Brukarstøtte for kommune

For å kunne bruke Nireg må kommunen sjølv opprette ein tilgang med brukarnamn og passord.

Sist endret 28.09.2012
RulletrappNærbilde2000469Hovedbilde.jpg
Foto: Colourbox

Etter at kommunen har registrert seg vil passord bli sendt automatisk til e-postadressa som er oppgitt. Innlogging gjerast med tilsendt passord og brukarnamn.

Brukarnamn

For kommunen må brukarnamnet vere kommunenummeret. Ein kan berre registrere eitt passord per kommunenummer, derfor bør e-postadressa som blir registrert for mottak av passord og informasjon, vere tilgjengeleg for fleire i selskapet.

Kommune med lokal bygningsmyndigheit

Kommunen får tilgang til alle bygningane til kommunen i Nireg. Kommunen registrerer ingen informasjon i registeret, men har tilgang til alle installerte løfteinnretningar i kommunen. Som den lokale bygningsmyndigheita kan kommunen blant anna sjå når eigaren utførte siste periodiske sikkerheitskontroll, og ved hjelp av lister/rapportar følgje opp eigarar som ikkje har fått utført periodisk sikkerheitskontroll i løpet av tidsfristen lova pålegg (innan 26 månader etter installasjon eller førre kontroll).

Korleis verkar Nireg?

I Nireg navigerer du fram og tilbake i registeret ved hjelp av ein meny. Du får opp tabellar med informasjon om type løfteinnretning, installasjonsår, installatør, nøyaktig adresse, bygningsnummer og ombyggingsinformasjon. Ei registrering skal vise kven som har utført sikkerheitskontrollen og dato for siste kontroll.

Informasjonen er hierarkisk oppbygd slik at brukaren av registeret får opp bygningane først, med tilhøyrande løfteinnretningar og sist utførte sikkerheitskontroll av løfteinnretninga. Ein kan skrive ut all registrert informasjon om løfteinnretningane i kommunen.

Kommunen si meldeplikt ved ulukker og hendingar

Det er eigaren som straks skal melde ulukker og hendingar til kommunen og sikkerheitskontrollorgan. Kommunen eller sikkerheitskontrollorganet skal deretter rapportere inn ulukker og hendingar til NIREG ifølgje byggteknisk forskrift § 16-1, d.

Melding om ulukke eller hending skal sendast til sikkerheitskontrollfirma eller til [email protected]

Ingen informasjon kan hentast ut frå Nireg av andre enn dei som har autorisert tilgang.

Teknisk brukerstøtte eller spørsmål?

Send ein e-post til [email protected] eller ring telefon 918 70 919.