Under finn du eksempel på fraksjonar som vanlegvis er klassifiserte som farleg avfall, og som kommunen bør vere ekstra merksam på ved tilsyn.
BYGGAVFALL SOM KAN INNEHOLDE MILJØGIFTER |
---|
Isolerglasruter- Norskproduserte isolerglasruter (1965-1975) og importerte isolerglasruter (-1980) inneheld PCB. Slike ruter er omfatta av ei returordning.
- Lim for vindauge og gummilister i isolerglasruter kan innehalde kort- og mellomkjeda klorparafinar. Truleg blei klorparafinar mest brukt til midten av 1980-tallet. Slike ruter er per i dag ikkje omfatta av ei returordning.
Foto: Miljødirektoratet | |
Murpuss og maling- Murpuss og maling kan innehalde PCB (1940–1975). Det er også påvist høge nivå av ulike metall i eksteriørmaling, til dømes bly og sink.
Foto: Miljødirektoratet | |
Fugemasse- Fugemassar kan innehalde PCB (1960–1978) og ulike metall.
- Tettematerial som fugeskum, fugemassar, sparkelmasse med meir kan også innehalde kort- og mellomkjeda klorparafinar og helse- og miljøskadelege ftalater som DEHP, DBP og BB.
Foto: Miljødirektoratet | |
Vinybelegg- Vinylbelegg og vinylgolvlister kan innehalde helse- og miljøskadelege ftalater som DEHP, DBP og BBP samt enkelte metall.
Foto: Norsk Gjenvinning AS | |
IsolasjonsplaterIsolasjonsplater av - XPS (øvst)
- EPS (midten)
- rørisolasjon av cellegummi (nedst)
kan innehalde helse- og miljøskadelege bromerte flammehemmarar. Foto: Miljødirektoratet | |
|
|
XPS-plater og polyuretanskum- XPS-plater og polyuretanskum (PUR-skum), til dømes brukt i isolerte garasjeporter (øvst), isolasjonspanel i kjølerom (nedst) med meir kan innehalde dei miljøskadelege blåsemidla KFK og HKFK.
|
Trevirke- CCA-impregnert trevirke vil innehalde metall som krom, arsen eller koppar. Kopparimpregnert trevirke er per i dag ikkje klassifisert som farleg avfall. Ver klar over at brukt kopparimpregnert trevirke er ofte vanskeleg å skilje får CC-impregnert trevirke.
- Kreosot-impregnert trevirke vil innehalde PAH.
|
Kasserte produkt av elektrisk strøm- Alle kasserte produkt som er avhengige av elektrisk strøm, kablar, leidningar eller batteri, elektronisk og elektrisk avfall (EE-avfall ), skal samlast inn og er omfatta av etablerte returordningar.
|
Harde plater og rørisolasjon- Eternitplater og andre harde plater, samt rørisolasjon (-1980) kan innehalde asbest. Sjå elles Forskrift om utførelse av arbeid, kapittel 4, som skal sikre arbeidstakarar mot risiko for helseskade som følgje av eksponering for asbeststøv.
|