Avfallsreglar i plan- og bygningslova

Tilsyn

Tilsyn på byggeplass

Det er viktig at kommunen sett av tid og ressursar til tilsyn på byggeplassen. Tilsyn på byggeplassen er særleg relevant på avfallsområdet fordi det i motsetnad til andre område i plan- og bygnadsloven ikkje er mogleg å føre tilsyn med tiltaket etter at arbeidet er avslutta. Tilsyn med at avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vert følgt, må derfor gjerast under pågåande arbeid på byggeplassen.

Relevante sjekkpunkt på byggeplassen kan vere at det finst godt merka containerar for dei avfallsfraksjonane som ein reknar med vert utsorterte i avfallsplanen. Det må finnast fungerande rutinar for oppsamling, lagring og levering til godkjent mottak for farleg avfall. Ved riving og rehabilitering må bygnadsdelar, komponentar og installasjonar som er farlege, vere merka og i tråd med utarbeidd miljøsaneringsutgreiing før sjølve miljøsaneringa startar. Det bør også vere rutinar for å avdekkje farleg avfall som først kan oppdagast under miljøsaneringa eller etter at miljøsaneringa er ferdig.

Tabell 2: Relevante kontrollspørsmål ved tilsyn på byggeplassen

KontrollspørsmålKommentarAnsvar

Er det samsvar mellom avfallsplan og containerar eller andre sorteringsløysingar og sortering på byggeplassen?

Det skal gå fram av avfallsplanen kva for avfallsfraksjonar som er planlagt sortert. Det må vere containerar eller andre sorteringsløysingar på byggeplass for dei fraksjonane som skal sorterast. Minimum 60 vektprosent av avfallet skal sorterast i ulike avfallsfraksjonar.

Utførande

Er containerane eller andre sorteringsløysingar godt nok merka og sorteringa på byggeplassen tilfredsstillande?

Containerane eller andre sorteringsløysingar på byggeplassen bør vere merka slik at det er godt synleg kva for avfallsfraksjonar som skal i kva for containerar. Det kan vere lurt å kikke opp i containerane for å kontrollere at fraksjonane er sortert slik dei skal, det vil seie at fraksjonane er reine.

Utførande

Fungerer rutinar for innsamling, oppbevaring og levering av farleg avfall?

Det må vere klare rutinar for innsamling, oppbevaring og levering av farleg avfall, slik at dette ikkje vert blanda saman med andre avfallsfraksjonar. På byggeplassen må det vere eit fungerande system for oppsamling, lagring og levering av farleg avfall til godkjent mottak. Det må finnast rutinar for og kunnskap om bruk av deklarasjonsskjema for farleg avfall og skjema for basiskarakterisering av avfall til deponi.

Utførande

Er farleg avfall i bygnader som skal rivast eller rehabiliterast godt merka og i tråd med utarbeidd miljøsaneringsutgreiing?

Farleg avfall som oppstår ved gjennomføring av tiltaket, skal kartleggjast og gå fram av miljøsaneringsutgreiinga. På bakgrunn av miljøsaneringsutgreiinga må farleg avfall i bygnader som skal rivast eller rehabiliterast, verte merka slik at det er klart kva for bygnadsdelar, komponentar og installasjonar som er klassifiserte som farleg avfall, jamfør avfallsforskrifta, når arbeidet på byggeplassen startar.

Utførande