Avslutta tilsyn med takstolar

På tampen av 2018 avslutta Direktoratet for byggkvalitet eit tilsyn med takstolar. Det vart ikkje funne nokon avvik hos produsentane vi har fått dokumentasjon frå.

Sist endret 17.01.2019
Takstoler.jpg
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Bakgrunnen for tilsynet var ei bekymringsmelding om takstolar utan CE-merke. Opplysninga direktoratet fekk, var at takstolar vart levert utan CE-merking og at ein kunde fekk tilbod om at takstolane kunne merkast i etterkant av leveransen.

Bad om naudsynt dokumentasjon

Direktoratet sende brev til alle kjende norske produsentar av takstolar, til saman 47 produksjonsstadar, der vi bad om naudsynt dokumentasjon på takstolane dei produserer. I tillegg oppfordra vi produsentane til å gje oss informasjon om eventuelle øvrige produsentar/distributørar av takstolar. Dette resulterte i at vi fekk kjennskap til ytterlegare tre føretak, som vi òg sende brev til med anmodning om å senda inn naudsynt dokumentasjon. To av desse føretaka har dokumentert innkjøp frå andre norske produsentar, medan eitt føretak baserer verksemda si på leveranse frå utlandet.

Nesten alle føretaka leverte bilete av CE-merke på takstolane, og dessutan kopi av ytelseserklæring og rutinar for påføring av CE-merke.

Føretaka følgjer forskriftskrava

Det viser seg at dei ulike CE-merka på takstolane har noko ulik utforming, nokon gjev meir informasjon på sjølve CE-merket enn andre. Men alle CE-merka er riktige. Dei viser til standarden og teknisk kontrollorgan, og har riktig tilvising til ytelseserklæringa. Ytelseserklæringane er stort sett identisk utforma. Rutinane som er skildra, er for dei fleste vist som utdrag av kvalitetshandboka. Rutinane viser òg kva for dokument som følgjer med og korleis dei vert overlevert på byggeplassen. Det er forresten to tekniske kontrollorgan som vert nytta på den norske marknaden.

Det er ikkje funne avvik i den dokumentasjonen vi har motteke frå produsentane. Konklusjonen vår er difor at føretaka gjev naudsynt informasjon og følgjer forskriftskrava som skal bidra til å sikre god kvalitet i byggverk.

Ventar på svar frå fire verksemder

Vi bad om dokumentasjon frå totalt 50 produsentar/distributørar av takstolar. Ved utgangen av 2018 var det enno fire produksjonsstadar vi mangla tilstrekkeleg med informasjon frå, anten fordi produsentane ikkje hadde gjeve oss dokumentasjon eller fordi det var nokon mindre, uavklarte spørsmål.

Vi har likevel valt å avslutte tilsynskampanjen, men vil følgje opp dei fire produksjonsstadane vi ventar svar frå.