Tilsyn med universell utforming

6. Om universell utforming

Om universell utforming

Universell utforming betyr at produkt, byggverk og uteområde som er i alminneleg bruk skal utformast slik at alle menneske skal kunne bruke dei på ein likestilt måte så langt det er mogleg, utan spesielle tilpassingar eller hjelpemiddel.

Fig.4 Universell utforming er basert på ein mangfaldig prosjekteringsmodell
Fig.4 Universell utforming er basert på ein mangfaldig prosjekteringsmodell  Illustrasjon: Geir Johnsen

Illustrasjon: Geir Johnsen

Prosjektering med utgangspunkt i universell utforming vil vere basert på tre forhold:

  • Mennesket som barn, ung, vaksen, eldre.

  • Mennesket med redusert funksjonsevne med omsyn til framkome, handkraft, orientering og vegfinning, høyrsel og taleforståing, overfølsemd for luftforureiningar og materialar.

  • Mennesket som nyttar tekniske hjelpemiddel som har konsekvensar for utforming.


Framkome

Rullestol er valt som dimensjonerande faktor for å oppnå god framkome for flest mogleg. Ein manuell stol med behov for ein snusirkel med diameter på 1,5 m er valt som dimensjoneringsfaktor i byggverk. Dette målet femner storleiken til dei fleste kombinerte inne/uterullestolar som er i bruk. Elektriske rullestolar kan forsere brattare stigning enn manuelle stolar.

Vidare er redusert arm- og handkraft lagt til grunn, og at sikt- og rekkehøgd er endra frå ståande til sitjande stilling. Trinnfrie løysingar er baserte på framkome for rullestol. For å oppnå ei god arealdisponering ved bruk av rullestol som dimensjonerande faktor, er kunnskap om korleis ein rullestol fungerer avgjerande.

Orientering

For å kunne orientere seg vil logisk struktur på kommunikasjonsvegar, skilting og planløysing vere grunnleggjande. Personar med redusert syn kan ikkje alltid lese heile rommet straks, men orienterer seg ved hjelp av referansar som finst i rommet Det er derfor viktig at fargar og kontrastar blir nytta på ein medviten måte.

Belysning er avgjerande for å synleggjere kontrastar. God allmennbelysning og riktig lyssetjing er viktige verkemiddel. Det bør vere orienteringspunkt, helst med naturlege leielinjer som oppstår ved bruk av forskjellig material både når det gjeld farge og struktur, som til dømes gras og asfalt.

Markering av trapper, trinn og kantar er viktig for tryggleiken. Det bør vere god kontrast slik at markeringa er synleg. Som dimensjoneringsgrunnlag for nedsett synsevne er synet til ein 80-åring nytta som referanse. I tillegg skal det dimensjonerast for blinde.

Lydtilhøve

Lydtilhøve innverkar både på orientering og oppfatning av tale. Utforming og materialbruk påverkar lydtilhøve i eit rom. Bakgrunnsstøy hindrar taleforståing. Ytingar for god romakustikk og taleforståing i tråd med universell utforming er innarbeidde i revisjonen av norsk standard om lydtilhøve – NS 8175 Lydforhold i bygninger. For å forsterke lyden for personar som nyttar høyreapparat, kan ulike installasjonar, som lydforsterkingsanlegg, teleslynge mv. nyttast. Ved bruk av teleslynge vil person med høyreapparat kunne innstille høyreapparatet og stengje ute støy. Skilting av teleslynge er viktig.

Inneklima

Inneklima, lystilhøve og materialbruk er omfatta av krava til universell utforming. Personar som har allergi eller astma er følsame for kvaliteten på inneluft. Påverknad av forureiningar kan òg føre til utvikling av allergiar og astma. Betre luftkvalitet kan oppnåast med god utveksling av frisk luft og bruk av materialar som ikkje tilfører innelufta forureinande avgassar.

Branntryggleik

Branntryggleik har òg betydning for universell utforming. Bruk av lys, vibrering og lyd gjer at dei fleste blir varsla ved brann. Likestilt bruk tilseier likt høve til å rømme eit byggverk. Når det ikkje er mogleg å rømme ved bruk av heis, vil personar som ikkje kan gå, vere avhengige av assistert rømming. I bygningar der dette kan organiserast, krev det ein evakueringsplan. For å påverke rømmingstid blir det nytta sløkkeanlegg som kan sløkke brannen der den oppstår. I bygning med bustadeining er det ikkje mogleg å organisere rømming. Krav om varsling og sløkkeanlegg er derfor òg innført i bustadbygning med heis.