Per-Arne Horne ny direktør i Direktoratet for byggkvalitet

Per-Arne Horne er i dag tilsett av Kongen i statsråd som ny direktør for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK).

Sist endret 15.06.2018

Per-Arne Horne er i dag tilsett av Kongen i statsråd som ny direktør for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Han er tilsett for ein åremålsperiode på seks år.

– Horne har ein svært relevant kompetanse og lang erfaring som leiar, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i ei pressemelding.

Per-Arne Horne har sidan 1987 jobba i ulike stillingar i Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune. I dag fungerer han som leiar for avdelinga for byggjeprosjekt i same etat.

Horne startar 1. oktober og tek over etter Morten Lie, som har vore direktør for Direktoratet for byggkvalitet frå 2009.

Bilde av Per-Arne Horne