Registrerings- og meldeplikt

Eigarar av løfteinnretningar er ansvarlege for å melde inn installering, ulukker og hendingar til Nireg.

Sist endret 15.12.2025

Ein kan overlate ansvaret for registrering til andre etter fullmakt frå eigaren.

I tråd med byggteknisk forskrift (TEK17) § 16-6 pliktar eigaren å registrere alle installasjonar i Nireg – både eksisterande som blir endra, og nye.

Eigarens registreringsplikt kan også bli utført av andre, til dømes installatør, teknisk kontrollorgan og sikkerheitskontrollorgan.

Allereie registrerte installasjonar

Løfteinnretningar som allereie er registrerte og kontrollerte av teknisk kontrollorgan ved oppstart av registeret, vil allereie stå oppført i Nireg.

Melding om eigarskifte eller avvikling

Ved skifte av eigar og når installasjonen blir permanent teken ut av drift, skal eigar eller forvaltar melde dette til kommunen ifølgje byggteknisk forskrift § 16-1 bokstav g. Eigarskiftet blir registrert i Matrikkelen. Sidan registeret hentar informasjon frå Matrikkelen, vil det ikkje vere nødvendig å melde eigarskiftet til Nireg når eigarskiftet blir meldt til kommunen.

Ved endringar i bygg som er eigde av sameigar, burettslag o.l., vil eigar av seksjonen ikkje påverke eigarforholdet til grunneigedommen. Sameiget eller burettslaget vil stå som eigar av grunneigedommen, uavhengig av skifte av sameiget sine eigarseksjonar. Styreleiar er ansvarleg for ajourføring av Nireg.

Ved skifte av eigar og når installasjonen blir permanent teken ut av drift, skal eigaren melde dette til kommunen og nasjonalt installasjonsregister. Når installasjonen blir stengt, vil anlegget kome fram i rapporten til kommunen og direktoratet som "Stengt anlegg".

Generell meldeplikt

Eigar har plikt til å sørgje for at løfteinnretninga er registret ifølgje byggteknisk forskrift § 16-6. Plikta kan bli utført av andre aktørar, som leverandørar, installatørar, servicefirma, eigedomsforvaltarar, periodiske sikkerheitskontrollørar og tekniske kontrollorgan.

Løfteinnretninga skal registrerast her.