Registrerings- og meldeplikt

Eigarar av løfteinnretningar er ansvarlege for å melde inn installering, ulukker og hendingar til Nireg.

Sist endret 28.09.2012
Colourbox

Ein kan overlate ansvaret for registrering til andre etter fullmakt frå eigaren.

I tråd med TEK pliktar eigaren å registrere alle installasjonar i Nireg – både eksisterande som blir endra, og nye. Installatør, teknisk kontrollorgan og sikkerheitskontrollorgan har også tilgang til å registrere installasjonar.

Allereie registrerte installasjonar

Løfteinnretningar som allereie er registrerte og kontrollerte av teknisk kontrollorgan ved oppstart av registeret, vil allereie stå oppført i Nireg.

Melding om eigarskifte eller avvikling

Ved skifte av eigar og når installasjonen blir permanent teken ut av drift, skal eigar eller forvaltar melde dette til kommunen ifølgje byggteknisk forskrift § 16-1 bokstav g. Eigarskiftet blir registrert i Matrikkelen. Sidan registeret hentar informasjon frå Matrikkelen, vil det ikkje vere nødvendig å melde eigarskiftet til Nireg når eigarskiftet blir meldt til kommunen.

Ved endringar i bygg som er eigde av sameigar, burettslag o.l., vil eigar av seksjonen ikkje påverke eigarforholdet til grunneigedommen. Sameiget eller burettslaget vil stå som eigar av grunneigedommen, uavhengig av skifte av sameiget sine eigarseksjonar. Styreleiar er ansvarleg for ajourføring av Nireg.

Ved skifte av eigar og når installasjonen blir permanent teken ut av drift, skal eigaren melde dette til kommunen og nasjonalt installasjonsregister. Når installasjonen blir stengt, vil anlegget kome fram i rapporten til kommunen og direktoratet som "Stengt anlegg".

Melding ved ulukke eller hending

Eigaren skal straks melde ulukker og hendingar til kommunen og sikkerheitskontrollorgan. Sikkerheitskontrollorgan skal rapportere inn ulukker og hendingar til nasjonalt installasjonsregister ifølgje § 16-1 bokstav d i byggteknisk forskrift.

Generell meldeplikt

Ein føreset at andre aktørar, som leverandørar, installatørar, servicefirma, kommunar, eigedomsforvaltarar, periodiske sikkerheitskontrollørar, tekniske kontrollorgan osb., sørgjer for at løfteinnretninga er registrert ved å sende inn melding til Nireg. Melding skal sendast til niregsupport@dibk.no eller via Nireg dersom ein allereie har tilgang.