Har kommunen fått eit nabovarsel i Altinn?

Om kommunen har spørsmål om nabovarsel i Altinn, kan du sjå etter svar her.

Sist endret 30.06.2020
  • Kven har tilgang til å lese nabovarselet i Altinn?

    Den som skal lese nabovarselet, må ha rettar til å representere kommunen i Altinn. Rettane til å sjå og svare nabovarselet kan delegerast vidare til andre i kommunen.

    For å delegere roller, vel du rolla «Plan- og byggjesak» i Altinn. Denne rolla er laga slik at saksbehandlar berre får tilgang til fagrelevant innhald, og ikkje andre område i kommunen.

  • Korleis skal nabovarsel frå Altinn arkiverast hos kommunen?

    For kvart nabovarsel får kommunen to element i Altinn-innboksen:

    • "Melding: Nabovarsel for ..." inneheld nabovarselet i pdf-format med vedlegg. Desse dokumenta kan lastast ned og arkiverast.
    • "Til utfylling: Svar på nabovarsel" er svarskjemaet. Saksbehandlar kan velje å bruke denne om de vil svare på nabovarselet. Etter at svaret er sendt frå kommunen, kan saksbehandlar laste ned ein pdf-versjon av svaret og arkivere dette.
  • Nabovarsel sendast til feil organisasjonsnummer

    Nabovarslingstenestene slår opp i matrikkelen for å finne ut kven som eig dei eigedomane som skal varslast. Når kommunen er nabo i ei byggjesak, blir varsla sende til det organisasjonsnummeret kommunen har registrert eigedomen på i matrikkelen.

    Om organisasjonsnummeret registrert på eigedomen er feil, må kommunen oppdatere organisasjonsnummeret i matrikkelen.

    Om kommunen ønskjer å få nabovarselet sendt til ei undereining, kan de leggje inn eit eige organisasjonsnummer som "eigars kontaktinstans" for eigedomane i matrikkelen.

  • Ønskjer nabovarsel i SvarInn

    Det er ikkje mogleg å få nabovarsla via SvarInn i dag. Årsaka er at nabovarslingstenestene ikkje skil mellom kommunar og andre organisasjonar.

    Dokumenta i saka må lastast ned frå Altinn til kommunen sitt interne sak- og arkivsystem. Nokre sak-/arkivleverandørar har integrasjon mot Altinn, slik at overføring frå Altinn til arkivsystem kan skje meir saumlaust. Vi rår til at kommunen høyrer med sin sak-/arkivleverandør om dei kan tilby dette.

Om digital nabovarsling

Målet med digital nabovarsling er å tilby gode digitale sjølvbeteningsløysingar til innbyggjarar og næringsliv, og dermed forenkle arbeidet med å søkje om byggjeløyve.

Nabovarsling i Altinn oppfyller krav til sporing, og er i samsvar med regelverket - på linje med rekommandert postsending, personleg overlevering og e-post eller SMS mot kvittering.

Innbyggjarar som er reserverte mot digital kommunikasjon, får nabovarselet i posten.

Har du fleire spørsmål?

Kontakt oss på e-post: ftb@dibk.no