Ansvar
Ansvar for dei ulike oppgåvene som er knytt til avfallshandtering og miljøsanering går fram av SAK10 kapittel 12. Kjennskap til ansvarsfordelinga står sentralt for å kunne føre tilsyn med rett føretak.
-
Ansvarleg søkjar skal sjå til at det blir utarbeidd avfallsplan, miljøsaneringsutgreiing, sluttrapport for avfallshandtering og henta inn dokumentasjon for faktisk disponering av avfall.
-
Ansvarleg prosjekterande har ansvar for at det blir utarbeidd naudsynt prosjektering som grunnlag for avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing. Dette vil blant anna innebere miljøkartlegging for å identifisere byggavfall klassifisert som farleg avfall.
-
Ansvarleg utførande har ansvar for å bidra til og følgje opp avfallsplan, gjennomføre miljøsanering som forklart i miljøsaneringsutgreiinga, innhente og ta vare på dokumentasjon for faktisk disponering av avfallet og utarbeide sluttrapport for avfallshandtering.
Lovverket definerer ikkje eintydig kven som skal utarbeide avfallsplanen. Dette vil altså kunne takast hand om både av prosjekterande og utførande, til dømes avhengig av storleiken på tiltaket, kompleksiteten og organiseringa. Sjølve ansvaret for utarbeiding av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vil som regel ligge til ansvarleg prosjekterande i byggesaka, men det kan også ligge innafor oppgåvene til den som er ansvarleg utførande, for eksempel i mindre tiltak som oppføring av småhus.