2. Generelt om regelverket

Krav til tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- og miljøforhold gjeld for alle tiltak som er omfatta av byggjesaksdelen i plan- og bygningslovgjevinga. Det vil seie at krava til tryggleik gjeld ved alle arbeid.

Dette kan du lese om i kapitlet

Kravene til sikkerhet som følge av natur- og miljøforhold følger av plan- og bygningsloven §§ 28-1 og 29-5 og byggteknisk forskrift (TEK17), særlig kapittel 7 Sikkerhet mot naturpåkjenninger.

Dette kapitlet gir en generell tilnærming til regelverket og beskriver blant annet regulering, sikkerhetskrav, særlige bestemmelser og grensegang mot plan.

Du kan lese mer om

  • hvilke stadier i plan- og byggesaksprosessene kravene til sikkerhet skal vurderes
  • utgangspunktet for kravene og hvilke tiltak sikkerhetskravene gjelder for
  • hvilke vurderinger av sikkerhet som skal gjøres ved arealplanlegging, vedtak om byggeforbud, byggesak mv.

Innleiing

Krava til tryggleik gjeld for alle tiltak som er omfatta av byggjesaksføresegnene i lova, uavhengig av om dei er underlagde krav om søknad eller om arbeida er unnatekne frå søknadsplikt og saksbehandling.

Krava gjeld også uavhengig av planstatus for området der byggjetomta ligg eller om området ikkje er omfatta av reguleringsplan.

Plan- og bygningslovgjevinga skal sikre vern av liv og materielle verdiar. Regelverket legg opp til at tryggleik mot naturpåkjenningar skal vurderast og varetakast i alle fasane i plan- og byggjesaksprosessen. Utgangspunktet for vurderingane av tryggleik i både arealplanlegging, byggjesak og ved gjennomføring av tiltak er krava til tryggleik gjevne i TEK17.

I tillegg til å gje heimel for krav til tryggleik mot naturpåkjenningar i TEK17, gjev pbl. § 28-1 kommunen heimel for å fatte vedtak med ulike krav til byggjetomta i byggjesak.

Kva kan vedtakast etter § 28-1?

  • Avslag i byggesak
  • Byggje- og deleforbod
  • Kommunen kan stille særlege krav til byggjegrunn, bygningsmasse og uteareal

2.1. Verkemiddel for å sikre at det ikkje blir bygd i fareområde

Plan- og bygningslovgjevinga har fleire verkemiddel for å sikre at det ikkje blir bygd i område som er utsette for fare. Regelverket er bygd opp slik at tryggleik skal vurderast på fleire stadium i plan- og byggjesaksprosessane. Reglane kompletterer kvarandre, og kvar fase har verkemiddel for å vareta tryggleiken dersom han ikkje er tilstrekkeleg vareteken i ein tidlegare fase.

Ideelt sett skal ein arealplan forhindre at det blir opna for utbygging i fareområde. Dersom det ikkje ligg føre ein arealplan eller det er kome ny kunnskap og planen ikkje i tilstrekkeleg grad varetek tryggleik mot naturpåkjenningar, så har regelverket ytterlegare verkemiddel som skal forhindre at det blir bygd der tryggleiken ikkje er vareteken.

Kommunen har høve til å leggje ned byggje- og deleforbod. Dette verkemiddelet kan bli teke i bruk for å forhindre utbygging i fareområde der arealplanen ikkje varetek tryggleiken tilfredsstillande. Vidare skal søkjaren alltid gjere greie for tryggleik mot naturpåkjenningar i byggjesøknaden til kommunen. I utsette område skal søknaden i tillegg innehalde dokumentasjon for tryggleiken.

Prosjektering og utføring skal vareta at byggverket oppfyller krava til tryggleik mot naturpåkjenningar. Verkemidla i regelverket i dei ulike fasane er skildra under.

Figuren viser kor i prosessen krava til tryggleik mot naturpåkjenningar blir vurderte
Plan- og byggjesaksprosessar der krav til tryggleik mot naturpåkjenningar blir vurderte

Arealplanlegging

Krav til tryggleik mot fare som følgje av naturforhold skal først og fremst varetakast i arealplanlegginga. Arealplanlegging som tek omsyn til flaum- og skredfare mv. er viktig for å førebyggje tap og skadar frå naturfarar. Ved utbygging i samsvar med nyare plan vil normalt krava til tryggleiken mot naturfarar vere varetekne.

God arealplanlegging skal bidra til å unngå fare og risiko som følgje av flaum, skred, kvikkleire og andre naturpåkjenningar, og redusere trugsel mot liv, helse og materielle verdiar knytte til klimaendringar. Det er særleg viktig å halde ved lag samfunnsviktige funksjonar og infrastruktur.

Kommunane skal utarbeide kommuneplanar, og har ansvaret for at det blir utarbeidd reguleringsplanar for byggje- og anleggstiltak. Det er den som utarbeider planen, som har ansvaret for å gjennomføre utgreiingar av tryggleik mot naturpåkjenningar. Ved private planforslag vil derfor private ha ansvaret for å gjennomføre tilstrekkelege faglege utgreiingar av tryggleiken mot flaum, stormflod, skred, kvikkleireskred og andre naturpåkjenningar.

I samband med utarbeiding av arealplanar, skal det gjerast ein risiko- og sårbarheitsanalyse. I denne analysen skal blant anna risikoen for flaumskadar, skredfare, kvikkleireskred med meir vurderast. Informasjon om aktuelle farar må gå fram av planen, til dømes gjennom særskilte omsynssoner. For kommuneplanar og reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø, naturressursar og samfunn, skal det utarbeidast ei konsekvensutgreiing. Risiko- og sårbarheitsanalysen vil då inngå som ein del av konsekvensutgreiinga.

Arealplanar skal sikre at det ikkje blir bygd ut nytt i område som er vurderte som flaumutsette eller utsette for skredfare eller andre naturpåkjenningar. Alle relevante forhold skal vere kartlagde og vurderte.

Kommunane har plikt til å oppdatere eksisterande arealplanar dersom dei underliggjande føresetnadene for planen har endra seg, jf. rundskriv H-5/18 Samfunnssikkerhet i planlegging og byggesaksbehandling pkt. 2.12.

Det er ikkje gjeve konkrete tidspunkt for når revisjonen må gjennomførast, men kommunen må overhalde plikta si til revisjon og oppdatering i planlegginga etter blant anna pbl. §§ 10-1 og 12-4.

Mange arealplanar er av eldre dato og ikkje oppdaterte i samsvar med ny kunnskap om fareområde. Der tidlegare godkjende planar opnar for bygging i no kjende fareområde, bør planane takast opp til revisjon. Kommunane kan om nødvendig omregulere byggjeområde til anna føremål, eller gje planføresegner for å avgrense faren. Ny kunnskap må alltid leggjast til grunn for behandlinga i kommunen.

Andre område er ikkje omfatta av reguleringsplanar, slik at eventuelle farar ikkje er tilstrekkeleg kartlagde og utgreidde. Sidan det kan vere utdatert eller mangelfull informasjon i plangrunnlaget, inneheld regelverket ulike føresegner som skal sikre at det ikkje blir bygd i fareområde dersom dette ikkje er vareteke i arealplanen.

Byggje- og deleforbod

Kommunen har høve til å leggje ned mellombels forbod mot tiltak, byggje- og deleforbod, i påvente av at eit område blir lagt inn under planlegging. Dette følgjer av pbl. § 13-1. Dette kan eksempelvis vere aktuelt i område der det er behov for å kartleggje og utgreie mogleg fare.

Vidare har kommunen høve til å leggje ned byggje- og deleforbod etter pbl. § 28-1 andre ledd, for grunn som ikkje er tilstrekkeleg sikker. Forbod etter denne føresegna kan kommunen nytte for område der dei har faktisk kjennskap til at krav til tryggleik ikkje er oppfylte.

Byggjesak

Byggjesakprosessen skal også sikre at det ikkje blir bygd i fareområde. Pbl. § 28-1 er ein viktig tryggleiksventil der arealplanen ikkje avklarer fareområde. Pbl § 28-1 er ein avslagsheimel, og kommunen skal normalt avslå byggjesøknader i område der tryggleiken ikkje er tilstrekkeleg.

Pbl § 28-1 gjeld uavhengig av planstatus i området. Føresegna har særleg noko å seie der det ikkje ligg føre ein reguleringsplan eller der ein ved utarbeidinga av planen ikkje var klar over at det låg føre fare. Dette vil typisk vere der det ligg føre ny kunnskap eller endra forhold som tilseier at området ikkje bør byggjast ut.

Kommunen skal normalt avslå byggjesøknader der det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik. Plikta til å avslå følgjer av pbl. § 28-1 første ledd som seier at grunn berre kan byggjast på eller eigedom opprettast dersom tryggleiken er tilstrekkeleg.

Ved byggjesøknad og utbygging har utbyggjarsida ansvaret for å kartleggje og utgreie byggjetomta og forholdet til naturpåkjenningar slik at tiltaket skal bli i samsvar med alle relevante krav. Krav til tryggleik mot naturpåkjenningar skal dokumenterast i byggjesøknaden. Dersom tryggleiken ikkje er stadfest, skal kommunen avslå søknaden om byggjeløyve. I tilfelle der tryggleiken skal oppnåast ved kompenserande tiltak, skal prosjektering og utføring av desse gjennomførast av føretak med ansvarsrett.

Ansvarlege føretak i byggjesaka skal prosjektere tiltaket slik at det oppfyller krava til tryggleik. For prosjektering av geoteknikk i tiltaksklasse 2 og 3 er det krav om obligatorisk uavhengig kontroll.

I byggjesaker der det ikkje er ansvarlege føretak og ved gjennomføring av arbeid som er unnatekne søknadsplikt, så er det tiltakshavar åleine som har ansvaret for at krava til tryggleik mot naturpåkjenningar er oppfylte.

Kva vurderingar av tryggleik som skal gjerast i dei ulike fasane i plan- og byggjesaksprosessane, utdjupar vi nedanfor. Tryggleiksnivåa og kva tryggleikskrava konkret inneber for dei ulike naturfarane, blir utdjupa i kapitla 3 til 7.

2.2. Korleis er krav til tryggleik mot naturpåkjenningar regulert?

Krav til tryggleik mot natur- og miljøforhold gjeld for alle tiltak. Krava til tryggleik er varetekne fleire stader i regelverket. Byggverk skal anten plasserast slik at dei ikkje blir utsette for naturfarar, eller dimensjonerast slik at dei toler dei belastningane dei kan bli utsette for.

Det følgjer av pbl. § 28-1 at grunn berre kan byggjast på dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Føresegna skal inngå i saksbehandlinga i kommunen og vurderast ved søknad om løyve til tiltak, og er først og fremst ein avslagsheimel.

Vidare er det etter pbl. § 29-5 krav om at alle tiltak blir prosjekterte og utførte slik at det ferdige tiltaket oppfyller krav til tryggleik, for å vareta vern av liv og materielle verdiar. Føresegna er ein pliktregel for utbyggjar og stiller krav om tilstrekkeleg tryggleik ved utbygging. Krava til tryggleik gjeld for alle tiltak og arbeid, uavhengig av om dei er søknadspliktige eller ikkje.

Pbl §§ 28-1 og 29-5 gjev også heimel for forskrifter om krav til tryggleiksnivå og tekniske krav til tiltak. Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar er ytterlegare konkretiserte i TEK17 som er gjeven med heimel i pbl. §§ 28-1 og 29-5. Kapittel 7 Sikkerhet mot naturpåkjenninger er særleg relevant.

TEK17 stiller krav om tryggleik mot alle typar naturpåkjenningar. Kapittel 7 Sikkerhet mot naturpåkjenninger inneheld både eit generelt krav om tilfredsstillande tryggleik mot skade og vesentleg ulempe frå naturpåkjenning i § 7-1 og konkrete tryggleikskrav for enkelte naturfarar som flaum, stormflod, kvikkleire og skred i §§ 7-2 til 7-4. Byggverk der konsekvensen av ein flaum, stormflod eller skred med meir er særleg stor, skal ikkje plasserast i flaum-, stormflod, skred- eller fareutsett område, jf. §§ 7-2 første ledd og 7-3 første ledd. Krava til tryggleik er nærare utdjupa i kapitla 3 til 7 i denne temarettleiinga.

2.3. Kva for tiltak og arbeid gjeld tryggleikskrava for?

Pbl. § 20-1 strekar opp verkeområdet til byggjesaksføresegnene og byggtekniske krav. Verkeområdet omfattar alle bygningar, anlegg og konstruksjonar. Reglane gjeld for dei fleste arbeid på slike tiltak, blant anna oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging, vesentleg endring, plassering og riving. Med anlegg meiner ein blant anna terrenginngrep, fylling, planering, opparbeiding av veg med meir. Krava gjeld også ved frådeling av tomt, oppretting og endring av eigedom.

Krava til tryggleik gjeld uavhengig av om eit tiltak eller arbeid er søknadspliktig. Det vil seie at tiltak som er unnatekne søknadsplikt som til dømes bygging av garasje, graving eller fylling, skal oppfylle krava til tryggleik i TEK17 kap. 7.

Reint vedlikehald er derimot ikkje omfatta av verkeområdet til plan- og bygningslovgjevinga, og krava til tryggleik slår derfor ikkje inn for vanleg vedlikehald.

Figur 2.2a. Døme på byggverk der krav til tryggleik gjeld

Krav til tryggleik gjeld:

Alle bygningar

  • bustad, fritidsbustad, garasje
  • arbeids- og publikumsbygg
  • næringsbygg

Alle anlegg

  • vegar
  • terrenginngrep, graving, fylling
  • vass- og avløpsanlegg

Alle konstruksjonar

  • tribunar
  • master
  • bruer

Oppretting og endring av eiendom

  • frådeling av tomt

Døma er ikkie ei uttømmande liste.

Dei fleste tiltak er omfatta av søknadsplikt og kan ikkje setjast i gang før bygningsmyndigheitene har gjeve løyve, jf. pbl. § 20-2. Ansvaret for at tiltaket tilfredsstiller regelverket, ligg hos tiltakshavar. Kommunen skal normalt avslå søknaden dersom krav til tryggleik mot naturpåkjenningar ikkje er stadfest oppfylt.

Krav til tryggleik gjeld også tiltak som er unnatekne søknadsplikta

Tiltak unnatekne søknadsplikt følgjer av pbl. §§ 20-5 til 20-8 og byggjesaksforskrifta (SAK10) kapittel 4 Tiltak som er unntatt fra byggesaksbehandling. Her er tiltakshavar åleine fullt ut ansvarleg for at krava til tryggleik er oppfylte. Kommunen kan eventuelt gripe inn ved tilsyn, men kommunen har normalt ikkje kjennskap til at det blir gjennomført slike tiltak, i og med at dei ikkje er søknadspliktige.

Tiltak som er unnatekne frå søknadsplikt, omfattar ulike typar tiltak. Visse tiltak er unnatekne fordi dei er små og har liten innverknad på omgjevnadene, nokre tiltak er unnatekne fordi det har vore eit politisk ønske om at ein skal kunne gjere fleire arbeid på eigen eigedom utan søknad, medan andre tiltak er unnatekne fordi dei er føresette å bli tilfredsstillande varetekne av andre lover og sektormyndigheiter.

Pbl. § 20-5 og SAK10 §§ 4-1 og 4-2 gjev unntak for mindre tiltak og for plassering av tiltak i tilknyting til byggje- og anleggstomt. Sjølv om eit tiltak er lite, vil det kunne ha store konsekvensar. Tiltakshavar må derfor vere medviten om at krav til tryggleik mot naturpåkjenningar gjeld. I kvikkleireområde vil eksempelvis fylling på toppen av ei skråning og utgraving i fyllingsfoten kunne forskuve massebalansen og medføre utgliding som kan få konsekvensar langt ut over tiltaket sjølv.

Det er gjeve unntak frå søknadsplikt for ei rekkje tiltak som blir behandla etter andre lover, jf. pbl. § 20-2 og SAK10 § 4-3. Desse tiltaka kan vere svært omfattande. Kor mykje av det bygningsrettslege regelverket desse tiltaka er unnatekne frå, varierer. Ein del av tiltaka er unnatekne frå store delar av bygningslovgjevinga, medan andre tiltak berre er unnatekne frå søknadsplikt og ansvarsrett. Men krava til tryggleik mot naturpåkjenningar etter byggteknisk forskrift gjeld også for desse tiltaka.

For alle tiltaka, uavhengig av om dei er søknadspliktige eller ikkje, gjeld dei tekniske krava som følgjer av byggteknisk forskrift (TEK17) så langt dei passar, jf. pbl. §§ 30-4 og 30-5. Krav til tryggleik mot naturpåkjenningar er blant dei reglane i TEK17 som normalt alltid «passar» for alle typar tiltak. Derfor gjeld krava til tryggleik mot naturpåkjenningar i dei fleste tilfelle, med mindre det berre skal gjerast mindre arbeid innvendig.

Vidare er det eit generelt vilkår for unntak frå søknadsplikt at tiltaket ikkje er i strid med plan eller føresegner som følgjer av plan- og bygningslova. Eit tiltak eller arbeid som ikkje oppfyller krava til tryggleik mot naturpåkjenningar vil derfor aldri vere unnateke søknadsplikt, sidan tiltaket ikkje er i samsvar med TEK17.

Pbl. §§ 20-7 og 20-8 gjev unntak for krav i pbl. for Forsvaret og for visse skjermingsverdige objekt.

Krav til tryggleik gjeld også tiltak unnatekne søknad og byggjesaksbehandling

Døme på tiltak unnatekne søknadsplikt:

Mindre tiltak

  • garasje
  • fylling, planering
  • oppstillingsplass for landbruksmaskiner

Tiltak som blir behandla etter andre lover

  • offentlege veganlegg
  • vasskraft
  • energianlegg
  • landbruksvegar
  • steinbrot
  • jernbane

Særskilte tiltak

  • byggje- og anleggstomt
  • forsvarsbygg

2.4. Særleg relevante føresegner for arealplanlegging og utbygging i fareområde

Plan- og bygningslovgjevinga skal blant anna sikre vern av liv og materielle verdiar. Regelverket legg opp til at tryggleik mot naturpåkjenningar skal vurderast og varetakast i alle fasane i plan- og byggjesaksprosessane. Regelverket utdjupar kva som er rekna for å vere tilfredsstillande tryggleik, og kven som har ansvaret for å vareta personleg og materiell tryggleik mot naturpåkjenningar.

Plan- og bygningslovgjevinga har ei rekkje føresegner som regulerer arealplanlegging og utbygging i fareområde, og føresegnene følgjer av både lova og forskriftene til plan- og bygningslova, særleg byggteknisk forskrift (TEK17) og byggjesaksforskrifta (SAK10). Lov og forskrifter heng nøye saman og må sjåast i samanheng for å kunne fungere etter intensjonen og vareta tryggleiken for liv og materielle verdiar.

Regelverket er omfattande. Nedanfor følgjer ein tabell med særleg relevante føresegner for arealplanlegging og utbygging i fareområde. Lista er ikkje uttømmande.

Gå rett til særleg relevante føresegner i:

 

Særleg relevante føresegner i plan- og bygningslova for utbygging i fareområde og krav til tryggleik
Føresegn Krav til tryggleik
§ 3-1 Oppgaver og hensyn i planlegging etter loven Planar skal fremje samfunnstryggleik ved å førebyggje risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdiar mv., (jf. første ledd bokstav h)
§ 4-2 Planbeskrivelse og konsekvensutredning

Krav til konsekvensutgreiing


Sjå også forskrift om konsekvensutgreiingar

§ 4-3 Samfunnssikkerhet og risiko- og sårbarhetsanalyse

Krav til ROS-analyse

 

Fareområde skal merkjast av som omsynssone

§ 11-2 Kommuneplanens samfunnsdel I samfunnsdelen i kommuneplanen skal kommunen kartleggje langsiktige utfordringar tilknytte samfunnstryggleik, og fastleggje mål og strategiar for arbeidet kommunen gjer med samfunnstryggleik. Mål og strategiar skal byggje på ROS-analyse og plan for oppfølging.
§ 11-5 Kommuneplanens arealdel Utgreie og markere potensielle fareområde som omsynssoner og faresoner
§ 11-6 Rettsvirkning av kommuneplanens arealdel

Kommuneplan er bindande for nye tiltak

 

Der arealdelen ikkje stiller krav om reguleringsplan skal kommuneplanens arealdel følgjast ved byggjesøknad

§ 11-8 Hensynssoner Faresone med angivelse av fareårsak
§ 12-1 Reguleringsplan Områderegulering eller detaljregulering
§ 12-2 Områderegulering Identifisere og avgrense fareområda etter tryggleiksklassene i TEK17. Gjentaksintervalla for flaum- og skredfare skal talfestast. Område som ikkje tilfredsstiller TEK17 skal merkjast som fareområde.
§ 12-3 Detaljregulering Identifisere og avgrense fareområda etter tryggleiksklassene i TEK17. Gjentaksintervalla for flaum- og skredfare skal talfestast. Område som ikkje tilfredsstiller TEK17 skal merkjast som fareområde.
§ 12-6 Hensynssoner i reguleringsplan Omsynssoner i kommuneplanens arealdel skal videreførast i reguleringsplan eller innarbeidast i arealformål og føresegner
§ 12-7 Bestemmelser i reguleringsplan Føresegner om utforming av tiltak og krav til plassering
§ 13-1 Midlertidig forbud mot tiltak

Byggje- og deleforbud i påvente av ny plan

 

Forbodet varer inntil 4 år, jf. § 13-2

§ 19-2 Dispensasjonsvedtaket Dispensasjon kan ikkje gjevast dersom omsyna bak føresegna det blir dispensert frå blir vesentlig sett til side. Tryggleik er eit viktig nasjonalt omsyn. I praksis vil det derfor svært sjeldan vere aktuelt å dispensere i fareområder
§ 20-1 Tiltak som omfattes av byggesaksbestemmelsene Liste over kva tiltak som er omfatta av TEK17 og krav til tryggleik mot naturpåkjenningar
§ 20-3 Søknadspliktige tiltak med krav om ansvarlige foretak Liste over kva tiltak som krev søknad og ansvarsrett
§ 20-4 Søknadspliktige tiltak som kan forestås av tiltakshaver Liste over kva tiltak som krev søknad, men som kan gjennomførast av tiltakshaver sjølv. Tiltaka er ytterligere omtalte i SAK10 kap 3.
Krav til tryggleik gjeld, og tiltakshavar har fullt ansvar for at tiltaket oppfyller krav til tryggleik mv.
§ 20-5 Tiltak som er unntatt fra søknadsplikt Liste over kva tiltak som ikkje krev søknad, men som kan gjennomførast av tiltakshavar sjølv. Tiltaka er ytterligere omtalte i SAK10 kap 4. Krav til tryggleik gjeld, og tiltakshavar har fullt ansvar for at tiltaket oppfyller krav til tryggleik mv.
§ 21-4 Behandling av søknaden i kommunen Kommunen skal leggje til grunn opplysningar i søknaden om at tiltaket oppfyller tekniske krav
§ 28-1 Byggegrunn, miljøforhold mv. og § 29-5 tekniske krav Heimel for byggteknisk forskrift TEK17
§ 28-1 første ledd Avslagsheimel i byggjesak når tryggleiken ikke er tilstrekkelig dokumentert av søkjar
§ 28-1 annet ledd Byggje- og deleforbud. Heimel for kommunen til å nedleggje byggje- og deleforbud utan at det er krav om ny plan slik det er etter § 13-1
§ 28-1 annet ledd Heimel for kommunane til å stille særleg krav til byggjegrunn, sikringstiltak mv.
§ 29-5 Tekniske krav Heimel for byggteknisk forskrift
§ 29-5 Tekniske krav Pliktregel: Tiltak skal prosjekterast slik at det oppfyller krav til tryggleik mv.
Listen er ikke uttømmende

 

Særleg relevante føresegner i byggteknisk forskrift (TEK17) for utbygging i fareområde og krav til tryggleik
Føresegn Krav til tryggleik
§ 7-1 Generelle krav om sikkerhet mot naturpåkjenninger Byggverk skal plasserast og prosjekterast slik at ein oppnår tilfredsstillnde tryggleik mot skade frå alle naturpåkjenningar
§ 7-2 Sikkerhet mot flom og stormflo Krav til tryggleik
§ 7-2 første ledd Bygg hvor konsekvens av flaum er særleg stor, skal ikkje plasserast i flaumutsatt område, dvs. bygg som er samfunnsmessig viktige
§ 7-2 annet ledd

Tydelege krav til tryggleik mot flom.

 

Tryggleiksklassar for flaum. Gjentaksintervall

§ 7-2 tredje ledd

Tydelege krav til tryggleik mot stormflod.

 

Første og andre ledd gjeld tilsvarande for stormflod

§ 7-2 fjerde ledd Tryggleik mot erosjon.
§ 7-2 femte ledd Unntaksføresegn som opnar for at mindre tilbygg, bruksendring og ombygging kan liggje i tryggleiksklasse F1
§ 7-3 Sikkerhet mot skred Krav til tryggleik
§ 7-3 første ledd Bygg der konsekvens av skred er særleg stor, skal ikkje plasseres i skredutsett område, dvs. bygg som er samfunnsmessig viktige
§ 7-3 annet ledd

Tydelege krav til tryggleik mot skred.

 

Tryggleiksklassar for skred. Gjentaksintervall

 

Kvikkleire følgjer eigen metodikk

§ 7-3 tredje ledd

Unntaksføresegn som opnar for at mindre tilbygg, bruksendring og ombygging kan liggje i tryggleiksklasse S1.

 

Unntaksføresegna gjeld ikkje i kvikkleireområde

§ 7-4 Sikkerhet mot skred. Unntak for flodbølge som skyldes fjellskred Fjellpartier med omfattande varslingssystem kan byggjas ut trass fare for flodbølgje

 

Særleg relevante føresegner i byggteknisk forskrift –naturpåkjenningar - laster som primært skal varetakast i prosjektering
Føresegn Krav til tryggleik
§ 10-1 Personlig og materiell sikkerhet Byggverk skal plasserast og prosjekterast slik at ein oppnår tilfredsstillande tryggleik
§ 10-2 Konstruksjonssikkerhet Bygningar skal tole dei laster dei blir utsette for, også naturlaster, eks. snølast, vindlast og seismiske laster
§ 13-5 Radon Bygningar skal ha radonførebyggjande tiltak
§ 13-9 Generelle krav om fukt Grunnvatn, overflatevann mv. skal ikkje trengje inn og gje skadar
§ 13-10 Fukt fra grunnen Krav til bortleiing av sigevann
§ 13-11 Overvann Terreng rundt bygning skal ha fall for å lede bort overvatn og takvatn
§ 13-12 Nedbør Tiltaket skal vere utforma slik at regn og smeltevann renn av og slik at nedbør blir drenert bort
§ 15-8 Utvendig avløpsanlegg med ledningsnett. Overvann og drensvann Krav om bortleiing av overvatn. Overvatn og drensvatn skal i størst mogleg grad infiltrerast eller på annan måte handterast lokalt for å sikre vassbalansen i området og unngå overbelastning på avløpsanlegga

 

Særleg relevante føresegner i byggesaksforskrifta (SAK10) – søknad, dokumentasjon, ansvar, saksbehandling ved utbygging i fareområder
Føresegn Krav til tryggleik
§ 4-1 Tiltak som ikke krever søknad og tillatelse

Tiltak unnateke søknadsplikt skal også oppfylle krav til tryggleik mot naturpåkjenningar i TEK17 kap 7.

 

Tiltakshaver må koste fagkunnige utrgreiingaer av tryggleien mot naturpåkjenningar på byggetomtas før arbeida kan setjes i gang.

 

Dette gjeld eksempelvis for garasjar og mindre grave- og fyllingsarbeid.

§ 5-4 Opplysninger som skal gis ved søknad om tillatelse til tiltak
Det skal stadfestas og dokumenterast i søknaden til kommunen at tryggleik mot naturpåkjenningar oppfyller pbl. § 28-1 og TEK17 kap 7
§ 6-4 Rammetillatelse

Vedtaket skal omfatte tryggleik mot fare.

 

Dersom tilstrekkeleg tryggleik ikkje er dokumentert i søknaden, skal kommunen avslå søknaden jf. pbl. § 28-1.

§ 12-1 Tiltakshavers ansvar
Etter pbl. § 23-3 er tiltakshavar hovudansvarleg for at tiltak oppfyller krava til tryggleik mot naturpåkjenningar mv. Tiltakshavar skal skaffe på plass kvalifiserte føretak som skal ta på seg ansvarsrett, der det er krav om ansvarsrett. Der det ikkje er krav om ansvarsrett, har tiltakshavar alt ansvar alene.
§ 12-2 Ansvarlig søkers ansvar
Ansvarleg søkjar skal sjå til at søknaden er komplett, inkludert dokumentasjon for tryggleik mot naturpåkjenningar. Eventuelle fagkunnige utgreiingar skal leggjast ved søknaden
§ 12-3 Ansvarlig prosjekterendes ansvar
Ansvar for å oppfylle krav til tryggleik mot naturpåkjenningar i TEK17 kap 7. Ansvar for at prosjekteringa er kvalitetssikra. Ansvar for å dokumentere på den måten som TEK17 kap. 2 krev.
§ 12-4 Ansvarlig utførendes ansvar
Ansvar for å utføre fagmessig i samsvar med produksjonsunderlaget frå prosjekterande
§ 12-5 Ansvarlig kontrollerende

Ansvar for å kontrollere at prosjektering og utførelse av tiltaket er i samsvar med krav gjevne i eller med heimel i pbl

 

Obligatorisk uavhengig kontroll av geoteknikk i tiltaksklasse 2 og 3 slår inn ved byggjesaker i fareområde

§ 14-2 Obligatoriske krav om uavhengig kontroll
Obligatorisk uavhengig kontroll for geoteknikk i tiltaksklasse 2 og 3. Kravet inneber at det alltid skal vere uavhengig kontroll av prosjektering og utføring i fareområde
§ 14-3 Krav om uavhengig kontroll etter kommunens vurdering
Kommunen kan krevje at det blir gjennomført kontroll av dei oppgåvene dei mener det er behov for, eksempelvis kontroll av tryggleik mot naturpåkjenningar i fareområde

2.5. Nærare om plan- og bygningslova § 28-1

Utgangspunktet for krava til tryggleik mot naturpåkjenningar er i hovudsak pbl. § 28-1. Føresegna gjev heimel for krava til tryggleik gjevne i TEK17, samtidig som føresegna også gjev kommunen heimel for å fatte ulike vedtak i byggjesak.

Figur 1.4. plan- og bygningslova § 28-1

Plan- og bygningsloven § 28-1. Byggegrunn, miljøforhold mv.

Grunn kan berre byggjast på eller eigedom opprettast eller endrast dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Det same gjeld for grunn som er utsett for fare eller vesentleg ulempe som følgje av tiltak.

For grunn som ikkje er tilstrekkeleg sikker, skal kommunen om nødvendig leggje ned forbod mot oppretting eller endring av eigedom eller oppføring av byggverk, eller stille særlege krav til byggjegrunn, bygningsmasse og uteareal.

Departementet kan gje nærare forskrifter om tryggleiksnivå og krav til undersøkingar, sikringstiltak for person eller eigedom, dokumentasjon av tiltaket og særskilte sikringstiltak.

 

Pbl. § 28-1 første ledd fastset at grunn berre kan byggjast på dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Krava til tryggleik er vidare konkretiserte i TEK17. Krava til tryggleik i TEK17 er gjevne med heimel i pbl. §§ 28-1 og 29-5.

Føresegna inneber også at det ikkje kan gjennomførast tiltak på ein eigedom som medfører at andre eigedomar er utsette for fare eller vesentleg ulempe. Dette er særleg aktuelt i kvikkleireområde der inngrep ein stad kan få konsekvensar i eit større område.

Verkeområdet for § 28-1 er knytt til verkeområdet for pbl. § 20-1. Krav til tryggleik gjeld derfor ikkje for alminneleg vedlikehald/oppussing. Sjå blant anna rundskriv H-5/18 Samfunnssikkerhet i planlegging og byggesaksbehandling punkt 3 om føresegna.

Det er viktig å merke seg at plikta til å vurdere § 28-1 tek til å gjelde ved ein faktisk søknad. Plan- og bygningslova er ikkje til hinder for vidareføring av lovleg etablert bruk, og kommunen kan ikkje bruke føresegna til å stille nye og strengare krav til eksisterande byggverk eller verksemd. Dette gjeld også for byggverk eller verksemder som ligg i eit flaum- eller skredutsett område.

Dersom kommunen har gjeve løyve til tiltak, og det seinare viser seg at løyvet byggjer på uriktige opplysningar eller at nye opplysningar avdekkjer at området er fareutsett, slik at pbl. § 28-1 kan få innverknad, må kommunen vurdere om det er nødvendig å omgjere løyvet etter forvaltningslova § 35.

Pbl. § 28-1 omhandlar forhold som skred, flaum, flodbølgjer, radon, støy og ureining. Naturlege og menneskeskapte farar og ulemper blir prinsipielt behandla på same måte, men det er skilnader mellom dei enkelte farane og korleis dei blir handterte.

Kravet om tilstrekkeleg tryggleik gjeld fare og vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Farar, skadar eller ulemper, som kjem av mangelfull eller feilaktig prosjektering eller utføring av grunn-, fundamenterings- eller terrengarbeid i samband med byggetiltaket, fell utanfor pbl. § 28-1.

Fare og vesentleg ulempe

Pbl. § 28-1 omhandlar både fare og vesentleg ulempe. Begge forhold kan medføre avslag på byggjesøknad, byggjeforbod eller særlege krav. Innhaldet i omgrepa fare og vesentleg ulempe skal forståast i tråd med Rundskriv H-5/18 Samfunnssikkerhet i planlegging og byggesaksbehandling, utgjeve av KMD.

Fare

Fare omfattar dei situasjonane der det i utgangspunktet ikkje er tilfredsstillande tryggleik for menneskeliv og materielle verdiar.

Enkelte naturpåkjenningar kan medføre fare. I utgangspunktet kan vi dele naturpåkjenningane inn i to kategoriar:

  • laster som bygningar blir dimensjonerte for og som er gjenstand for ordinær prosjektering. Dette er laster som snølaster, vindlaster og seismiske laster, og desse lastene er omhandla i prosjekteringsstandardar. Slike naturpåkjenningar fell utanfor verkeområdet for § 28-1
  • laster ein prøver å unngå ved å plassere bygningar slik at dei ikkje blir ramma. Døme på denne typen laster er blant anna flaum og skred. Dette ligg innanfor verkeområdet for § 28-1, og skal varetakast for å kunne få byggjeløyve. Tryggleik mot slike naturpåkjenningar skal dokumenterast av utbyggjar og vurderast av kommunen i byggjesaksbehandlinga

Overvatn er ikkje ein naturfare på linje med flaum og skred. Med overvatn meiner vi overflateavrenning som regn og smeltevatn, frå plassar, gater, takflater etc. Hyppige episodar av styrtregn og ekstremnedbør vil føre til auka overvatn og lokale overfløymingar på stader der det ikkje er vassdrag. Slike overfløymingar kan medføre store skadar. Dette er det spesielt viktig å ha fokus på ved fortetting i urbane område. Overvatn skal varetakast i arealplanlegging og av prosjekterande ved utbygging. Overvatn er ikkje ein naturfare som medfører byggjeforbod slik flaum og skred gjer i visse område. Overvatn skal varetakast av prosjekterande og utførande ved all utbygging på lik linje med andre laster som byggverket skal dimensjonerast for. Sjå TEK17 særleg §§ 15-8 og 13-11.

Vesentleg ulempe

Vesentleg ulempe dekkjer forhold som ikkje inneber direkte fare, men som likevel er såpass sjenerande for bebuarar og andre at det er grunn til å rekne tomta som ueigna til utbygging, eller at det må setjast i verk sikringstiltak.

For at det kan seiast at det ligg føre vesentleg ulempe må graden av sjenanse overstige det alminnelege. Ved vurderinga må det takast omsyn til føremålet med bygningen, om ulempa er til stades permanent eller inntreffer med intervall. Det må også takast omsyn til konsekvensane av ulempa. Føremålet med bygningen vil også vere relevant, medrekna om bygningen skal brukast permanent eller berre til visse tider. Det skal relativt mykje til før ei ulempe blir rekna for å vere vesentleg.

Tilstrekkeleg tryggleik

Krava til tryggleik i pbl. § 28-1 må sjåast i samanheng med krava til tryggleik som følgjer av TEK17. Det krevst ikkje absolutt visse om at faresituasjon ikkje vil oppstå eller at vesentleg ulempe ikkje vil førekome. Krav til tryggleik mot naturpåkjenningar inneber at det skal liggje føre tilstrekkeleg tryggleik.

Kva som er rekna som tilstrekkeleg tryggleik, blir vurdert med utgangspunkt i føremålet med tiltaket. Til dømes blir det vanlegvis stilt strengare krav i saker som gjeld frådeling til bustadføremål enn til landbruksføremål. På same måte blir det stilt strengare krav ved oppføring av sjukehus og barnehagar enn ved små garasjar og uthus. Dette blir utdjupa nærare i kapitla 3 til 7.

2.6. Arealplanlegging

Krava til tryggleik i byggteknisk forskrift er førande for arealplanlegging. Eit område kan ikkje regulerast til å byggjast på dersom den påfølgjande utbygginga ikkje kan oppfylle krava til tryggleik. Ein arealplan som ikkje har lagt krava til tryggleik til grunn, vil ikkje kunne gjennomførast med utbygging. Det må derfor avklarast på planstadiet om utbyggingsområdet tilfredsstiller krava til tryggleik i TEK17, eventuelt om sikringstiltak kan bidra til å oppnå tilstrekkeleg tryggleik.

Dersom krava til tryggleik mot naturpåkjenningar i TEK17 først hadde vorte vurderte i den konkrete byggjesaka, kan det hende at det ikkje er mogleg å byggje i samsvar med vedteken plan. Dette ville vore svært uheldig.

Juridisk har føresegner i lov høgare rang enn forskriftsføresegner, men for arealplanlegging legg krava til tryggleik i TEK17 i realiteten premissane for arealplanlegging.

Undersøkingar og utgreiingar i samband med utarbeiding av arealplanar

Ved utarbeiding av planar for utbygging skal planmyndigheita sjå til at risiko- og sårbarheitsanalyse blir gjennomført, eller sjølv gjere analyse.

Område med fare, risiko eller sårbarheit skal merkjast av i planen som omsynssone. I arealplanane skal planmyndigheita vedta forbod eller eventuelle føresegner for utbygging som er nødvendig for å avverje skade og tap.

Utgreiing av naturfarar på kommuneplannivå har som mål å kartleggje areal med potensiell fare i område der det kan vere aktuelt med utbygging. Potensielt fareområde skal merkjast av som fareomsynssone etter pbl. § 11-8 bokstav a, jf. pbl. § 12-6.
Utgreiing av naturfarar på reguleringsplannivå (områderegulering og detaljregulering) skal utgreie reell fare. Utgreiinga skal identifisere og avgrense fareområda i samsvar med relevante tryggleiksklassar i TEK17. Flaum- og skredfare og liknande skal detaljkartleggjast, og gjentaksintervalla skal talfestast i tråd med TEK17. Det er den som utarbeider planforslaget som har ansvaret for utgreiingane og som skal innhente og koste dei fagkunnige utgreiingane. Område som ikkje tilfredsstiller TEK17, skal merkjast av som fareområde i reguleringsplanen.

Klimaendringar vil få konsekvensar for arealplanlegging og plassering av bygningar. Planlegging skal derfor blant anna bidra til at samfunnet førebuast på og tilpassast klimaendringane, sjå Statlige planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpasning frå 2018. Klimaendringane kan føre til hyppigare hendingar av flaum og skred med meir og at hendingane blir meir ekstreme.

Ny kunnskap om potensielle fareområde og effektar av klimaendringar kan føre til at område som tidlegare har vore rekna som tilstrekkeleg sikre for utbygging, ikkje lenger innfrir krava til tryggleik. Klimaframskrivingar er eit viktig grunnlag for at samfunnet kan tilpasse seg til klimaendringane. Klimaframskrivingar er usikre og uvissa er størst på lokal skala. Det er likevel indikasjonar på kva slags endringar vi kan risikere å få i Noreg i dette hundreåret. Hovudtrenden er eit varmare og våtare klima. Sjå meir om klimaendringar i kapittel 1.

Viktige hjelpemiddel knytte til arealplanlegging

Rundskriv H-5/18 Samfunnssikkerhet i planlegging og byggesaksbehandling frå KMD gjev rettleiing om arealplanlegging og utbygging i fareområde.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve ut Retningslinje 2/2011 Flaum- og skredfare i arealplanar, sist revidert 22. mai 2014. Denne omtaler kva for flaum- og skredprosessar som kan utgjere fare og korleis desse farane bør utgreiast og innarbeidast i arealplanar.

I tillegg har NVE utgjeve to rettleiarar som utdjupar byggteknisk forskrift kap. 7 og NVEs retningslinje 2/2011:

  • NVE-rettleiar Utredning av sikkerhet mot skred i bratt terreng. Utredning av skredfare i arealplanlegging og byggesak (nettbasert, 2020) utdjupar nærare korleis skredfare bør kartleggjast og utgreiast.
  • NVE-rettleiar 1-2019 Sikkerhet mot kvikkleireskred - Vurdering av områdestabilitet ved arealplanlegging og utbygging i områder med kvikkleire og andre jordarter med sprøbruddegenskaper utdjupar korleis slik skredfare bør kartleggjast og utgreiast.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har utgjeve rettleiaren Samfunnssikkerhet i kommunens arealplanlegging (2017) – Metode for risiko- og sårbarhetsanalyse i planleggingen.  Den skildrar metoden for risiko- og sårbarheitsanalysar for alle nye område planlagt for utbygging. Den skildrar også ROS-analysen sitt forhold til kommunale planprosessar.

DSB gjev i rettleiaren sin Havnivåstigning og stormflo – samfunnssikkerhet i kommunal planlegging (2016) råd om korleis kommunar og andre kan gå fram for å skaffe seg oversikt over farar, risikoar og sårbarheit for havnivåstigning, stormflod og bølgjepåverknad.DSB gir i sin veileder 2016) råd om hvordan kommuner og andre kan gå fram for å skaffe seg oversikt over farer, risikoer og sårbarhet for havnivåstigning, stormflo og bølgepåvirkning.

Klimahjelperen. En veileder i hvordan ivareta samfunnssikkerhet og klimatilpasning i planlegging etter plan- og bygningsloven (2015) utgjeven av DSB med fleire, er ein rettleiar i korleis vareta samfunnstryggleik og klimatilpassing i planlegging etter plan- og bygningslova. Norsk klimaservicesenter har også utarbeidd regionale klimaprofilar til bruk i kommunal og regional miljø- og klimaplanlegging.


2.7. Avslag i byggjesak

Grunn kan berre kan byggjast på dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Dersom utbyggjar ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg tryggleik, så skal kommunen avslå søknad om byggjeløyve.

Søkjar må gjere greie for krava til tryggleik

Kommunen skal vurdere forholdet til pbl. § 28-1 som ein del av saksbehandlinga for alle byggje- og delesaker. I søknaden skal søkjar gjere greie for om krava til tryggleik er oppfylte. I potensielle fareområde krevst det faglege kvalifikasjonar for å kartleggje og utgreie kor vidt det ligg føre tilstrekkeleg tryggleik mot naturpåkjenningar.

Normalt har ikkje tiltakshavar eller ansvarleg søkjar slik kompetanse. Kompetansen må derfor innhentast og dokumentasjon frå fagkunnig må leggjast ved for at søknaden skal bli fullstendig.

Avslag dersom tryggleikskrava ikkje er dokumentert

Kommunen skal gje avslag på byggjesøknaden i potensielle fareområde dersom det ikkje blir stadfesta og dokumentert tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe i søknaden. Pbl. § 28-1 er ein avslagsheimel og han inneheld ei plikt for kommunen til å avslå der krava til tryggleik ikkje er tilfredsstillande dokumentert. Eit avslag gjeve i medhald av pbl. § 28-1 skal grunngjevast, jf. forvaltningslova (fvl.) §§ 24 og 25. Vedtaket kan klagast inn til Statsforvaltaren etter fvl. § 28.

Krav til tryggleik gjeld ved alle typar byggjearbeid

Kravet til tryggleik gjeld for oppføring, tilbygg, påbygg, underbygging og plassering av alle typar byggverk. Dette omfattar blant anna bygningar, anlegg, konstruksjonar, terrenginngrep, bygging av veg og parkeringsplassar.
Kravet til tryggleik gjeld uavhengig av sakstype og søknadsplikt. Pbl. § 28- 1 gjeld for alle nye tiltak. Føresegna gjeld også for tiltak på eksisterande byggverk og bruksendringar av bygning, anlegg eller tomt.

Krav til tryggleik gjeld ved deling av eigedom

Kravet til tryggleik gjeld ved søknad om deling av eigedom. Omgrepet deling omfattar all søknadspliktig deling, uavhengig av om frådelinga skjer til bustadføremål eller anna føremål. Det følgjer direkte av pbl. § 28-1 at krava til tryggleik skal vere oppfylt for at eigedom skal kunne opprettast eller endrast.

2.8. Byggje- og deleforbod

Kommunen kan leggje ned byggjeforbod eller forbod mot oppretting eller endring av eigedom for område som ikkje har tilstrekkeleg tryggleik mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold. Dette følgjer av pbl. § 28-1 andre ledd.

Forbodet kan gjelde ei enkelt tomt eller ein eigedom eller eit større område. Forbodet må vere tydeleg avgrensa i kommunen sin kartdatabase eller kartverk. Forbod etter pbl. § 28-1 andre ledd medfører inga reguleringsplikt for kommunen. Dette i motsetnad til vedtak om dele- og byggjeforbod i medhald av pbl. § 13-1 som varer i 4 år dersom ikkje planspørsmålet er avgjort.

Omsynet bak pbl. § 28-1 er at frådeling og etablering av nye tomter og oppføring av bygningar berre kan skje der byggjegrunnen og natur- og miljøforholda er tilstrekkeleg sikre.

Vedtak om forbod mot bygningsmasse etter pbl. § 28-1 kan fattast både som eit svar på søknad om løyve til tiltak, men også utan at det i framkant er søkt om løyve til tiltak. I tilfelle der kommunen vurderer å fatte vedtak om forbod mot bygging etter pbl. § 28-1 utan at det ligg føre søknad om løyve til tiltak, skal det gjevast førehandsvarsel om dette til dei heimelshavarane det vedkjem, med frist for uttale, jf. forvaltningslova (fvl.) § 16.

Vedtaket skal grunngjevast og skal innehalde opplysning om klagerett og klagefrist, jf. fvl. §§ 24-25 og §§ 28 flg. Ligg det føre ein søknad om løyve til tiltak, må denne avgjerast med eige vedtak om avslag.

Saksbehandlingsfristane i SAK10 og pbl. § 21-7 gjeld som normalt. Eit allereie fatta vedtak om forbod mot bygging avgjer ikkje ein innkomen byggjesøknad om løyve til tiltak, men vil vere heimel for avslag på søknaden.

Pbl. § 28-1 gjeld i uregulert og regulert område. I uregulerte område og i byggjeområde som er omfatta av eldre reguleringsplanar, må ein ta som utgangspunkt at byggjegrunn og natur- og miljøforhold gjennomgåande ikkje har hatt like grundige undersøkingar som område med nyare reguleringsplanar.

Erfaringar og ny teknologi har medført at det i dag er langt større kunnskap om naturfarar enn tidlegare. Nye kartleggingar, forskingsresultat, klimaendringar og fortetting påverkar avgjerder om tilstrekkeleg tryggleik.

Forhold som kommunen på tidspunkt for dele- eller byggjeløyve ikkje hadde høve til å kunne oppdage, blir ikkje ramma av føresegna. Forhold som har inntreft seinare kan likevel grunngje avslag på nye søknader og eventuelt føre til behov for byggje- og deleforbod og regulering til fareområde.

2.9. Kommunen kan stille særlege krav

Dersom det ikkje ligg føre tilstrekkeleg tryggleik, har kommunen heimel til å stille særlege krav til byggjegrunn, bygningsmasse og uteareal. Dette følgjer av pbl. § 28-1 andre ledd.

Særlege krav blir fastsette i løyvet til tiltaket. Føresetnaden for å setje krav og vilkår etter andre ledd er at det dreier seg om ein fare eller vesentleg ulempe som går inn under første ledd. Det er føremålstenleg med trinnvis saksbehandling slik at vilkåra kan fastsetjast tidlegast mogleg.

Særlege krav refererer til tiltak eller vilkår som oppveg faren eller den vesentlege ulempa. Det kan eksempelvis dreie seg om tiltak i form av flaumverk, utforming av bygning eller vilkår som avgrensar bruken av uteareal eller bygning eller bygningsdel.

Etter innføringa av ansvarsrettsreforma i 1997 blir kommunane rådde frå å føreslå val av konkrete/detaljerte sikringstiltak. Når det gjeld prosjektering og utføring av sikringstiltak, skal dette følgje ansvarsrettssystemet der det tilhøyrer prosjekteringsansvaret å finne fram til dei konkrete tiltaka eller løysingane som eliminerer faren eller den vesentlege ulempa, eller reduserer den til eit tilfredsstillande nivå i tråd med krav i TEK17. Dette er prosjekterande sitt ansvar. Kommunen skal sjå til at det blir lagt fram tilstrekkeleg dokumentasjon. Dersom prosjekteringa ikkje er underlagt obligatorisk uavhengig kontroll etter SAK10 § 14-2, bør kommunen vurdere å krevje uavhengig kontroll av prosjekteringa etter reglane i § 14-3 første ledd.

2.10. Mindre tiltak som er unnatekne søknadsplikt

Kravet til tryggleik mot naturpåkjenningar gjeld ved alle typar byggjearbeid. Krava til tryggleik gjeld uavhengig av om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje. Krava til tryggleik gjeld også for tiltak på eksisterande byggverk og bruksendringar av bygning. Krava til tryggleik gjeld uavhengig av om området er uregulert eller omfatta av ein arealplan.

Dette inneber at krav til tryggleik mot flaum, stormflod, steinsprang, steinskred, leirskred, kvikkleireskred, lausmasseskred, flaumskred, jordskred, snøskred og fjellskred og liknande gjeld ved mindre arbeid,, sjølv om arbeida ikkje er søknadspliktige. Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar gjeld derfor eksempelvis ved oppføring av garasjar og tilbygg, ved oppretting av biloppstillingsplassar og internveg på tomt og ved små grave- og fyllingsarbeid.

Unntaksføresegna i byggjesaksforskrifta SAK10 § 4-1 som gjev unntak frå søknadsplikt for mindre arbeid, føreset at tiltaket er i samsvar med regelverket. Vilkåret for unntak frå søknadsplikt inneber at arbeidet må vere i samsvar med både arealplan og med andre krav som blir stilte i plan- og bygningslova med forskrifter. Dette vil seie at dersom krava til tryggleik etter TEK17 kap. 7 ikkje blir følgde, så vil tiltaket ikkje vere unnateke søknadsplikt etter SAK10 § 4-1.

Overordna arealplanar byggjer normalt på oversiktskartlegging av naturfare og store område kan vere merkt av som omsynssone, sjølv om enkelttomter innanfor omsynssona kan ha tilstrekkeleg tryggleik. Det vil alltid vere krav om fagkunnig utgreiing av tryggleiken ved byggjetomta ved tiltak i område som er merkte av som omsynssone i plan.

Utgreiing av naturfare krev kompetanse og må gjennomførast av fagkunnig. Kostnadene til dette må dekkjast av tiltakshavar. Før arbeidet kan byrjast på, må dokumentasjon på at krav til tryggleik mot naturpåkjenningar er oppfylt, liggje føre. Kommunen kan etterspørje denne dokumentasjonen ved tilsyn. Kostnadene til utgreiingar kan vere store og dei overstig i mange tilfelle kostnaden til sjølve byggjearbeidet. Dette blir av mange opplevd som urimeleg, og det vil i ein del tilfelle medføre at tiltakshavar skrinlegg prosjektet.

Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar skal sikre vern av liv og materielle verdiar. Også mindre tiltak kan ha stor innverknad på persontryggleik og materielle verdiar. Eksempelvis kan kvikkleireskred utløysast av små grave- og fyllingsarbeid. Det er derfor viktig at tiltakshavarar er klar over at krav til tryggleik i TEK17 kap. 7 også gjeld ved mindre arbeid som er unnatekne søknadsplikt, og at tiltakshavarar hentar inn fagkunnige ved utgreiing av tryggleiken ved byggjetomta mot naturpåkjenningar.

2.11. Kva for tryggleikskrav gjeld for tiltak som er regulerte av andre lover?

Krava til tryggleik gjeld for alle bygningar, konstruksjonar og anlegg, uavhengig av søknadsplikt til bygningsmyndigheitene og uavhengig av om tiltaket også er regulert av særlovgjeving. Dette gjeld eksempelvis for veg- og jernbaneanlegg og anlegg for produksjon av energi. Slike tiltak kan vere unnatekne frå krav om byggjesaksbehandling, men ikkje frå materielle krav til tryggleik, jf. SAK10 § 4-3. Krava i TEK17 kap. 7 til tryggleik mot naturpåkjenningar gjeld derfor også for tiltak som er regulert av andre lover.

Ein del av tiltaka som er unnatekne byggjesaksbehandling og ansvar, er konstruksjonar og anlegg. TEK17 er i hovudsak ei funksjonsbasert forskrift som omfattar alle typar byggverk. Plan- og bygningsregelverket er likevel i stor grad utforma med tanke på bygningar. Ei rekkje føresegner, attåt rettleiingsmateriell og retningsgjevande døme, er derfor meir direkte brukande for bygningar. Krava til tryggleik mot naturpåkjenningar må i mange tilfelle fortolkast og utdjupast for å få praktisk nytte for konstruksjonar og anlegg. Særlovgjeving konkretiserer i enkelte tilfelle krava innanfor rammene som TEK17 gjev. TEK17 gjeld uavhengig av særlovgjevinga og krava etter spesiallovgjevinga må ikkje kome i strid med TEK17.

Nedanfor følgjer ein tabell som viser tiltak unnateke søknad og saksbehandling etter plan- og bygningslovgjevinga fordi dei er regulerte av andre lover. Tabellen gjev ei oversikt over ein del utfyllande tryggleikskrav, i tillegg til krava i TEK17, som følgjer av særlovgjevinga. Tabellen viser vidare kva for myndigheit som er relevant særmyndigheit for desse tiltaka, og kva krav i plan- og bygningslovgjevinga tiltaka er unnatekne frå.

For tiltak som er unnatekne søknadsplikt etter SAK10 § 4-3 fordi dei er regulerte av særlovgjeving, har tiltakshavar likevel ei meldeplikt til bygningsmyndigheitene.

Melding til kommunen

Tiltak som er unnatekne søknad fordi dei er varetekne av særlovgjeving skal innrapporterast til kommunen både før og etter at arbeida er utførte

Når skal første melding sendast?

  • Når tiltaket er godkjent etter særlovgjevinga

Kva skal meldinga innehalde?

  • tidspunkt for igangsetjing
  • informasjon om plassering av tiltakets 

Når skal siste melding sendast kommunen?

  • seinest 4 veker etter at tiltaket er ferdig

Kva skal meldinga innehalde?

  • informasjon om den faktiske plassering av tiltaket slik det vart utført

Tiltakshavar skal underrette kommunen når tiltak etter SAK10 § 4-3 er godkjent etter andre lover. Føremålet med meldeplikta er at kommunen skal gjevast høve til å føre tilsyn og å oppdatere kartverk. Tiltakshavar skal i underretninga ha med tidspunktet for igangsetjing.

Alle opplysningar om plassering av tiltaket som er nødvendige for ajourføring av det offentlege kartverket, medrekna kommunane og staten sine felles kartdatabasar, skal sendast kommunen saman med underretninga, jf. pbl. kapittel 2 Krav om kartgrunnlag, stedfestet informasjon mv. Vidare skal tiltakshavar sende underretning til kommunen om plassering av tiltaket slik det er utført seinast fire veker etter at tiltaket er ferdig.

Oversikt over tiltak unnatekne søknadsplikt etter pbl. som er regulerte av særlovgjeving

 

Offentlege veganlegg
Ansvarleg myndigheit: Statens vegvesen 
Sentral myndigheit: Vegdirektoratet
Vilkår for unntak fra søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Skal byggjast etter veglova

 

Detaljert avklart i gjeldande reguleringsplan

SAK10 § 4-3, første ledd, bokstav a

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31.

 

Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK17

 

Veglova § 13

 

Forskrift om anlegg av offentlig veg § 3

 

Normal: Håndbok N200 Vegbygging

Offentlege veganlegg
Ansvarleg myndigheit: Statens vegvesen eller fylkeskommunen
Sentral myndigheit: Vegdirektoratet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Statens vegvesen eller fylkeskommunen er tiltakshavar SAK10 § 4-3, første ledd, bokstav a

Pbl. kap. 22, 23, 24, 25

 

Ikkje unnateke TEK17

Veglova § 13

 

Forskrift om anlegg av offentlig veg § 3

 

Normal: Håndbok N200 Vegbygging

Tunnelsikkerhets-forskriften

Vasskraftanlegg | Tiltak i vassdrag
Ansvarleg myndigheit: NVE (inntil 40 megawatt)
Sentral myndigheit: Olje- og energidepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Konsesjon etter vassfallrettighetslova, vassdragreguleringslova eller vassressurslova

 

 

SAK10 § 4-3, første ledd, bokstav b

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31.

 

Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK17

Rettleiar: Konsesjonshandsaming av vasskraftverk
Bygningar og bygningstekniske installasjonar i samband med vasskraftanlegg eller tiltak i vassdrag (sjå første ledd bokstav b)
Ansvarleg myndigheit: NVE
Sentral myndigheit: Olje- og energidepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
 

SAK10 § 4-3, annet ledd, bokstav a

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25

 

Ikkje unnateke TEK17

 
Kraftledningar og transformatorstasjonar: Anlegg for overføring eller omforming av elektrisk energi som nemnt i energiloven § 3-1, tredje ledd
Ansvarleg myndigheit: Statnett
Sentral myndigheit: Olje- og energidepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Tiltaket er regulert i energilova § 3-1, tredje ledd Pbl. § 1-3 annet ledd

Unnateke det meste av pbl. Berre kap 2 og 14 gjeld.

 

TEK17 gjeld ikkje

Rettleiar for utforming av søknader om anleggskonsesjon for kraftoverføringsanlegg

 

Anlegg for produksjon av elektrisk energi
Ansvarleg myndigheit: NVE
Sentral myndigheit: Olje- og energidepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Anleggskonsesjon SAK10 § 4-3, første ledd, bokstav c

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31

 

Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK17 

Energilova

 

Energilovforskrifta

 

Beredskapsforskrifta

Anlegg for fordeling av elektrisk energi
Ansvarleg myndigheit: NVE
Sentral myndigheit: Olje- og energidepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Områdekonsesjon SAK10 § 4-3, første ledd, bokstav c

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31

 

Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK17

Energilova

 

Energilovforskrifta

 

Beredskapsforskrifta

Fjernvarmeanlegg
Ansvarleg myndigheit: NVE
Sentral myndigheit: Olje- og energidepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Fjernvarmekonsesjon SAK10 § 4-3, første ledd, bokstav c

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31

 

Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK17

Energilova

 

Energilovforskrifta

 

Beredskapsforskrifta

Bygningar og bygningstekniske installasjonar i samaband med anlegg for produksjon av elektrisk energi mv (sjå første ledd bokstav c)
Ansvarleg myndigheit: NVE
Sentral myndigheit: Olje- og energidepartementet 
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
  SAK10 § 4-3, annet ledd, bokstav a

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25

 

Ikkje unnateke TEK17

 
Nettanlegg, anlegg for fornybar energi, andre fornybar energi anlegg
Ansvarleg myndigheit:
Sentral myndigheit: Olje- og energidepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Konsesjon etter havenergilova SAK10 § 4-3, første ledd, bokstav d

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31

 

Ikkje unntatt 29-5, 29-7 og TEK17

Havenergilova
Landbruksvegar
Ansvarleg myndigheit: Kommunen
Sentral myndigheit: Landbruks- og matdepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Godkjent etter skogsbrukslova eller jordlova SAK10 § 4-3, første ledd, bokstav e

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24,25, 27, 28, 29, 30, 31.

 

Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK17

Skogbrukslova

 

Jordlova

 

Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier

 

Normaler for landbruksvegar - med skildring (LMD 2013)

 

Skogsvegbygging med miljøomsyn (LMD 1995)

 

Skogsvegar og skredfare (LMD/NVE 2011)

Flytande akvakulturanlegg i sjø
Ansvarleg myndigheit: Fiskeridirektoratet
Sentral myndigheit: Nærings- og fiskeridepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Gjeve løyve etter akvakulturlova SAK10 § 4--3, første ledd, bokstav f

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31.

 

Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK17

Akvakulturlova
Steinbrot, gruver, massetak inkludert knuseverk, sorteringsanlegg
Ansvarleg myndigheit: Direktoratet for mineralforvaltning
Sentral myndigheit: Nærings- og fiskeridepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Samsvar med reguleringsplan og konsesjon etter minerallova SAK10 § 4-3, første ledd, bokstav g

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31.

 

Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK17

Minerallova
Jernbaneanlegg som sporveg, tunnelbane, forstadsbane
Ansvarleg myndigheit: Statens jernbanetilsyn
Sentral myndigheit: Samferdselsdepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Detaljert avklart i gjeldande reguleringsplan

 

Skal byggjast etter jernbanelova

SAK10 § 4-3, annet ledd, bokstav b

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25

 

Ikkje unnateke TEK17

Jernbanelova

 

Forskrift om krav til sporvei, tunnelbane og forstadsbane m.m. (kravforskriften) (FOR 2014-12-10-1572) §§ 11-1, 11-2

 

Aktøren sitt tekniske regelverk for eigen infrastruktur

Jernbaneanlegg
Ansvarleg myndigheit: Statens jernbanetilsyn
Sentral myndigheit: Samferdselsesdepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Godkjent av Statens jernbanetilsyn etter jernbanelova SAK10 § 4-3, annet ledd, bokstav b

Pbl. kap. 22, 23, 24, 25

 

Ikkje unnateke søknad og TEK17

Jernbanelova

 

Forskrift om samtrafikkevnen i jernbanesystemet (samtrafikkforskriften) (2010-06-16-820) med tilhøyrande TSI-ar (tekniske krav til interoperabilitet)

 

Jernbaneverkets tekniske regelverk/normalar

Navigasjonsinnretning og tiltak i grunnen og sjøgrunnen ved slike innretningar
Ansvarleg myndigheit: Planmyndigheten i kommunen
Sentral myndigheit: Samferdselsdepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Skal byggjast etter hamne- og farvatnslova

SAK10 § 4-3, annet ledd, bokstav c

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25

 

Ikkje unnateke TEK17

Hamne- og farvatnslova
Navigasjonsinnretningar: Gjenoppføring og reparasjon
Ansvarleg myndigheit: 
Sentral myndigheit: Samferdselsdepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Skal byggjast etter luftfartslova SAK10 § 4-3, annet ledd, bokstav c

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25

 

Ikkje unnateke TEK17

Luftfartslova
Moloar, dekningsverk i sjø: Gjenoppføring og reparasjon
Ansvarleg myndigheit: Kystverket
Sentral myndigheit: Samferdselsdepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Kystverket eller kommunen er tiltakshavar

 

Vindkraftanlegg, sjøkablar

 

Anlegg som konsesjonsbehandlast

SAK10 § 4-3, annet ledd, bokstav d

Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25

 

Ikkje unnateke TEK17

Havenergilova kap. 5
Konstruksjonar og anlegg som blir bygde etter føresegner gjevne i eller i medhald av brann- og eksplosjonsvernlova, og utbetring/utskifting/reparasjon av slike anlegg og konstruksjonar
Ansvarleg myndigheit: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) eller brannvesenet
Sentral myndigheit: DSB/Justisdepartementet/DSB
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk

Skal byggjast etter føresegner gjevne i eller i medhald av brann- og eksplosjonsvernlova, t.d. etablering av anlegg som handterer farleg stoff.

 

Grunn- og terrengarbeider, medrekna fundamentering, er ikkje omfatta av unntaket

 

 

SAK10 § 4-3, tredje ledd

Pbl. kap. 22, 23, 24, 25

 

Ikkje unnateke søknad og TEK17

Brann- og eksplosjonsvernlova kap. 2, jf. forskrift 8. juni 2009 nr. 602 om håndtering av farlig stoff og forskrift 26. juni 2202 nr. 922 om eksplosjonsfarlig stoff
Gjerder og anlegg i reindrift
Ansvarleg myndigheit: Reindriftsmyndigheten
Sentral myndigheit: Landbruks- og matdepartementet
Vilkår for unntak frå søknadsplikt m.v. etter pbl Heimel for unntak Kva er dei unnatekne frå? Utfyllande tryggleikskrav i særregelverk
Godkjent etter reindriftslova SAK10 § 4-3, første ledd, bokstav h 

 Pbl. kap. 20, 21, 22, 23, 24, 25, 27, 28, 29, 30, 31.

 

Ikkje unnateke 29-5, 29-7 og TEK17

Reindriftslova

 

Gå tilbake til toppen