Brukarstøtte for eigar

For å få tilgang til Nireg må eigaren sjølv opprette tilgang med brukarnamn og passord.

Sist endret 28.09.2012
Rullefortau2709879Hovedbilde.jpg
Colourbox

Etter at eigaren har registrert seg, vil passord bli sendt automatisk til e-postadressa som er oppgitt. Eigaren loggar seg inn med tilsendt passord og brukarnamn.

Brukarnamn og innlogging

For eigarar av bygningar med heis/løfteinnretningar må brukarnamnet vere det same som organisasjonsnummeret til eininga som står som heimelhavar i Matrikkelen.

For sameigar, burettslag o.l. må brukarnamnet vere det same som organisasjonsnummeret som er registrert i Enhetsregisteret for sameiet/borettslaget.

Korleis verkar Nireg?

I Nireg fyller du inn informasjon om løfteinnretninga felt for felt. Du kan navigere fram og tilbake i registeret ved hjelp av ein meny. Du får opp tabellar der du skal fylle ut informasjon om type løfteinnretning, installasjonsår, installatør (leverandør), nøyaktig adresse, bygningsnummer, ombyggingsinformasjon og fabrikasjonsnummer. Du skal fylle ut kven som har sikkerheitskontrollen og dato for siste kontroll. Alle løfteinnretningar får eit unikt nummer (Nino).

Informasjonen er hierarkisk oppbygd slik at brukaren av registeret får opp bygningane først, med tilhøyrande løfteinnretningar og sist utførte sikkerheitskontroll av løfteinnretninga. Du kan skrive ut all registrert informasjon om løfteinnretninga di.

Registrering av ny løfteinnretning

  • Bruk søkjefeltet for å finne bygningen der løfteinnretninga skal registrerast.
  • Har du bygningsnummer, skriv du det inn i søkefeltet. Viss ikkje, skriv du inn adressa.
  • Klikk deretter på lenkja Legg til løfteinnretning på sida for Bygningsinformasjon.

Registreringstypar

Det er mogleg å registrere ei ny løfteinnretning, då det er eigaren si plikt å sørgje for at løfteinnretninga er registrert i Nireg ifølgje TEK10 § 16-6. Eigaren av løfteinnretninga skal melde installasjonen til kommunen og organet som fører registeret.

Det er også lagt til rette for at eigaren kan registrere ei ulukke/nestenulukke med løfteinnretninga, ettersom det er eigaren som straks skal melde ulukker og hendingar til kommunen og sikkerheitskontrollorgan. Sikkerheitskontrollorgan skal rapportere inn ulukker og hendingar til NIREG ifølgje byggteknisk forskrift § 16-1, d.

Ingen informasjon kan hentast ut frå systemet av andre enn dei som har autorisert tilgang.


Teknisk brukerstøtte eller spørsmål?

Send ein e-post til [email protected] eller ring telefon 918 70 919.