Brukarstøtte for SKO/TKO

For å få tilgang til Nireg må selskapet sjølv opprette tilgang med brukarnamn og passord.

Sist endret 28.09.2012
HeisknapperHånd1785486Hovedbilde.jpg
Foto: Colourbox

Etter at SKO/TKO har registrert seg, vil passord bli sendt automatisk til e-postadressa som er oppgitt. Selskapet loggar seg inn med tilsendt passord og brukarnamn.

Brukarnamn

For SKO/TKO må brukarnamnet vere organisasjonsnummeret. Ein kan berre registrere eitt passord per organisasjonsnummer, derfor bør e-postadressa som blir registrert for mottak av passord og informasjon, vere tilgjengeleg for fleire i selskapet.

Korleis verkar Nireg?

I Nireg fyller du inn informasjon om løfteinnretninga felt for felt. Du kan navigere fram og tilbake i registeret ved hjelp av ein meny. Du får opp tabellar der du skal fylle ut informasjon om type løfteinnretning, installasjonsår, installatør, nøyaktig adresse, bygningsnummer og ombyggingsinformasjon. Du skal fylle ut kven som har sikkerheitskontrollen og dato for siste kontroll. Vidare skal du registrere eit servicefirma.

Informasjonen er hierarkisk oppbygd slik at brukaren av registeret får opp bygningane først, med tilhøyrande løfteinnretningar og sist utførte sikkerheitskontroll av løfteinnretninga. Ein kan skrive ut all registrert informasjon om løfteinnretningane selskapet har tilgang til, som registrert SKO/TKO.

Registrering av ny løfteinnretning

  • Bruk søkjefeltet for å finne bygningen der løfteinnretninga skal registrerast.
  • Har du bygningsnummer, skriv du det inn i søkefeltet. Viss ikkje, skriv du inn adressa.
  • Klikk deretter på lenkja Legg til løfteinnretning på sida for Bygningsinformasjon.

Installatør/leverandør av løfteinnretning

Det er eigaren si plikt å sørgje for at løfteinnretninga er registrert i Nireg ifølgje TEK § 16-6. I praksis vil det likevel vere installatøren/leverandøren av løfteinnretninga som registrerer løfteinnretninga i registeret. Installatør/leverandør skal ikkje leggje inn dokument i registeret.

Teknisk kontrollorgan (TKO)

Når løfteinnretninga er registrert, kan leverandøren bestille samsvarskontroll hos eit godkjent teknisk kontrollorgan (TKO). TKO utfører då samsvarskontrollen og registrerer når kontrollen er utført, kva for teknisk kontrollorgan (TKO) og type kontroll i registeret. TKO kan også førstegongsregistrere løfteinnretningar.

Sikkerheitskontrollorgan (SKO)

Godkjent sikkerheitskontrollorgan (SKO) med godkjent sikkerheitskontrollør utfører lovpålagt periodisk sikkerheitskontroll og registrerer når kontrollen er utført, kven som har kontrollert (sikkerheitskontrollør), sikkerheitskontrollorgan (SKO) og type kontroll i registeret. Eigaren har tilgang til informasjonen og rapporten til sikkerheitskontrollen, slik at eigaren veit når neste kontroll skal utførast.

Direktoratet for byggkvalitet som sentral bygningsmyndigheit og kommunen som den lokale bygningsmyndigheita, har også tilgang til same type informasjon som eigaren av bygningen med løfteinnretninga(ne).

Selskapets meldeplikt ved ulykker og hendelser

SKO skal registrere ei ulukke/nestenulukke med løfteinnretninga i Nireg sitt ulukkesregister i tråd med byggteknisk forskrift § 16-1, d.

Teknisk brukerstøtte og spørsmål?

Send ein e-post til [email protected] eller ring telefon 918 70 919.