6. Kvikkleire

Kvikkleire finst under den marine grensa. Den marine grensa angjev kor høgt havet sto etter den siste istida.

Dette kan du lese om i kapittelet

  • Kapittelet tek føre seg seg skredfare i kvikkleireområde og område med andre jordartar som også har sprøbrotneigenskaper.
  • Det blir gjort greie for hvilke tryggleiksnivå som skal leggast til grunn ved bygging i slike fareområde. Både kvikkleire og andre jordartar med sprøbrotneigenskaper kan kollapse og bli flytande, og kvikkleira er den jordarten som blir mest flytande/"kvikk".
  • Du får også informasjon om skredkartlegging, undersøkingar av byggjegrunnen og kva for sikringstiltak som kan vere aktuelle i kvikkleireområde.

6.1  Kva er kvikkleire?

Kvikkleireområda i Noreg er gamal havbotn, leirepartiklar avsette med smeltevatn etter den siste istida for ca. 10 000 år sidan. Isen var fleire kilometer tjukk og trykte derfor landet ned. Då isen smelta bort, byrja landet å stige som følgje av trykkavlasting. I dag finn vi kvikkleire opp til 200–300 meter over havet. Dette kallar vi marin grense.

Kvikkleire kan førekome i område under marin grense, det vil seie mellom 0 og cirka 300 meter over havet. På Austlandet finn vi marin grense cirka 220 meter over dagens havnivå, medan ho i Troms ligger cirka 90 meter over dagens havnivå. I Norden var isen tjukkast inst i Bottenviken ved Finland og Sverige. Derfor steig landet mest her.

Det er saltet i leira som held henne fast, ved såkalla elektrostatiske bindingar. Fast kvikkleire kan tole store belastningar. Gjennom åra har regn og grunnvatn gradvis vaska bort mykje av saltet. Denne prosessen har halde på sidan istida. Når saltinnhaldet kjem under eit visst nivå, blir bindingane svekte. Ved overbelastning kan leira plutseleg kollapse og bli «kvikk». Dette kan skje både ved naturleg og menneskeleg påverknad. Små forstyrringar kan gjere at leira går frå fast til flytande form

Det spesielle med eit kvikkleireskred er at eit lite tiltak, inngrep eller ei hending kan få svært store konsekvensar. Eksempelvis kan ei lita utgliding langs ein bekk eller ei utfylling på toppen av ei skråning, utvikle seg til eit skred som omfattar eit stort område. 

Arbeid som kjem i kontakt med kvikkleireførekomstar, kan også i stor grad gå ut over andre. Om eit tiltak aukar faren for kvikkleireskred, aukar det ikkje berre faren for at det ein sjølv byggjer skal bli teke av skred, men også faren for at andre bygningar innanfor faresona kan bli ramma av skred.

Områdeskred blir brukt som samleomgrep for skred i kvikkleire og andre jordartar som kan bli flytande, det vil seie jordartar med sprøbroteigenskapar. Eit områdeskred kan utvikle seg både sidevegs, bakover og framover frå der overbelastninga skjer.

Kvikkleireskred kan vere

  • retrogressive, det vil seie bakovergripande
  • rotasjonskred, det vil seie skred med nedsynking av skråningstoppen og heving i botnen av skråninga
  • flakskred, der eit større flak i slakt terreng glir ut framover eller bakover

Krava til tryggleik mot områdeskred gjeld om det planlagde tiltaket ligg i eller nær ei skråning. Krava gjeld også der det planlagde tiltaket kan kome innanfor losneområdet til eit skred, eller om tiltaket ligg i utløpsområdet for eit skred. Det arealet der skredmassane glir ut frå når eit skred inntreffer, kallar vi losneområde. Det arealet der skredmassane blir avsette, kallar vi utløpsområde.

Ved skred i alminnelege leirskråningar vil utglidingar normalt avgrense seg til den aktuelle skråninga, medan utglidingane ved kvikkleireskred går mykje lenger.

Sidan kvikkleireskred kan utløysast av svært små inngrep, er det viktig at tiltakshavarar er klar over at krav til tryggleik mot kvikkleireskred også gjeld ved mindre arbeid som er unnatekne søknadsplikt, eksempelvis oppføring av garasjar, tilbygg og små grave- og fyllingsarbeid. SAK10 § 4-1 føreset at tiltaket er i samsvar med regelverket. Det vil seie at dersom krava til tryggleik etter TEK17 § 7-3 med rettleiing ikkje blir følgde, vil tiltaket ikkje vere unnateke søknadsplikt etter SAK10 § 4-1.

Kva utløyser kvikkleireskred

Kvikkleireskred kan utløysast av menneskelege inngrep som byggje-, grave- eller fyllingsarbeid, men det kan også utløysast av erosjon i elvar og bekker. Kvikkleireskred kan også utløysast av jordskjelv.

Kvikkleireskred kjem oftast av menneskelig inngrep ved at ein grev for djupt eller for bratt, at ein flyttar på massar eller at det blir fylt opp for høgt.

Store kvikkleireskred har vorte utløyste av mindre byggje- eller gravearbeid. Til dømes:

Eit lite tilbygg (Rissaskredet, 1978)
Her vart gravemassane frå byggjegropa lagde som ein haug / ei fylling. Fyllinga førte til lokal overbelastning. Skredet tok eitt menneskeliv og utraderte 19 eigedomar. Flodbølgja skadde hus 4 km unna.

Fyllingsarbeid (E18 Skjeggestadbrua, 2015)
Gravemassar vart lagde i nærleiken av ei skråning. Dette skjedde i samband med gravearbeid på ei golfbane. Fyllinga førte til lokal overbelastning, og skredet gjorde at motorvegbrua kollapsa. E18 Vestfold vart stengt i over 1 år. Sikrings- og utbetringskostnader kosta 165 millionar kroner.

 

6.2. Tryggleik mot kvikkleireskred

Kravet i § 7-3 første ledd om at nokre byggverk ikkje kan plasserast i skredfarleg område, gjeld også ved utbygging i kvikkleireområde. Dette forbodet inneber at bygningar som speler ei rolle for nasjonal eller regional beredskap og krisehandtering og byggverk for verksemder som er omfatta av storulukkeforskrifta, ikkje kan plasserast i kvikkleireområde.

For tryggleik mot kvikkleireskred bruker vi ikkje årleg sannsyn og gjentaksintervall ved definering av krav til tryggleik, siden hendinga er ei eingongshending. Det følgjer av TEK17 § 7-3 andre ledd at det skal fastsetjast eit tilsvarande tryggleiksnivå for område med fare for kvikkleireskred. Det er ein eigen metodikk for korleis det kan oppnåast tilfredsstillande tryggleik mot områdeskred. Prosedyren er kort forklart i rettleiinga til TEK17 § 7-3, og er nærare skildra i NVE sin kvikkleirerettleiar kap.3.2.

For områdeskred fastset ein trggleikskravet etter geotekniske prinsipp med ein tryggleiksfaktor F. Tryggleiksfaktoren indikerer forholdet mellom stabiliserande krefter og drivande krefter for den skråninga i faresona som har lågast stabilitet.

Områdeskred kan bli svært omfattande, og ei faresone kan ha langt større utbreiing enn det aktuelle tiltaket. Ved alle arbeid i aktsemdsområde må det derfor avklarast om stabiliteten i området er akseptabel, og om tiltaket kan påverke eller bli negativt påverka av stabiliteten i området. Utgreiing av områdeskredfare inneber å vurdere alle skråningar der eit skred kan utløysast og forplante seg inn i tiltaksområdet, og i tillegg område der skredmassar ovanfrå kan ramme tiltaksområdet.

Omfang av nødvendig utgreiing og eventuell sikring av områdestabiliteten i faresoner for kvikkleireskred er avhengig av tiltakskategori og faregraden for kvikkleiresona. Skredfare blir delt inn i tre kategoriar; låg, middels og høg.

Konsekvens er ei vurdering av skadane eit skred kan føre til. Konsekvens blir delt inn i tre kategoriar; mindre alvorleg, alvorleg og svært alvorleg. Skredrisiko er produktet av skredfare og konsekvens. Kvikkleiresonene blir plasserte i risikoklassar på bakgrunn av skredfare og konsekvens. Det er 5 risikoklassar. For risikoklasse 4 og 5 reknar vi risikoen som uakseptabel.

Hovudføremålet med utgreiingskrava er å unngå at tiltak utløyser områdeskred eller at tiltaket blir ramma av områdeskred som er utløyst annan stad. Kravet til tryggleik, vurderingar og dokumentasjon avheng av tiltakskategori, faregrad og påverknaden tiltaket har på stabiliteten i skråningane.

Ulike tiltak skal plasserast i ulike tiltakskategoriar avhengig av risiko og konsekvens. Det er fem tiltakskategoriar, frå K0 til K4. Tiltakskategoriane har stigande krav til utgreiingar der K4 har dei mest omfattande krava.

Tiltak som medfører tilflytting av personar, er plasserte i dei høgaste tiltakskategoriane, K3 og K4. Dette omfattar nybygging av bustader, arbeids- og publikumsbygg.

Tiltak i tiltakskategori K0, K1 og K2 er tiltak som ikkje medfører tilflytting av personar. Dette er tiltak som berre har avgrensa personopphald, som eksempelvis tilbygg, garasjar, mindre drifts- og lagerbygningar og terrengendringar.

I kvikkleirerettleiaren til NVE er det lagt vekt på at skildringane av prosedyre og metodikk skal vere så enkle og oversynlege som råd. I ein del tilfelle kan tilstrekkelege avklaringar gjerast ved vurderingar som ikkje krev spesiell fagkompetanse. For å kunne gjere fullstendige utgreiingar av faresoner for kvikkleireskred er det nødvendig med formell geoteknisk kompetanse og erfaring. NVE-rettleiaren skildrar kva slags kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre forsvarlege vurderingar i ulike tilfelle.

6.3. Kvikkleirekartlegging

Kvikkleireførekomstar finn vi berre under marin grense. NGU-kartet Løsmasser og marin grense viser kvar vi finn marin grense i Noreg, og eventuelle uvisser knytte til fastsetjinga av denne.

NVE har i ei årrekkje gjennomført ei oversiktskartlegging av faresoner for kvikkleireskred. Oversiktskartlegginga er tilgjengeleg i NVE sitt Temakart Kvikkleire. Det er viktig å vere merksam på at oversiktskartlegginga ikkje identifiserer alle område der det finst kvikkleire, men område der det kan gå større skred. Dette vil seie at det finst førekomstar av kvikkleire også utanfor dei registrerte faresonene. Det må derfor utvisast aktsemd også utanfor desse, så lenge ein held til under marin grense.

6.4. Kvikkleireundersøkingar og dokumentasjon

Tiltakshavar har ansvaret for å skaffe nødvendig dokumentasjon på at byggjegrunnen har tilstrekkeleg tryggleik mot fare. Det følgjer av SAK10 § 5-4 tredje ledd bokstav g at dokumentasjonen skal leggjast ved byggjesøknaden.

Alle byggjesøknader i område under marin grense må leggjast ved dokumentasjon på at tryggleiken mot kvikkleireskred er tilfredsstillande. Det må utførast geotekniske grunnundersøkingar med prøvetaking for sikker påvising av sprøbrotmateriale. Dokumentasjonen skal vere utarbeidd av fagkunnige. Er ikkje søknaden vedlagd dokumentasjon, så må kommunen gje avslag på byggjesøknaden, jf. pbl. § 28-1. Dokumentasjon av tryggleik mot områdeskred blir ofte omtalt som dokumentasjon av tilstrekkeleg områdestabilitet.

Alle skred er ulike i form og forløp. Det er vanleg at kvikkleireskred består av ein kombinasjon av ulike skredmekanismar. Eigenskapane ved jordarten, lagtjukner, terrengformasjonar og terrenghalling verkar inn på kor store område som kan bli omfatta av eit skred. Ved vurdering av omfang av skred, blir det skilt mellom losneområde og utløpsområde. Det arealet der skredmassane glir ut frå når eit skred inntreffer, kallar vi losneområde. Det arealet der skredmassane blir avsette, kallar vi utløpsområde.

Den preaksepterte ytinga i rettleiinga til TEK17 § 7-3 er å følgje NVE sin kvikkleirerettleiar som gjev ei detaljert skildring av kva for dokumentasjon som er nødvendig for å stadfeste tilstrekkeleg tryggleik. Denne dokumentasjonen skal leggjast ved byggjesøknaden.

Reint konkret inneber dette:

  • For områdeskredfare blir dokumentasjonskravet oppfylt ved å følgje stega i prosedyren i NVE-rettleiaren (kap. 3.2). Først må det undersøkjast om tiltaket ligg innanfor aktsemdsområde (steg 1-3 i prosedyren).
  • For tiltakskategoriar K0-K2 (tilbygg, garasjar, terrengendringar) er det ikkje nødvendig med soneutgreiing, men tiltaket må ikkje ha negativ påverknad på stabiliteten. Vidare må erosjon som kan utløyse skred som kan ramme tiltaket, førebyggjast.
  • For tiltak i tiltakskategori K3-K4 (bustader, arbeids- og publikumsbygg) som ligg innanfor aktsemdsområde, må det gjerast ei soneutgreiing (steg 4-11 i prosedyren) for å dokumentere tilstrekkeleg tryggleik. Eventuelle sikringstiltak må prosjekterast før byggjesøknaden kan behandlast av kommunen. Soneutgreiinga skal kvalitetssikrast av uavhengig føretak (kap. 4.9).

Ved gjennomføring av arbeida må den ansvarlege i tillegg sjå til at området vil ha tilfredsstillande tryggleik mot skred i alle fasar av byggjearbeidet, slik at stabiliteten ikkje på noko tidspunkt blir forverra.

I byggjesaker skal det også gjennomførast uavhengig kontroll av geoteknikk i tiltaksklasse 2 og 3 etter SAK10 § 14-2. Prosjektering av tiltak i eit fareområde vil minst liggje i tiltaksklasse 2. Byggjesaker i fareområde vil derfor måtte ha ansvarlege føretak for uavhengig kontroll av geoteknikk.

6.5. Sikringstiltak

Byggverk som er reguler av tryggleikskrava i § 7-3 andre ledd kan likevel plasserast i område der sannsynet for skred i utgangspunktet er større enn minstekravet i forskrifta, dersom det blir gjennomført sikringstiltak som reduserer sannsynet for skred mot byggverket og tilhøyrande uteareal til det nivået som er opplyst i forskrifta.

Sikringstiltak skal gjennomførast anten i samband med ny utbygging for å vareta krava til tryggleik i TEK17, eller for å betre tryggleiken for eldre busetnad.

Døme på sikringstiltak mot kvikkleireskred kan vere

  • Topografiske tiltak som motfylling og avlastning av skråningstopp
  • Erosjonssikring av elvar og bekker
  • Grunnforsterkingar ved kalksementstabilisering eller saltstabilisering.

 

Gå til toppen