Prøv vegvisaren her

For å sleppe å søke er det mellom anna krav til at:

  • det du bygg må være 15 kvadratmeter eller mindre
  • du ikkje skal sove i eller bu i tilbygget. Det kan til dømes ikkje innehalde kjøkken, stue, soverom, bad eller toalett
  • du kan heller ikkje bruke det til verkstad, kontor eller atelier

Det kan heller ikkje vere avgrensingar for kva du har lov til å gjere på eigendommen din i reguleringsplanen, kommuneplanens arealdel eller i kommunale vedtekter. Her kan det finnes strengere begrensinger på:

  • kva du har lov til å bygge
  • kor du har lov til å bygge
  • kor stort du har lov å bygge 

Slepp du å søke?

Har du tatt vegvisaren og fått resultat at du slepp å nabovarsle og sende byggesøknad til kommunen?

Sjølv om du ikke må sende ut nabovarsel, kan det være lurt å informere naboen om kva du skal bygge, og forklare kvifor du ikkje må nabovarsle

Du må også melde frå til kommunen når bygget er ferdig, slik at det blir teikna inn i kommunens kartdata. Du må bruke skjemaet Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt.

Pass også på

Når du bygg utan å søke, har du ansvaret for at bygninga er lovleg oppført. Bygninga kan ikkje komme i konflikt med reguleringsplan, arealdelen i kommuneplanen eller kommunale vedtekter. Du må også passe på at du har innhenta alle relevante dispensasjonar og tillatelser, til dømes for bygging nærheita av veg.