10. Finansiering av undersøkingar om fare og erstatning ved skade

Undersøkingar i samband med regulering og utbygging i fareområde medfører ofte økonomiske kostnader.

Dette kan du lese om i kapitlet

  • I dette kapittelet omtaler vi kven som skal bere kostnaden ved utgreiing av tryggleik mot fare som følgje av naturforhold i arealplan og i byggjesak.
  • Vidare gjer vi også greie for erstatningsordningane for naturskadar. Kostnadene til kartlegging og utgreiing av tryggleik mot naturpåkjenningar, skal berast av den aktøren som har ansvaret for å kartleggje tryggleiken. Kven ansvaret ligg til, avheng av i kva fase ein er i plan- og byggjesaksprosessane. 

10.1. Finansiering av kartlegging og utgreiing av fareområde

Kostnadene til kartlegging og utgreiing av tryggleik mot naturpåkjenningar, skal berast av den aktøren som har ansvaret for å kartleggje tryggleiken. Kven ansvaret ligg til, avheng av i kva fase ein er i plan- og byggjesaksprosessane. Ansvar og roller gjer vi nærare greie for i kapittel 11 Roller og ansvar i denne rettleiinga.

Utarbeiding av arealplanar

I samband med utarbeiding av arealplanar bør kommunen syte for at det i nødvendig grad blir utført undersøkingar med sikte på å avdekkje område utsette for skred, flaum, kvikkleire og andre farar. Sjå pbl. § 4-3.

Kommunen har plikt å utarbeide arealdel til kommuneplanen, jf. pbl. kap. 11 om kommuneplan, og det vil då liggje til kommunen å koste kartlegging og undersøkingar. Utgreiing av naturfarar på kommuneplannivå skal kartleggje areal med potensiell fare i område der det kan vere aktuelt med utbygging. Det er ikkje krav om detaljkartlegging og markering av område med reell fare i kommuneplan. Potensielt fareområde skal merkjast av som omsynssone eller eventuelt faresone.

Utgreiing av naturfarar på reguleringsplannivå (områderegulering og detaljregulering), jf. pbl. kap. 12 om reguleringsplan, skal omfatte utgreiing av reell fare. Utgreiinga skal identifisere og avgrense fareområda i samsvar med tryggleiksklassane i TEK17. Ansvaret for kartlegging og utgreiing av fareområde ligg til forslagsstillar. Kostnadene skal berast av forslagsstillar.

I reguleringsplansamanheng står private ofte for utarbeiding av planane. Ved private planforslag er det private som ber kostnadene til utgreiing. Der kommunen utarbeider reguleringsplan, er det kommunen som kostar nødvendige utgreiingar.

Ved utarbeiding av planar for utbygging skal planmyndigheita sjå til at risiko- og sårbarheitsanalyse blir gjennomført av forslagsstillar, eller sjølv gjere analyse. Område med fare, risiko eller sårbarheit skal merkjast av i planen som omsynssone, jf. pbl. § 4-3. Dersom kommunen sjølv skal stå for undersøkingane ved private planforslag, kan det vere aktuelt å krevje utgiftene dekte gjennom saksbehandlingsgebyret for det private planforslaget.

Byggjesak

Ved byggjesøknad skal søkjar alltid opplyse om krava til tryggleik er oppfylte. I potensielle fareområde, eksempelvis i omsynssoner eller område merkte av på aktsemdskart, krevst det kartlegging og utgreiing av fagkunnige for å kunne stadfeste at tilstrekkeleg tryggleik etter pbl. § 28-1 og TEK17 ligg føre. Dokumentasjon frå fagkunnig skal leggjast ved søknaden. Dei økonomiske kostnadene til slik utgreiing ligg til tiltakshavar.

Dersom byggjesøknaden ikkje er vedlagd nødvendig dokumentasjon for at byggjetomta har tilstrekkeleg tryggleik, ligg det føre avslagsgrunn.

Kommunen kan likevel gje tiltakshavar høve til å utgreie og dokumentere tryggleiken. Ved eit krav frå kommunen om at tryggleiken må dokumenterast, vil tiltakshavar alltid ha valet mellom å få gjennomført utgreiingar og undersøkingar eller å skrinleggje prosjektet og trekkje søknaden. Dersom tilstrekkeleg tryggleik ikkje kan dokumenterast, skal kommunen gje avslag på søknaden.

10.2.   Kva når skaden er skjedd, og det er behov for utbetring eller gjenoppbygging?

Når ein skade har skjedd, er det naturleg å vende seg til forsikringsselskapet sitt. Det er likevel viktig å vere merksam på at dei fleste forsikringsselskap føreset at bygningen er oppført i samsvar med tekniske krav. Krava til tryggleik har i stor grad lege på dagens nivå siden 1987. For einebustader inneber det at dei ikkje skal vere plasserte i område som er utsette for eksempelvis flaum og skred, eller at dei skal vere dimensjonerte for å tole ein 200 års flaum og eit 1000 års skred. Nyare bygningar skal derfor normalt ikkje kome til skade.

Dersom nyare bygningar likevel kjem til skade, kan det vere ein indikasjon på at byggteknisk forskrift ikkje var oppfylt på byggjetidspunktet. Manglande oppfylling av byggtekniske krav vil kunne ha konsekvensar for eventuell forsikringsdekning.

Det er to ulike ordningar som kan dekkje ulike naturskadar – naturskadeforsikring (naturskadepoolen) og naturskadeerstatning (den statlege erstatningsordninga for naturskadar).

Naturskadeforsikring

Den norske naturskadeerstatningsordninga er ei unik ordning som sikrar alle som har ei brannforsikring, dekning mot naturskadar. Naturskadeforsikring er regulert av naturskadeforsikringslova (LOV-1989-06-16-70).

Etter naturskadeforsikringslova skal all forsikring av bygningar og lausøyre mot brann også omfatte naturskade. Naturskade i lovforstand er skade på ting som direkte skriv seg frå skred, storm, flaum, stormflod, jordskjelv eller vulkanutbrot.

Forsikring kan teiknast i ulike forsikringsselskap, og forsikringsutbetaling for naturskade blir utbetalt frå Norsk naturskadepool. Forsikringspremien er for tida 0,07 promille av brannforsikringssummen. Eigendelen ved naturskade er fastsett i forskrift og er derfor lik for alle selskap, og eigendelen i 2021 er 8000 kroner. 

Erstatninga blir berekna etter same oppgjersreglar som gjeld for brann på det skadde objektet. Desse reglane kan variere noko frå forsikringstype til forsikringstype og frå selskap til selskap. 

Det er det enkelte forsikringsselskapet som er forsikringsgjevar og utferdar forsikringsbevis, står for oppgjer og har den direkte kontakten med kundane. Det er eit øvre tak på forsikringsutbetaling frå poolen.

Naturskadepoolen administrerer utlikninga mellom forsikringsselskapa. Norsk Naturskadepool skal berre utlikne dei skadane som er definerte i lova. Naturskadepoolen er kontaktledd mellom forsikringsbransjen og Landbruksdirektoratet. Norsk Naturskadepool er administrert av Finans Norge.

Naturskadeerstatning

Statens naturskadeordning følgjer av naturskadeerstatningslova (LOV-2014-08-15-59) og gjeld for privat eigedom. Statens naturskadeordning gjev erstatning for skadar på objekt det ikkje er mogleg å forsikre gjennom ei alminneleg privat forsikring. Slike skadar kan til dømes vere skade på dyrka mark og bruer.

Statens naturskadeordning kan gje erstatning for skadar på:

  • Vegar og bruer
  • Jordbruks- og skogsareal
  • Kaiar/moloar av stein/betong
  • Skog - som kjem av flaum og skred
  • Skadar på areal til industri
  • Skadar på idrettsanlegg
  • Andre byggverk som ikkje er dekte av vanleg forsikring

Skaden må direkte skrive seg frå ei naturulukke, som flaum, skred, storm, stormflod aller anna naturulukke (bl.a. jordskjelv, vulkanutbrot). Det er ikkje tak på erstatningsbeløpet.

Statens naturskadeordning dekkjer alt som ikkje kan forsikrast gjennom ei vanleg forsikring. Det som avgjer om ein kan søkje erstatning, blir derfor om objektet kunne vore forsikra, ikkje om det faktisk var forsikra.

Statens naturskadeordning blir forvalta av Landbruksdirektoratet

Gå tilbake til toppen