Avklaringar om uavhengig kontroll

Avklaringar om kontroll av våtrom og eksisterande byggverk, sjølvstende for kontrollføretak og avviksbehandling.

Sist endret 24.04.2014

Kontroll av våtrom

Ein skal gjennomføre uavhengig kontroll av fuktsikring ved bygging av våtrom i bustader.

Kontrollen slår inn når våtrom er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-1 første ledd bokstav a og b. Dette inneber kontroll av våtrom i nye bustader og ved søknadspliktig ombygging av våtrom.

Unntak for kontroll

Det er gjort unntak frå søknadsplikt for våtrom innanfor ei brukseining eller branncelle. Dette inneber unntak så lenge brannskiljer ikkje blir brotne. I slike tilfelle er det ikkje krav om kontroll av våtrommet. Unntaket gjeld i utgangspunktet totalrehabilitering, utviding og nybygging av våtrom, for eksempel når ein skal ta i bruk eit anna rom som bad. Ein kan utføre dette både i eigen bustad eller fritidsbustad og i andre bygg (for eksempel i næringsbygg), så lenge arbeidet blir gjort innanfor ei branncelle eller brukseining. Våtrom i driftsbygning vil også vere friteke.

Unntaket omfattar etter dette blant anna:

  • Bygging av nytt våtrom, eller fullstendig ombygging av våtrom i eksisterande bygg innanfor ei brukseining eller branncelle.
  • Bygging av våtrom i nytt tilbygg der verken samla bruksareal eller bygd areal for tilbygget er over 15 m2, og der tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig brukseining.
  • Ombygging av fleire våtrom i bustadblokk, så lenge arbeida ikkje medfører at brannskilje blir brotne.

Kontroll for eksisterande byggverk

Reglane om uavhengig kontroll gjeld for oppgåver skildra i SAK10 § 14-2. ei omfattar bygningsfysikk, konstruksjonssikkerheit, geoteknikk og brannsikkerheit i tiltaksklasse 2 og 3.

Tiltak som blir gjort på eksisterande byggverk, er også omfatta av kontrollreglane. I tillegg gjeld reglane generelt for bygningar, konstruksjon og anlegg, slik at kontroll kan slå inn for alle typar tiltak. Dette kan gjelde m.a. nytt VA-anlegg eller ei balkongutbygging. Ansvarleg søkjar har ansvar for at alle relevante fagområde er belagde med ansvar.

Kontrolloppgåva vil i utgangspunktet vere den same for eksisterande bygg som for nybygg. Reglane er likevel i første rekkje skrivne med tanke på nybygg, og det same er kontrollpunkta som er skildra i temarettleiinga om kontroll. Ein må gjere ei vurdering og ei tilpassing av kva kontrollpunkt innanfor det obligatoriske kontrollområdet som er relevante for det aktuelle tiltaket.

Sjølvstende for kontrollføretak

Kontrollføretaket skal vere ei anna juridisk eining enn føretaket som skal kontrollerast. Føretaket kan vere ansvarleg i same byggesak på eit anna fagområde, men kan ikkje kontrollere eiga prosjektering eller eiga utføring.

Kontrollerande føretak skal heller ikkje ha personleg eller økonomisk tilknyting som kan påverke kontrollen. Kontrollføretaket gjer greie for eventuelle personlege eller økonomiske bindingar, og må leggje til rette for at dei individuelle forholda til dei tilsette eller dei som er leigde inn, ikkje kjem i konflikt med kravet til uavhengig vurdering av kontrollen.

Det kan vere ulike relasjonar mellom kontrollør og føretak som blir kontrollert. Føretak kan m.a. skilje ut eige kontrollføretak, og det er for eksempel ikkje mogleg å forby rammeavtaler eller slektskap.

Sjølvstende for kontrollføretaket blir stadfesta i ansvarsrettssøknaden, som normalt blir lagt til grunn. Ansvaret for denne vurderinga er dermed i hovudsak overlate til kontrollføretaket.