Tilsynsrettleiing
Byggesaksforskrifta (SAK10) § 15-3 kravde at kommunane prioriterte tilsyn med avfallsplanar og miljøsaneringsutgreiingar i perioden 2011 - 2013. I denne rettleiinga vert det gitt råd for korleis tilsynet med avfallsreglane kan gjennomførast i praksis.
Byggteknisk forskrift (TEK) §§ 9-5 til 9-9 stiller krav til utarbeiding av avfallsplan, miljøsaneringsutgreiing og sluttrapport som gjer greie for mengda byggavfall og handtering av avfallet i bygge-, rehabiliterings- og riveprosjekt over ein viss storleik. Minimum 60 vektprosent av avfallet skal kildesorterast. Farleg avfall skal kartleggjast, sorterast ut frå andre avfallsfraksjonar og handterast i tråd med reglane i avfallsforskrifta kapittel 11.
Føremålet med reglane er å fremje ei handtering av byggavfall som er miljømessig og samfunnsøkonomisk forsvarleg. Reglane skal bidra til
-
å hindre spreiing av miljøfarlege stoff
-
å redusere mengda byggavfall som oppstår
-
å auke graden av ombruk og attvinning
-
å hindre ulovleg disponering av byggavfall
Byggesaksforskrifta (SAK10) § 15-3 krev at kommunane prioriterer tilsyn med at avfallsplanar og miljøsaneringsutgreiingar er utarbeidd og vert følgd frå og med 2011 til 2013. I denne rettleiinga vert det gitt råd for korleis tilsynet med avfallsreglane kan gjennomførast i praksis.
Brosjyren er utarbeidd i samarbeid med Miljødirektoratet, (tidligere Klima- og forureiningsdirektoratet) kommunane i Storbynettverket og Nettverk for gjennomføring av Nasjonal handlingsplan for bygg- og anleggsavfall (NHP-nettverket).
Generelt om tilsynet
Tilsynet kan innebere alt frå enkel kontroll av at avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing faktisk ligg føre, meir omfattande tilsyn med at avfallsplan, miljøsaneringsutgreiing og sluttrapport held tilstrekkeleg kvalitet, til å sjå til at krava vert følgde opp i praksis på byggeplassen.
Tilsyn kan utførast når som helst i byggesaka, og opp til fem år etter at ferdigattesten er gitt. Det vert anbefalt at tilsyn gjennomførast tidleg i byggesaka fordi det er då moglegheita er størst til å avdekkje mangelfull miljøkartlegging eller avfallshandtering, samt påverke avfallshandteringa i rett retning.
Det er ønskjeleg at tilsynet fokuserer på handtering av farleg avfall. Vanlegvis vert det generert mest farleg avfall i rive- og rehabiliteringsprosjekt, og ein anbefaler at slike tiltak vert prioriterte ved tilsyn. Dersom kommunane har spørsmål om farleg avfall, eller oppdagar at farleg avfall ikkje vert forsvarleg handtert, kan ein ta kontakt med miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen.
Tilsyn er med på å heve kunnskapsnivået om byggavfall både i kommunane og i byggenæringa. Kommunane kan spille ei viktig rolle som rettleiarar. Erfaringar frå kommunar er at næringa ofte ønskjer tilsyn og tilbakemeldingar som kan forbetre rutinar og kontroll, til dømes når det gjeld god merking av containerar, avfallssortering på tronge byggeplassar, kva for avfallsfraksjonar som kan sorterast og gjenvinnast, handtering av farleg avfall, og så vidare.
Kommunane hadde ei forskriftsfesta plikt til å prioritere tilsyn med avfallsplanar og miljøsaneringsutgreiing fram til 2013. Kor detaljert tilsyn kommunane sette i verk, var avhengig av ressursane på området og kunnskap om avfallshandtering og miljøsanering.
Ansvar
Ansvar for dei ulike oppgåvene som er knytt til avfallshandtering og miljøsanering går fram av SAK10 kapittel 12. Kjennskap til ansvarsfordelinga står sentralt for å kunne føre tilsyn med rett føretak.
-
Ansvarleg søkjar skal sjå til at det blir utarbeidd avfallsplan, miljøsaneringsutgreiing, sluttrapport for avfallshandtering og henta inn dokumentasjon for faktisk disponering av avfall.
-
Ansvarleg prosjekterande har ansvar for at det blir utarbeidd naudsynt prosjektering som grunnlag for avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing. Dette vil blant anna innebere miljøkartlegging for å identifisere byggavfall klassifisert som farleg avfall.
-
Ansvarleg utførande har ansvar for å bidra til og følgje opp avfallsplan, gjennomføre miljøsanering som forklart i miljøsaneringsutgreiinga, innhente og ta vare på dokumentasjon for faktisk disponering av avfallet og utarbeide sluttrapport for avfallshandtering.
Lovverket definerer ikkje eintydig kven som skal utarbeide avfallsplanen. Dette vil altså kunne takast hand om både av prosjekterande og utførande, til dømes avhengig av storleiken på tiltaket, kompleksiteten og organiseringa. Sjølve ansvaret for utarbeiding av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vil som regel ligge til ansvarleg prosjekterande i byggesaka, men det kan også ligge innafor oppgåvene til den som er ansvarleg utførande, for eksempel i mindre tiltak som oppføring av småhus.
Tilsyn med dokumentasjon
TEK §§ 9-6 og 9-7 gir reglar med omsyn til kva for tiltak det skal utarbeidast avfallsplanar og miljøsaneringsutgreiingar for. Eit enkelt dokumenttilsyn vil kunne fokusere berre på å kontrollere om avfallsplan og eventuelt miljøsaneringsutgreiing er utarbeidd.
Avfallsplanen skal gi oversikt over byggavfall ein reknar med å få i samband med tiltaket, og gjøre greie for planlagt handtering og disponering av byggavfallet fordelt på ulike avfallstypar. Miljøsaneringsutgreiinga skal gi ein oversikt over farleg avfall som er kartlagt i samband med tiltaket og planar for fjerning og levering av avfallet. Ei miljøsaneringsutgreiing må sjølvsagt vere basert på ei gjennomført kartlegging av bygnadsdelar, komponentar, installasjonar og så vidare, som er klassifiserte som farleg avfall (miljøkartlegging).
Eit grundigare tilsyn med dokumentasjon vil sjå på kvalitet og innhald i avfallsplanen, miljøsaneringsutgreiinga og sluttrapporten. Eksempelvis kan det vere hensiktsmessig å samanlikne fraksjonar og mengder farleg avfall i miljøsaneringsutgreiinga mot dokumentert innlevering av farleg avfall i sluttrapporten. Tilstrekkeleg dokumentasjon på leverte mengder avfall til attvinning eller lovleg avfallsmottak er vegesetlar eller andre typar kvitteringar som inneheld dato, bedriftsnamn på mottakar og avsendar, avfallstype og mengd. For farleg avfall er den elektronisk løysinga på avfallsedeklarering.no dokumentasjon for dei enkelte fraksjonane.
Det vil alltid vere visse avvik mellom avfallsmengdene som blei estimerte i avfallsplanen, og dei verkelege avfallsmengdene som oppstod i tiltaket, og som går fram av sluttrapporten. Dersom avfallsmengder eller disponering som vert beskrive i sluttrapporten, avviker vesentleg frå det som blei estimert i avfallsplanen, skal det gis grunn for dette. Vesentlege avvik kan til dømes vere der faktiske avfallsmengder i sluttrapporten avviker med over 25 prosent i forhold til estimata i avfallsplanen, eller der ein eller fleire avfallsfraksjonar vert disponerte annleis enn det som er oppgitt i planen.
Både avfallsplan og sluttrapport må dokumentere at minimum 60 vektprosent av avfallet er sortert i ulike avfallstypar. Det betyr at maksimalt 40 vektprosent av avfallet kan fraktast frå byggeplass som ”blanda avfall”. Asfalt og gravemassar vert ikkje rekna inn i prosentdelen.
Tabell 1: Relevante kontrollspørsmål ved dokumenttilsyn
Kontrollspørsmål | Kommentar | Ansvar |
---|---|---|
Ligg det føre avfallsplan og miljøsaneringsutgreiingar i tiltak der dette skal utarbeidast? |
TEK §§ 9-6 og 9-7 gir reglar for når avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing skal utarbeidast. Den enklaste forma for tilsyn vil vere å undersøke at dokumenta er utarbeidd. |
Søkjar |
Er estimatet for avfallsmengder i avfallsplanen urealistisk eller underestimert? |
Estimat av avfallsmengder vil aldri vere heilt nøyaktige, og det kan vere store forskjellar frå bygg til bygg. Til ein viss grad kan kommunen støtte seg på erfaringstal. Det er særleg ved nybygging erfaringstal er nyttige. Ved riving og rehabilitering er bruk av erfaringstal vanskelegare, men ein enkel peikepinn er at det ved riving av ein ordinær einebustad kan oppstå om lag 75 kilogram byggavfall per m2. |
Prosjekterande |
Er kravet til minimum 60 vektprosent sortering av avfallet oppfylt i avfallsplanen? |
Det må gå fram av avfallsplanen kva for fraksjonar som er planlagt sorterte, slik at kravet i TEK § 9-8 vert oppfylt. ”Blanda avfall” kan vere maksimalt 40 vektprosent av total avfallsmengd. Aktuelle fraksjonar for sortering er til dømes betong/tegl, metall, plast, glas, papp/papir, gips, treavfall og tekstilar. |
Prosjekterande |
Er miljøkartlegging utført som grunnlag for utarbeiding av miljøsaneringsutgreiinga, og er utgreiinga god nok? |
Som eit grunnlag for miljøsaneringsutgreiinga må bygnadsdelar, komponentar, installasjonar og så vidare som utgjer farleg avfall, kartleggjast. Kommunen kan vurdere om miljøkartlegginga som er gjennomført, er grundig nok, og om kartlagde mengder farleg avfall ser ut til å vere realistiske. Vedlegg 1 gir ein oversikt over farleg avfall som ofte må handterast ved rivingsprosjekt. Ein peikepinn på om miljøkartlegginga har vore grundig nok, er talet på materialprøver og analysar utført i forhold til storleik på bygnaden og omfanget av arbeidet. Til dømes bør det gjennomførast analyse av både PCB og metall (bly, sink osv.) for maling på betong eller tegl. Vidare vil til dømes berre ei materialprøve av maling i eit større bygg oppført/rehabilitert før 1980 neppe vere representativ for tiltaket. Noe bildemateriale bør også følgje miljøsaneringsutgreiinga slik at det går fram kva for bygnadsdelar, komponentar, installasjonar og så vidare som er farleg avfall (sjå reglane i avfallsforskrifta). |
Prosjekterande |
Kan faktisk disponering av alt avfall dokumenterast i sluttrapporten? |
Tilstrekkeleg dokumentasjon frå avfallsmottak er vegesetlar eller andre typar kvitteringar som inneheld dato, bedriftsnamn på mottakar og avsendar, avfallstype og mengd. For farleg avfall vil elektronisk løysing på avfallsedeklarering.no vere dokumentasjon for dei enkelte fraksjonane. Sluttrapporten må også dokumentere at kravet til 60 vektprosent sortering blei nådd i praksis. |
Utførande |
Er eventuelle vesentlege avvik i avfallsplan og sluttrapport med omsyn til avfallsmengd eller disponering av avfallet grunngitt? |
Vesentlege avvik kan til dømes vere der faktiske avfallsmengder i sluttrapporten avviker med over 25 prosent i forhold til estimata i avfallsplanen, eller der ein eller fleire avfallsfraksjonar frå tiltaket vert disponert annleis enn det som er oppgitt i avfallsplanen. |
Utførande |
Tilsyn på byggeplass
Det er viktig at kommunen sett av tid og ressursar til tilsyn på byggeplassen. Tilsyn på byggeplassen er særleg relevant på avfallsområdet fordi det i motsetnad til andre område i plan- og bygnadsloven ikkje er mogleg å føre tilsyn med tiltaket etter at arbeidet er avslutta. Tilsyn med at avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vert følgt, må derfor gjerast under pågåande arbeid på byggeplassen.
Relevante sjekkpunkt på byggeplassen kan vere at det finst godt merka containerar for dei avfallsfraksjonane som ein reknar med vert utsorterte i avfallsplanen. Det må finnast fungerande rutinar for oppsamling, lagring og levering til godkjent mottak for farleg avfall. Ved riving og rehabilitering må bygnadsdelar, komponentar og installasjonar som er farlege, vere merka og i tråd med utarbeidd miljøsaneringsutgreiing før sjølve miljøsaneringa startar. Det bør også vere rutinar for å avdekkje farleg avfall som først kan oppdagast under miljøsaneringa eller etter at miljøsaneringa er ferdig.
Tabell 2: Relevante kontrollspørsmål ved tilsyn på byggeplassen
Kontrollspørsmål | Kommentar | Ansvar |
---|---|---|
Er det samsvar mellom avfallsplan og containerar eller andre sorteringsløysingar og sortering på byggeplassen? |
Det skal gå fram av avfallsplanen kva for avfallsfraksjonar som er planlagt sortert. Det må vere containerar eller andre sorteringsløysingar på byggeplass for dei fraksjonane som skal sorterast. Minimum 60 vektprosent av avfallet skal sorterast i ulike avfallsfraksjonar. |
Utførande |
Er containerane eller andre sorteringsløysingar godt nok merka og sorteringa på byggeplassen tilfredsstillande? |
Containerane eller andre sorteringsløysingar på byggeplassen bør vere merka slik at det er godt synleg kva for avfallsfraksjonar som skal i kva for containerar. Det kan vere lurt å kikke opp i containerane for å kontrollere at fraksjonane er sortert slik dei skal, det vil seie at fraksjonane er reine. |
Utførande |
Fungerer rutinar for innsamling, oppbevaring og levering av farleg avfall? |
Det må vere klare rutinar for innsamling, oppbevaring og levering av farleg avfall, slik at dette ikkje vert blanda saman med andre avfallsfraksjonar. På byggeplassen må det vere eit fungerande system for oppsamling, lagring og levering av farleg avfall til godkjent mottak. Det må finnast rutinar for og kunnskap om bruk av deklarasjonsskjema for farleg avfall og skjema for basiskarakterisering av avfall til deponi. |
Utførande |
Er farleg avfall i bygnader som skal rivast eller rehabiliterast godt merka og i tråd med utarbeidd miljøsaneringsutgreiing? |
Farleg avfall som oppstår ved gjennomføring av tiltaket, skal kartleggjast og gå fram av miljøsaneringsutgreiinga. På bakgrunn av miljøsaneringsutgreiinga må farleg avfall i bygnader som skal rivast eller rehabiliterast, verte merka slik at det er klart kva for bygnadsdelar, komponentar og installasjonar som er klassifiserte som farleg avfall, jamfør avfallsforskrifta, når arbeidet på byggeplassen startar. |
Utførande |
Tilsyn med ansvarlege føretak i byggesaka
SAK10 kapittel 9 til 11 gir reglar om godkjenning av føretak som ønskjer å ta på seg oppgåver i ein byggesak og krav til føretaket sitt styringssystem (kvalitetssystem), til utdanning og praksis. Kommunen skal vurdere føretaka sin organisasjon, styringssystemet deira, utdanning og praksis opp mot forskriftskrava før ansvarsrett vert tildelt.
Kommunen kan føre tilsyn med dei ansvarlege føretaka i den aktuelle byggesaka for å sjå til at tilstrekkeleg fagkompetanse vert nytta med tanke på oppgåver knytt til avfallshandtering og miljøsanering, og at føretaket sine system og rutinar for å sikre etterleving av reglane fungerer i praksis.
Tabell 3: Relevante kontrollspørsmål ved tilsyn med ansvarlege føretak
Kontrollspørsmål | Kommentar | Ansvar |
---|---|---|
Kva for fagkompetanse vert nytta i den aktuelle byggesaka med omsyn til oppgåver knytt til avfallshandtering og miljøsanering? |
Generelle krav til utdanning og praksis til ansvarlege føretak er gitt i SAK10 kapittel 11. Dokumentert kompetanse er spesielt viktig innafor miljøkartlegging og miljøsanering. Ressurspersonar i føretaket må ha relevant kompetanse innan miljøkartlegging (prosjekterande) og miljøsanering på byggeplass (utførande). |
Prosjekterande Utførande |
Fungerer føretaket sitt system og rutinane for å sikre etterleving av reglane om avfallshandtering og miljøsanering i praksis? |
Krav til føretaket sitt system for oppfylling av plan- og bygnadsloven er gitt i SAK10 kapittel 10. Ei liste over punkt som skal gå fram av føretaket sitt kvalitetssystem finst blant anna i SAK 10 § 10-1. Føretaket skal ha rutinar for å sikre jamleg gjennomgang og oppdatering av systemet. Kommunane kan gjennomføre eit tilsyn for å sjå til at føretaket sitt system og rutinane fungerer i praksis. |
Søkjar Prosjekterande Utførande |
Reaksjonar frå tilsynsmakta
Plan- og bygnadsloven inneheld ei rekkje ulike sanksjonsmoglegheiter som kan nyttast ved regelverksbrot. Sanksjonar skal stå i rimeleg forhold til lovbrotet. Det er viktig at kommunen vurderer alvoret i brotet og reagerer etter dette. Dersom det vert skrive ut fleire ulike sanksjonar for same lovbrot, må desse samordnast slik at ikkje lovbrytaren vert urimeleg ramma.
Kommunen kan gi pålegg om retting av ulovlege forhold eller pålegg om stans i byggearbeidet. Det kan også fastsetjast tvangsmulkt for å få gjennomført gitte pålegg innan ein angitt frist. Tvangsmulkt kan fastsetjast samtidig som pålegg om retting, og gjeld frå fristoverskridinga for retting.
Tilbaketrekking av ansvarsrett er eit svært effektivt sanksjonsmiddel. Tilbaketrekking av ansvarsrett kan vurderast ved alle alvorlege brot på plan- og bygnadsloven eller dersom kommunen finn at eit ansvarleg føretak ikkje oppfyller dei krava som vert stilte til pålitelegheit og dugleik. Kommunen kan trekke tilbake ansvarsretten når det ansvarlege føretaket i vesentleg grad har unnlate å ivareta eige ansvar, har unnlate å følgje eventuelle pålegg om retting av avvik eller ikkje oppfyller føresetnadane for ansvarsretten. Tilbaketrekking av ansvarsrett vil vere aktuelt der tilsynet avdekkjer manglande kompetanse i forhold til dei oppgåver føretaket har tatt på seg.
Den nye plan- og bygnadsloven opnar også for bruk av gebyr ved misleghald, til dømes i tilfelle der brotet fører med seg skade på miljøet.
For dei mest alvorlege lovbrota kan kommunen vurdere politimelding, som i sin yttarste konsekvens kan resultere i bøter eller fengselsstraff. Tilfelle der politimelding kan vere aktuelt, er ulovleg dumping eller brenning av avfall eller dersom farleg avfall med overlegg ikkje vert sortert ut.
Vedlegg 1: Døme på farleg byggavfall som kan innehalde miljøgifter
Under finn du eksempel på fraksjonar som vanlegvis er klassifiserte som farleg avfall, og som kommunen bør vere ekstra merksam på ved tilsyn.
BYGGAVFALL SOM KAN INNEHOLDE MILJØGIFTER | |
---|---|
Isolerglasruter
Foto: Miljødirektoratet |
|
Murpuss og maling
Foto: Miljødirektoratet | |
Fugemasse
Foto: Miljødirektoratet | |
Vinybelegg
Foto: Norsk Gjenvinning AS | |
IsolasjonsplaterIsolasjonsplater av
kan innehalde helse- og miljøskadelege bromerte flammehemmarar. Foto: Miljødirektoratet | |
XPS-plater og polyuretanskum
| |
Trevirke
| |
Kasserte produkt av elektrisk strøm
| |
Harde plater og rørisolasjon
|
Vedlegg 2: Nokre relevante nettsider om regelverk og byggavfall
-
Byggforsk kunnskapssystem: Relevante anvisninger i byggforskserien: