Bilete tekne i forbindelse med tilsyn

Kommunen tek ofte bilete for å dokumentere funn ved tilsyn. Men kva seier regelverket om moglegheita til å unnateke slike bilder frå offentlegheita? Skal eller bør kommunen gjere unnatak av bilder frå tilsyn i private hjem?

Sist endret 06.10.2023

Justis- og beredskapsdepartementet er ansvarleg for Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova). Fagansvarlig for offentleglova og innsynsrett, Ole Knut Løstegaard har gitt dette innspelet:

Slike bilete må vurderast konkret, som andre dokument. Eit bilete av eit heilt nøytralt rom i ein privat heim vil det neppe vera nokon heimel for unntak frå innsyn for. Dersom det går fram av biletet eller andre tilgjengelege dokument eller opplysningar kven eigaren eller bebuaren er, vil det truleg vera tale om personopplysingar, og då krevst det eit grunnlag etter personvernforordninga (GDPR) for å handsame dei. Men dei blir noko anna.

Mange slike bilete vil kunne røpe opplysningar som gjeld «personlige forhold», og der med er omfatta av teieplikt etter forvaltningslova § 13 nr. 1. Det gjeld til dømes dersom det er mykje rot i rommet, biletet viser dårleg vedlikehald eller liknande, eller det går fram noko om personlege oppfatningar, politisk syn osv. Dette må vurderast konkret ut frå bileta.

Dersom eit bilete viser ulovleg bruk av rommet, kan òg det vera å rekne som «personlige forhold», men det må vurderast ut frå omfanget, det konkrete lovbrotet, og om lovbrytaren driv næring gjennom utleiga, eller berre leiger som privatperson. Det kan handle om «personlige forhold» for både eigaren som leiger, og for den som leiger, avhengig av kva det handlar om. Dette gjeld tilsvarande dersom eit bilete viser andre lovbrot.

Bilete som viser ulovleg bruk, eller som det skal vurderast nærare om gjer det, kan det gjerast unntak for etter offentleglova § 24 andre ledd andre punktum, fram til saka er endeleg avgjord. Dette vil vera «dokument om lovbrot». Men det skal sjølvsagt vurderast om det er noko reelt behov for unntak.

Dersom eit bilete viser noko som kan gjera det lettare å bryte seg inn i det aktuelle huset, eller å utføre andre straffbare handlingar der, kan det vera aktuelt med unntak etter offentleglova § 24 tredje ledd fyrste punktum, sidan informasjonen vil kunne lette gjennomføringa av straffbare handlingar. Det må vera realistisk at informasjonen kan brukast til eit slike føremål. Unntak for heile biletet då skje på grunnlag av offentleglova § 12 bokstav c, eventuelt eit av dei andre alternativa i § 12, sidan § 24 tredje ledd fyrste punktum berre heimlar unntak for opplysningar.

Elles kan det nok tenkjast at andre unntak er aktuelle for bestemte bilete, men det blir ei heilt konkret vurdering. Dei nemnde unntaka er nok generelt dei mest aktuelle for bilete frå private heimar.

Dette innspelet går ikkje inn på moglege unntak for slike bilete etter offentleglova §§ 14 eller 15.

ikon_Peker.svg Trygge og lovlige boforhold for alle

Alle landets kommuner ble tidligere i år invitert med på en kampanje om trygge og lovlige boforhold fra alle. Målet var at så mange kommuner som mulig skulle føre tilsyn med leiligheter og hybler, og undersøke om disse er lovlig tatt i bruk. Kampanjen varte fra 4. til 15. september 2023. Les mer om kampanjen her.