Sprinklaranlegg tilstrekkeleg som sløkkeanlegg

I ny byggteknisk forskrift, TEK17, blir sprinklaranlegg angitt som ei førehandsakseptert yting for bygningar der ein stiller krav om automatisk brannsløkkeanlegg.

Sist endret 29.06.2017

Endringa inneber ei presisering om at sprinklaranlegg er tilstrekkeleg for å oppfylle kravet i forskrifta om automatisk sløkkeanlegg.

TEK17 vidarefører kravet om at det skal installerast automatisk brannsløkkeanlegg i bustadbygningar der det er krav om heis, og i bygningar i risikoklasse 6 som omfattar blant anna sjukehus, sjukeheimar og hotell.

Sprinklaranlegget som skal oppfylle kravet om brannsløkkeanlegg, må vere prosjektert og utført i samsvar med angitte standardar. Sjå detaljar i faktaboksen til høgre.

Bakgrunnen for endringa er at det er behov for å gi ei einsarta framstilling av kva type sløkkeanlegg som er førehandsakseptert. For sprinklaranlegg finst det ein omfattande dokumentasjon og lang erfaring med bruk.

Alternative løysingar

Det blir også opna opp for nytting av andre typar brannsløkkeanlegg. Dette føreset at det finst dokumentasjon for at det alternative brannsløkkeanlegget vil gi minst likeverdig vern og pålitelegheit som sprinklaranlegg. Samtidig må ein dokumentere at sløkkemiddelet som blir brukt, ikkje kan medføre fare for liv og helse.

Sprinklaranlegg kan kompensere for reduserte ytingar

Sprinklaranlegg er også angitt som ei akseptabel løysing der automatisk sløkkeanlegg er eit kompenserande tiltak for reduserte ytingar. Dette gjeld paragrafane 11-4, 11-7, 11-8, 11-10, 11-14 og 11-17.

I bygningar der ein installerer eit automatisk sprinklaranlegg, gir rettleiinga til TEK17 følgjande nye moglegheiter for å redusere dei førehandsaksepterte ytingane:

  • Redusert brannmotstand for vindauge mot utvendig rømmingsveg. Vindauge mot utvendig rømmingsveg må ha brannmotstand minst EW 30 i brannklasse 1, og EW 60 i brannklasse 2 og 3.
  • Angrepsveg for brannvesenet kan vere samanfallande med rømmingsvegar som berre betener parkeringskjellar

Regelverk ny farge Rettleiing til forskrifta