Byggjer naboen din utan at du har blitt varsla?
Naboen din treng ikkje varsle deg om innvendige fysiske arbeider eller når byggjearbeidet i liten grad berører dine interesser.
Naboen kan òg sleppe å varsle deg viss det er stor avstand til eigedommen din, eller viss naboen skal setje opp ein mindre bygning som du ikkje kan sjå frå eigedommen din. Naboen treng heller ikkje å nabovarsle viss noko er friteke frå søknadsplikt.
Desse må naboen varsle
- Alle eigarar og festarar av nabo- og gjenbuareigedommar. Naboeigedom er dei som grensar til eigedommen din. Gjenbuareigedom er eigedommar som ikkje grensar direkte til eigedommen din, men er skild med veg, gate, elv eller anna areal
- Er det fleire eigarar eller festarar av same eigedom, må naboen varsle alle kvar for seg. Naboen må varsle sjølv om eigedommen din ikkje er utbygd. Naboen treng ikkje varsle leigetakarar eller leigebuarar.
- Bur du i eit sameige eller burettslag med eit styre? Naboen må varsle styret, men treng ikkje varsle dykk som bur i sameiget eller burettslaget.
- Gjeld søknaden riving, må naboen òg varsle dei som har pengehefte i eigedommen
Kommunane kan krevje at fleire enn desse får nabovarsel.
Dette må naboen alltid varsle om
Naboen må alltid varsle om bygging eller rivning av:
- bygningar eller tilbygg der nokon skal bu eller overnatte
- garasjar, buer og andre bygningar over 50 kvadratmeter
- tilbygg over 15 kvadratmeter
- påbygg uansett storleik
Naboen må òg varsle viss bygging, rivning eller endring er i strid med kommunale planar som reguleringsplan eller kommuneplan.
Er noko unnateke søknadsplikt, får du ikkje varsel. Du kan få hjelp til å finne ut kva som er friteke frå søknadsplikt her.
Er du framleis usikker på om naboen din burde ha varsla deg, må du spørje kommunen din.
Dette gjer du viss naboen burde ha varsla deg
Viss naboen skulle ha varsla deg, start med å fortelje naboen at han eller ho kanskje har vore litt for rask på avtrekkjaren. Då får naboen høve til å rette opp feilen og sende deg eit nabovarsel.
Hjelpar ikkje det, kan du gi beskjed til kommunen om at du ikkje har fått nabovarsel. Det er best viss du gjer det skriftleg, og gjerne med ein kopi til naboen.
Du kan gi beskjeden anonymt, men ver klar over at naboen din vil få sjå det du sender inn, og at dokumentet blir registrert i postlista i kommunen.