ZEB-laboratoriet i Trondheim tildelt Statens pris for byggkvalitet

Årets vinnar utviklar løysingar som kan hjelpe oss med det grøne skiftet.

Sist endret 18.10.2022
Bildeavvinnerstatsråd

Berit Time, SINTEF, Siri Hunnes Blakstad, SINTEF, Einar Bergheim, SINTEF, Arild Gustavsen, NTNU, Cecilie Schei, LINK Arkitektur, Trygve Karlsen, Veidekke, Tore Kvande, NTNU, Gunnar Næss, LINK Arkitektur, Bård Folke Fredriksen, juryleder, Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, Ingrid Almli, Veidekke

 

ZebBygg

ZEB-laboratoriet i Trodnheim er en av tre finalister i Statens pris for byggkvalitet 2022. Foto: M. C. Herzog_Visualis images

zebmørket

ZEB-laboratoriet i Trodnheim er en av tre finalister i Statens pris for byggkvalitet 2022. Foto: M. C. Herzog_Visualis images

For femte gong har Kommunal- og distriktsdepartementet delt ut Statens pris for byggkvalitet. Prisen skal løfte fram nye førebilete som har framifrå byggkvalitet og er eit resultat av gode og innovative byggeprosessar.

- ZEB-laboratoriet er eit unikt kunnskapssenter for berekraftig bygging som viser korleis vi kan tilpasse oss klimaendringane, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Han delte i dag ut prisen til laboratoriet som både er ein arbeidsplass for forskarar og eit bygg som eksperimenterer med klimavennlege løysingar.

– Den nye normalen er at veret er meir ekstremt. Det betyr at bygg og uteareal må tole større påkjenningar enn før. Klimatilpassing handlar om kor og korleis vi utformar bygg og uteareal. Da treng vi nettopp dei gode eksempla, som vi må dele med kvarandre, seier Gjelsvik.

Klimatilpassing er tema for årets pris

Bak vinnarprosjektet står byggherrane NTNU og SINTEF og Link arkitektur. ZEB-laboratoriet er eit nullutsleppsbygg som er designa og konstruert for å nå berekraftsmåla.

Klimatilpassing er ein viktig del av dei innovative og berekraftige løysingane. Byggverket er eit levande forskingsbygg, der materialar og løysingar blir utvikla og testa, samtidig som huset er i full drift som kontor- og undervisningslokale.

Hovudtema for årets pris er klimatilpassing, og fagjuryen er begeistra for vinnaren. Juryleiar Bård Folke Fredriksen, meiner ZEB-laboratoriet er eit spennande og innovativt førebilete for korleis vi kan byggje i framtida.

– Bygget formidlar ny kunnskap til byggsektoren og forskingsmiljø, både nasjonalt og internasjonalt. Her testar ein løysingar på eit byggverk som er i bruk og med sine erfaringar og forskingsdata vil det kunne gje godt grunnlag for framtidige byggverk og regelverk, seier Fredriksen.

Førebilete for framtidig byggeri

NTNU og SINTEF ønskte å prøve ut innovative materialar og løysingar for å nå målet om nullutslepp. Kontrakten med LINK Arkitektur og Veidekke la til rette for eit tett samarbeid, fleksibilitet og der utfordringane blei løyst i fellesskap. Byggherrane sjølv satt på mykje forskingskompetanse som blei brukt aktivt i byggeprosessen.  

– Når ambisiøse byggherrar deltar aktivt i byggeprosessen ser vi ofte at det ender med nye og spennande løysingar. I dette høvet har det gode samspelet bidratt til å utvikle fleire innovative løysingar for energi og bygg. ZEB-laboratoriet eit førebilete for heile næringa, avsluttar Gjelsvik.

Heidrande omtale

Den andre finalisten, gateopprustingen av Thorvald Meyers gate i Oslo, mottok heidrande omtale.

Fagjuryen for Statens pris for byggkvalitet 2022–2025 

  • Bård Folke Fredriksen, administrerande direktør i NBBL, juryleiar (Oslo)
  • Camilla D. Gressnes, prosess- og kvalitetssjef i COWI AS (Stjørdal)
  • Leif Tore Hanssen, divisjonsdirektør i Oslobygg KF (Tromsø)
  • Jennifer Lamson, energi- og miljørådgivar i Höegh Eiendom AS (Oslo)
  • Hildegunn Senneseth, senior interiørarkitekt i Henning Larsen (Bergen)
  • Cecilie Bjerke Skjømming, regionleiar arkitektur i Asplan Viak (Kristiansand)
  • Martin Steinbekken, leiar for areal- og byutvikling i Kongsvinger kommune (Kongsvinger)

Fakta

ZEB-laboratoriet i Trondheim er eit nullutsleppsbygg, som vektlegg klimatilpassing. Her driv ein med utvikling, undersøking, testing og demonstrasjon av innovative materialar og løysingar i gjensidig interaksjon med menneskjer.

Byggherre: NTNU og SINTEF
Arkitekt: LINK Arkitektur
Landskapsarkitekt: LINK Arkitektur
Interiørarkitekt: LINK Arkitektur
Entreprenør: Veidekke ASA

Rådgivarar: Multiconsult og Aas Jakobsen AS