Korleis vurdere talet på bueiningar

Det er ulike reglar for korleis talet på bueiningar vurderast for eksisterande bygg og i nybygg. Mens endringar i eksisterande bygg er regulert i byggesaksforskrifta, må talet på bueiningar i nybygg vurderast i kvar enkelt sak.

Sist endret 27.10.2020

Vurderinga må gjerast med grunnlag i planmessige og bygningsmessige forhold. Vilkåra i byggesaksforskrifta § 2-2 kan være relevante, men er ikkje avgjerande i vurderinga.

Vil du dele eit eksisterande bygg i fleire einingar, må du søke kommunen om løyve om bueiningane har alle hovedfunksjonar for bustad, eigen inngang og einingane er fysisk åtskilde frå kvarandre. Krava om søknadsplikta finn du i byggesaksforskrifta § 2-2.

Når kommunen skal vurdere antallet bueinigar for nybygg, må ein vurdere om einingane blir brukte heilt uavhengig av kvarandre, slik at plankrav og myndigheitskrav til brann og lyd også bortetter skal være oppfylte.

Dersom einingane kan sjåast som to økonomiske einingar, finst det normalt to sjølvstendige bueiningar i plan- og bygningslova si forstand. Dette kan for eksempel vere ein tomannsbustad med einingar av omtrent lik storleik som blir brukt av to familiar eller husstandar.

Dersom kommunen meiner tiltaket inneheld fleire bueiningar enn det er søkt om, må kommunen kunne vise at bruk og belasting av eigedommen er meir omfattande eller av ein annan art enn talet på bueiningar som det blir søkt om.

Sjå også ei sak frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet der dette er omtalt.