Dette kan du lese om i kapittelet
- I tillegg til ei kort omtale av kva stormflod er og informasjon om kartlegging av stormflod, fortel dette kapittelet litt om tryggingstiltak.
- Kapittelet inneheld lenkjer til andre nettsider som har meir informasjon om stormflod.
- Krava til tryggleik mot flaum gjeld også for stormflod. I punkt 3.2. i denne rettleiinga er desse føresegnene omtalte.
4.1. Kva er stormflod?
Den vasstanden vi observerer, består av astronomisk tidvatn og eit vêrbidrag som i hovudsak skriv seg frå lufttrykk og vind.
Astronomisk tidvatn er dei vasstandsendringane som kjem av tiltrekningskreftene mellom jord, måne og sol. Dei er størst ved ny- og fullmåne. Då ligg sola, månen og jorda på ei rett linje og trekkjer i same retning. Resultatet er ekstra høge høgvatn og låge lågvatn. Frå Vestlandet og nordover har vi dei største tidvassforskjellane eit par dagar etter ny- eller fullmåne, medan på Sørlandet og i Oslofjorden har vi dei største tidvassforskjellane to–tre dagar før ny- eller fullmåne. Periodane med ekstra store tidvassforskjellar kallar vi springperiodar.
Endringar i lufttrykk og i vind kan ha stor innverknad på vasstanden langs kysten. Lågt lufttrykk fører til høg vasstand, og kraftig pålandsvind vil presse vatn inn mot land slik at vi får høgare vasstand ved kysten. For norskekysten gjeld dette for det meste vind frå sør og vest.
er eit omgrep som blir brukt når vêrbidraget til vasstanden er stort, slik at den totale vasstanden på éin stad blir ekstra høg. Frå Vestlandet og nordover må stort vêrbidrag vanlegvis falle saman med ein springperiode for at vi skal få svært høg vasstand. På Sør- og Austlandet kan eit høgt vêrbidrag skape ekstra høg vasstand, uavhengig av tidvatnet.4.2. Tryggleik mot stormflod
For stormflod gjeld dei same tryggleiksnivå som for flaum. Krava til tryggleik mot stormflod er gjevne i TEK17 § 7-2 første og andre ledd. Desse føresegnene er omtalte i punkt 3.2. Tryggleik mot flaum i denne rettleiaren.
4.3. Kartlegging av stormflod
Kartverket har lange seriar med vasstandsmålingar. Desse er brukte til å berekne vasstandsnivå med ulike gjentaksintervall, det vil seie det havnivået som i gjennomsnitt vil overstigast éin gong i løpet av gjentaksintervallet (til dømes 200 år). Desse nivåa vil endre seg med tida som følgje av klimatisk havnivåstigning. Informasjon om tidvatn, offisielle vasstandsnivå og framskrivingar for havnivå er å finne på Kartverket si temaside for vasstand og havnivå og i rapporten Sea-Level Rise and Extremes in Norway.
I tillegg til sjølve vasstanden må ein også vurdere bølgjehøgder som kan opptre samtidig med stormfloda på den aktuelle staden. Det er bølgjekreftene som ved høge sjøvasstandar ofte gjev dei største skadane.
I rettleiaren Havnivåstigning og høye vannstander i samfunnsplanlegging, gjev DSB råd om korleis kommunar og andre kan gå fram for å skaffe seg oversikt over farar, risikoar og sårbarheit for havnivåstigning, stormflod og bølgjepåverknad.
4.4. Sikringstiltak
Føresetnaden for å plassere byggverk i område der sannsynet for stormflod er større enn minstekravet i forskrifta, er at det blir gjennomført risikoreduserande tiltak. Dette kan vere sikringstiltak i området eller tilpassing av bygningsmassen. Dei risikoreduserande tiltaka må redusere sannsynet for eller konsekvensen av stormflod mot bygningsmassen til det nivået som er oppgjeve i forskrifta.
Der det ikkje er praktisk mogleg å plassere eller sikre byggverk mot stormflod, kan ein utforme og dimensjonere byggverket slik at det toler overfløyming og dermed ikkje fører til fare for menneske eller større materielle skadar.
Byggverk som i kraft av sin funksjon må liggje i område som kan bli utsette for stormflod, slik som kaiar, bruer, pumpehus og liknande, må konstruerast og oppførast slik at dei er i stand til å tole belastningane under stormflod.
Døme på sikringstiltak
- molo som stormflodvern
- heve byggjegrunnen til flaumsikkert nivå
- byggje uten kjellar