Utbygging i fareområde

Temarettleiinga omhandlar krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ved plassering og utbygging i fareområde. Rettleiinga skildrar ansvaret kommunen har som forvaltningsmyndigheit i byggjesaksbehandlinga. Ho skildrar også ansvaret utbyggjarsida har, og fortel kva tryggingsnivå som skal leggjast til grunn ved bygging i fareområde.

Rettleiinga finst også på bokmål

1. Klimaendringar

Klimaendringane er ein påverknadsfaktor for dei fleste av naturfarane som blir omtalte i denne temarettleiinga

ikon_Peker.svg Dette kan du lese om i kapittelet

I dette kapittelet blir blant anna klimautveklinga frem mot år 2100 omtala, slik det blir omtala av Norsk klimaservicesenter og FN.

Du får også ein kort gjennomgang av endringane fram til i dag (førindustriell tid). Fordi klimaendringane bidreg til at vi generelt må skjerpe handsaminga av naturfarane, kan kapittel 1 bli betrakta som eit faglig overbygg til heile temarettleiinga.

Innleiing

Klimaendringar skjer når gjennomsnittsvêret endrar seg over tid. Med dette som utgangspunkt har klimaet på jorda alltid endra seg. Faktorar som solinnstråling, drivhusgassar, havstraumar og refleksjonsevna i jordoverflata er nokre av fleire døme på naturlege årsaker som har endra klimaet på jorda over tid.

Dei siste tiåra har likevel klimaendringane på jorda akselerert kraftig. Majoriteten av klimaforskarane er i dag samde om at desse endringane skriv seg frå menneskeleg aktivitet og utslepp av klimagassar. Samanlikna med endringane før den industrielle revolusjonen, skjer no klimaendringane raskare enn nokon gong. I den siste klimarapporten til FN (IPCC Sixth Assessment Report (AR6)), er det ikkje lenger nokon modellar som viser at menneska er i stand til å bremse opp klimaendringane til 1,5 gradar innan 2050. Ifølgje AR6 er det mest sannsynleg at oppvarminga vil nå 1,6 gradar før 2050.

På grunn av dei akselererande klimaendringane dei ti siste tiåra, blir klimatilpassing - i tillegg til å bremse utsleppa av klimagassar - stadig viktigare. Omsyna til eit stadig villare og våtare vêr gjer at vi i framtida må stille strengare krav til utforming og lokalisering av bygningar. Fram mot slutten av hundreåret vil vi oppleve heilt andre utfordringar knytte til dei naturfarane denne rettleiaren skildrar.

Dette kapitlet kan sjåast som eit slags tematisk overbygg for å gjere tydelegare dei utfordringane vi vil møte med endra naturfarar i framtida. Kapitlet ser på klimaendringar i Noreg gjennom dei siste hundre åra, korleis klimaet blir fram mot 2100, og kva konsekvensar desse endringane vil ha for utbygging i fareområde. Kapitlet omtalar ikkje laster som alle byggverk skal dimensjonerast for å tole, som vind- og snølaster.

1.1. Endringar i Noreg dei siste hundre åra

Hovudtendensen for Noreg er at vêret stadig blir varmare og våtare. Rapporten Klima i Norge 2100 vart publisert i 2009 og oppdatert i 2015. Arbeidet er utført av Norsk klimaservicesenter på oppdrag frå Miljødirektoratet. Rapporten skal gje grunnlagsinformasjon for klimatilpassing i Noreg. Alle data knytte til klimaendringar i dette kapitlet, er henta frå denne rapporten om ikkje anna er opplyst.

Rapporten oppsummerer dagens klima og klimautviklinga fram til no. Perioden 1971–2000 er referansepunkt for berekningane av klimaendringar fram mot år 2100. Klimaframskrivingane i rapporten er basert på resultata frå globale klimamodellar som er køyrde med forskjellige utsleppsscenario, det vil seie kva vi trur om framtidige utslepp av klimagassar. Etter kvart som klimadata har vore meir omfattande og nøyaktige, har klimamodellane blitt stadig betre og uvissa har gått ned. Samtidig er det verdt å merke seg at klimamodellar tilbake i tid peikar i same retning som dagens modellar. Påverknad frå menneske utgjer hovudårsaka til endringane vi ser i dag og vil oppleve framover. I tabellen under er sentrale klimaendringar i Noreg i løpet av dei siste hundre åra attgjevne.

 

Figur 1.1 Klimaendringar dei siste hundre åra
TemperaturNedbørVindHavnivåstigning

Årsmiddeltemperaturen for Fastlands-Noreg har auka med ca. 1 °C frå 1900 til 2014.

 

Det har vore periodar med både stigande og fallande temperaturar, men dei siste 40 åra har auken vore svært markant.

 

Snøsesongen er vorten kortare dei fleste stader.

 

Temperaturauken har generelt ført til auka vassføring om vinteren og våren og tidlegare snøsmelting.

Årsnedbøren for landet som heilskap har auka med ca. 18 % sidan 1900.

 

Auken er størst om våren og minst om sommaren

Det blåser stiv kuling eller meir i 1 % av tida langs kysten og i høgfjellet.

 

Dei siste 50 åra har det vore ein auke av denne type vind, men det er store variasjonar frå år til år og mellom ulike lokalitetar

Satellittmålingar viser at verdshava har stige totalt 3,2 mm årleg sidan 1993.

 

Havnivåstigninga i Noreg vil variere kraftig sidan også landmassen stig etter siste istid.

 

For meir informasjon om stadsspesifikk havnivåstigning tilrår vi Kartverket sin portal Se havnivå.

1.2. Korleis blir klimaet fram mot 2100?

+4,5°C
Årsmiddeltemperaturen i Noreg vil auke med 4,5°C på 100 år hvis vi ikkje reduserer dagens utslepp

Temperaturen vil stige

Klimaframskrivingane viser at det blir varmare i alle landsdelar og i alle årstider. Dersom vi ikkje reduserer dagens utslepp av klimagassar, vil årsmiddeltemperaturen i Noreg auke med ca 4,5°C (medianverdi) på 100 år, viser berekningar i utsleppsscenario RCP8.5.

Berekninga viser størst auke i vinterhalvåret. Det er utsleppsscenario RCP8.5 som er brukt i dei regionale klimaprofilane i Noreg. Meld. St. 33 (2012/2013) Klimatilpasning i Norge legg også dette scenarioet til grunn som eit føre-var prinsipp.

18%
Årsnedbøren for Noreg vil auke med 18 prosent fram til 2100

Det blir meir nedbør

Framskrivingar viser at det vil bli meir nedbør i heile landet. For utsleppsscenarioet RCP8.5 viser medianframskrivinga for Noreg at årsnedbøren vil auke med 18 prosent mot slutten av hundreåret og at talet på dagar med kraftig nedbør vil doblast. Det er den intense, kortvarige nedbøren (styrtregnet) som vil auke mest. Det blir tilrådd å leggje på klimapåslag på dagens dimensjonerande verdiar, som attgjeve i klimaprofilen.

Det går også fram av rapporten at snøsesongen er berekna å bli kortare i heile landet. Reduksjonen i talet på dagar med snø blir størst i låglandet.

Medianverdien for utsleppsscenarioet RCP8.5 gjev fleire månaders reduksjon i snøsesongen mot slutten av hundreåret. I enkelte delar av høgfjellet bereknar ein ein auke i maksimal snømengd fordi mykje av den forventa nedbørsauken her vil kome som snø. Det vil også bli færre isbrear, og dei som blir att, vil minke markant.

Blir det meir vind?

Det blir berre berekna små endringar både i middelvind og i store vindhastigheiter. Det er framleis for stor uvisse ved desse studiane, noko som gjer det vanskeleg å trekkje ein klar konklusjon.

Vil havnivået stige?

Smelting av isbrear og auka temperatur i havet som fører til termisk ekspansjon, er hovudårsakene til at havet stig. Trass i at havnivået har stige, har mesteparten av den norske kysten opplevd ei netto senking av havnivået etter siste istid. Det kjem av at det i Noreg og resten av Skandinavia har vore ei kraftig landheving etter istida for ca. 11 500 år sidan.

Framskrivinga for havnivået indikerer at det meste av Noreg vil oppleve havstigning før slutten av dette hundreåret. Middelframskrivinga for scenario RPC8.5 er mellom 15 og 55 cm, avhengig av lokalitet.

For meir informasjon om stadsspesifikk havnivåstigning tilrår vi Kartverket sin portal Se havnivå.

Meir informasjon

Norsk klimaservicesenter har utarbeidd klimaprofilar for fylka i landet. For nærare informasjon og oppdatert kunnskap frå nasjonal og internasjonal klimaforsking viser vi til Norsk klimaservicesenter, Miljødirektoratet og FNs klimapanel sine nettsider.

1.3. Kva for konsekvensar kan klimaendringane få for utbygging i fareområde?

Effekten av klimaendringane vil verke inn på det bygde miljøet, både for plassering av bygningar og for kva laster bygningane vil måtte tole.

Omsynet til klimatilpassing i arealplanlegginga er omtalt i kapittel 5 i NVE si retningslinje Flaum- og skredfare i arealplanar, revidert 2014. NVE sitt faktaark 7-2018: Korleis ta omsyn til klimaendringar i arealplanlegginga, gjev også nyttig informasjon.

Korleis blir flaumfaren påverka?

Endringar i nedbør og temperatur vil føre til at flaummønsteret endrar seg. Når temperaturen stig, vil vårflaumen kome tidlegare på grunn av snøsmelting. Når snømengdene blir reduserte, vil snøsmelteflaumane i dei store elvane bli mindre. Når vinternedbøren kjem som regn i staden for snø, kan det bli fleire flaumar i vinterhalvåret. Også sommarregn kan skape alvorlege situasjonar. Framskrivingar for flaum er usikre, og det er store lokale variasjonar.

Flaum i små vassdrag

Klimaframskrivingane viser at det vil bli hyppigare episodar med styrtregn og derfor hyppigare og større flaumar i små vassdrag. Langs små, bratte elvar og bekker kan vatnet grave ut nye løp eller rive med seg lausmassar i farlege flaumskred. Her må ein vere særleg aktsam.

Det går fram av NVE si retningslinje Flaum og skredfare i arealplanar, revidert 2014 at for alle vassdrag med nedslagsfelt mindre enn ca. 100 km2 må ein rekne med minst 20 prosent auke i vassføring på grunn av flaum dei neste 50–100 åra. I arealplanlegginga må det takast omsyn til den auka flaumfaren.

Flaum i større vassdrag

Det går også fram av NVE si retningslinje at i enkelte regionar, særleg på Vestlandet og i Nordland, reknar ein med at flaumane også i større vassdrag vil bli monaleg større.

I mange vassdrag i desse regionane kan flaumvassføringa ved dagens 200-årsflaum (flaum som i snitt skjer éin gong kvart 200-ande år) auke med meir enn 20 % dei neste 100 åra, i somme meir enn 40 prosent. I arealplanlegginga må det takast omsyn til den auka flaumfaren.

Overfløyming på grunn av overvatn utanfor vassdrag

Med overvatn meiner vi overflateavrenning (regn og smeltevatn) frå til dømes plassar, gater og takflater. Hyppige episodar av styrtregn og ekstremnedbør vil føre til auka overvatn og lokale overfløymingar på stader der det ikkje er vassdrag. Slike overfløymingar kan medføre store skadar. Dette er det spesielt viktig å vere merksam på ved fortetting i urbane område.

Havnivåstigning

Heving av havnivået kan føre til behov for å byggje lenger unna sjøen, eller å leggje inn større tryggingsmarginar enn det ein til no har vore van med.

Korleis blir skredfaren påverka?

Det er mange ulike typar skred, og årsakssamanhengane mellom klima og skred er komplekse. Det er ein klar samanheng mellom nedbør, temperatur og vindforhold og ulike former for snøskred. Når temperaturen aukar, blir faren for snøskred redusert, men samtidig kan faren for sørpeskred og våtsnøskred auke. Hyppigare episodar med stor nedbørintensitet kan auke risikoen for jordskred og flaumskred. Kvikkleireskred blir i dei fleste tilfelle utløyst av menneskeleg aktivitet, men kan også utløysast av lange periodar med mykje regn og erosjon langs bekker og elvar.

Endringar i nedbørsmønster og nedbørsmengd kan innebere at det kjem skred i område der dette ikkje er kjent frå tidlegare eller i område der det tidlegare ikkje har vore slik fare. Fleire store nedbørshendingar i bratt terreng tilseier auka fare for jord- og flaumskred. Utvasking, snauhogst og skogbrann kan også føre til skredfare på nye stader.

Klimaendringer.svg Klima- og sårbarheitsanalysar for bygningar i Noreg

Direktoratet for byggkvalitet har fått gjennomført klima- og sårbarheitsanalysar for bygningar i Noreg (SINTEF Byggforsk). Desse analysane gjev fylkesvise oversikter for havnivåstigning, årsmiddeltemperatur, årsnedbør, sesongnedbør, våt vinternedbør, risiko for ròteskadar og snølast kombinert med våt vinternedbør.

Analysane er baserte på den førre Klima i Norge-rapporten frå 2009, og kan gje nyttig informasjon om påverknaden klimaet har på det bygde miljøet:

 

Gå til toppen