Retningsliner og andre regelverk

Omsetning og dokumentasjon av heisar og sikkerheitskomponentar av heis er regulert i eiga forskrift, men det finst også andre retningsliner på heisområdet.

Sist endret 19.04.2016
En heis
Omsetning og dokumentasjon av heis er regulert av både norsk og europeisk regelverk, behandlet i standarder og andre retningslinjer.

Europeisk regelverk og rettleiing

Direktiv 2014/33/EU om harmonisering av lovgivinga til medlemsstatane om heis og sikkerheitskomponentar for heis (heisdirektivet) vart vedteke 26. februar 2014. Direktivet erstattar direktiv 95/16/EF om heis og sikkerheitskomponentar for heis. Det nye direktivet er ei omarbeiding og ei utviding av det tidlegare direktivet. Omarbeidinga og utvidingane er primært ei følgje av at EU i større grad ønskte å straumlineforme eit harmonisert regelverk på ei rekkje vareområde ved at sentrale omgrep og framgangsmåtar blir definerte på same måte i ulike rettsakter.

Guide to application of the Lifts Directive 2014/33/EU gir att teksten til direktivet og inkluderer kommentarar til kvart enkelt vedtak til direktivet. Føremålet med guiden er å bidra til ei einsarta forståing av direktivet, men det er berre vedtaka til direktivet som er rettsleg bindande. Guiden er laga av den europeiske kommisjonen i samarbeid med marknadstilsynsmyndigheitene, helseindustrien, standardiseringsorgan og tekniske kontrollorgan. Dei fleste av kommentarane i guiden tar opp spørsmål knytte til problemstillingar som er spesielle for heisdirektivet. Rettleiing til dei generelle prinsippa og metodane som ligg til grunn for direktivet, er skildra i The "Blue Guide" on the implementation of EU product rules.

  • Guiden til heisdirektivet av 2014

Den første versjonen av Blue Guide vart publisert i 2000 og har blitt kontinuerleg oppdatert i tråd med regelendringane. Guiden skal bidra til ei betre forståing av produktreglane i EU/EØS-området og til ein samanhengande bruk av regelverket på tvers av dei ulike fagområda og direktiva i den indre marknaden. Som guiden til heisdirektivet er heller ikkje dette dokumentet rettsleg bindande.

Blir erstatta av direktiv 2014/33/EU. Heisdirektivet frå 1995 fastset m.a. viktige sikkerheitskrav som gjeld for heis, og angir metodane for samsvarsvurdering, samsvarserklæring og CE-merking av heisar. Produkt som tilfredsstiller krava i dette direktivet, skal fritt kunne marknadsførast og brukast i EØS-landa når dei er CE-merkte og lagde ved ei samsvarserklæring i høve til vedlegg II av direktivet.

Guide to application of the Lifts Directive 95/16/EC gir att teksten til direktivet og inkluderer kommentarar til kvart enkelt vedtak til direktivet. Guiden til det nye direktivet er i stor grad basert på denne guiden, då mange av temaa er dei same.

Standardisering på heisområdet

Dei grunnleggjande krava til helse og sikkerheit er fastsette i sjølve heisdirektivet, medan den tekniske reguleringa skjer gjennom harmoniserte standardar som er utarbeidde på bakgrunn av krava som er slått fast i direktivet. Ein heis som er i samsvar med ein harmonisert standard, blir også akseptert som å tilfredsstille dei grunnleggjande krava i direktivet. På heisområdet finst det fleire standardar:

NS-EN 81-1 og 81-2 (blir erstatta av NS-EN 81-20 og 81-50): Standardane gir sikkerheitsreglar for konstruksjon og installasjon av heisar. Frå og med 1. september 2017 går overgangsperioden for desse standardane ut, og det vil berre vere mogleg å ta i bruk dei nye standardane NS-EN 81:20 og 81:50. Desse standardane vart publiserte i 2014 og gir også sikkerheitsreglar for konstruksjon og installasjon av heisar.

Andre retningsliner og regelverk på heisområdet

Dei tekniske kontrollorgana lagar i visse tilfelle dokument (RFU-ar) der dei gir avtalte svar på tema som har blitt diskutert i den europeiske gruppa for tekniske kontrollorgan på heisområdet (Notified Bodies Lift). Desse dokumenta blir dermed sende til Lifts Working Group for tilslutning, og dersom dokumentet får tilslutning, blir det publisert på nettsidene til kommisjonen.

Heisar er i all hovudsak regulert gjennom heisdirektivet, og ikkje av det meir overordna og vidtfamnande Maskindirektivet (direktiv 2006/42/EF). Det er likevel vist til maskindirektivet i vedlegg 1 pkt. 1.1. i heisdirektivet. I dei tilfella ein relevant risiko ikkje blir omhandla i dei grunnleggjande krava til helse og sikkerheit i heisdirektivet, vil dei grunnleggjande krava til helse og sikkerheit i maskindirektivet gjelde.

Direktivet stiller i utgangspunktet berre krav til løfteinnretningar som produkt. Det er ikkje etablert eit harmonisert regelverk knytt til kva krav som kan stillast til byggverket. I TEK 10 kap. 15 står dei byggtekniske krava til løfteinnretningar. Eit eksempel på krav til byggverket er at det skal vere tilfredsstillande ventilasjon i heissjakta. Eit slikt krav er eit teknisk krav til utforminga av bygningen som ikkje vil påverke omsetninga av løfteinnretningane.

Direktivet dekkjer berre produksjon og installasjon av løfteinnretningar, medan medlemslanda har moglegheit til å lage nasjonale reglar om korleis ein skal drifte løfteinnretningane. I TEK 10 kap. 16 står krava om sikkerheit i driftsperioden og krav til sikkerheitskontrollørane av løfteinnretningane.