7. Radon

Radon er ein naturleg, usynleg og luktfri gass som blir danna i berggrunnen. I område med mykje radon, siver gassen opp gjennom sprekker og der det er utett mellom byggjegrunnen og bygningen. Radon er ikkje ein naturfare som medfører avslag på byggjesøknad og byggjeforbod, slik som flaum og skred gjer i visse område. Gassen skal varetakast ved ordinær prosjektering og utføring av alle tiltak på lik linje med andre laster som byggverket skal dimensjonerast for

Dette kan du lese om i dette kapitlet

Kapittel 7 omtalar kva radon er, gjev informasjon om krava til tryggleik mot radon og om kartlegging av radon.

Det blir også gjeve informasjon om kvar ein kan hente nyttig informasjon og rettleiing om temaet radon

7.1. Om radon

Radon er ein usynleg og luktfri gass. Radon i innelufta aukar risikoen for lungekreft. Byggjegrunnen er den klart viktigaste kjelda til forhøgja radonkonsentrasjonar i bygningar. Radongass blir danna naturleg i berggrunnen og siver opp gjennom sprekker og der det er utett mellom byggjegrunnen og bygningen. Hushaldningsvatn frå borebrønnar i fast fjell kan innehalde høge konsentrasjonar av radon, og ved bruk av vatnet til dusj, oppvaskmaskin og liknande vil radon frigjerast til innelufta. Bruk av stein som byggjemateriale kan bidra til radon i inneluft, men i Noreg er dette sjeldan ei viktig kjelde. Tilkøyrde massar, pukk og grus i byggjegrunnen kan likevel bidra til problem med radon i område som elles er lite utsette. Det er utarbeidd ein nasjonal strategi knytt til radon. Strategi for å redusere radoneksponeringa i Noreg finn du her

7.2. Tryggleik mot radon

Byggteknisk forskrift (TEK17) § 13-5 om radon stiller krav til bygningsmessig prosjektering og utføring når det gjeld radonkonsentrasjon i innelufta. Det følgjer av TEK17 § 13-5 første ledd at bygning med rom for varig opphald skal prosjekterast og utførast med radonførebyggjande tiltak slik at innstrøyminga av radon frå grunn blir avgrensa. Årsgjennomsnittet for radonkonsentrasjonen i inneluft skal ikkje overstige 200 Bq/m3.

Forskrifta set som minstekrav at bygningar som er berekna for varig opphald både skal ha radonsperre mot grunnen og at det skal vere tilrettelagt for eigna tiltak i byggjegrunnen som kan aktiverast når radonkonsentrasjonen i inneluft overstig 100 Bq/m3. Desse minstekrava gjeld ikkje dersom det kan dokumenterast at dette er unødvendig for å tilfredsstille § 13-5 første ledd.

Forhøgja radonfare som følgje av forhold i byggjegrunn, vil normalt ikkje gjere eit område ubrukeleg. Det er mogleg å prosjektere eit byggverk med tilstrekkeleg tryggleik mot høge konsentrasjonar av radon i innelufta.

Tilkøyrde massar, som til dømes pukk, kan føre til radonproblem i bygningar som elles er bygde på problemfri grunn. Derfor bør ein etterspørje dokumentasjon på radium- /urankonsentrasjonar i tilkøyrde massar. Konsentrasjon av radium (Ra-226) i massane bør vere så låg som mogleg, og lågare enn 150 Bq/kg (becquerel per kilogram). For pukk tilsvarer dette 12 ppm uran (parts per million). Dersom massane blir lagde over radonsperra for bygningen, er det særleg viktig at radium- og urankonsentrasjonen er låg. Radonkonsentrasjonen skal gå fram av produktdokumentasjonen for pukk og byggjemateriale. Grenseverdien for strålevernet er tilråd å vere så låg som mogleg og under 150 Bq/m³.

Meir informasjon knytt til radon frå tilkøyrde massar kan du finne i StrålevernInfo 6/15: Radon frå tilkøyrde massar under bygg. Vi viser elles til tilvising 520.706 Sikring mot radon ved nybygging og 701.706 Tiltak mot radon i eksisterende bygninger frå SINTEF Community.

Kartlegging av radonfare

Noregs geologiske undersøking (NGU) og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har utvikla nasjonalt aktsemdskart for radon. Karta er baserte på inneluftmålingar av radon og kunnskap om geologiske forhold.

Data kan gje den einskilde kommunen grunnlag for ei første vurdering av radonfare ved arealplanlegging og miljøretta helsevern. Interaktivt kart som viser aktsemdsområde for radon for den einskilde kommunen er tilgjengeleg på NGU si heimeside.

 

7.3. Sikringstiltak

Tiltak i eksisterande bygningsmasse mot radon frå grunnen kan delast i tre hovudgrupper:

  • tetting av konstruksjonen mot grunnen
  • forbetring av ventilasjon i bygning
  • ventilering av grunnen/trykkendring

Nye bygningar

For å avgrense innstrøyminga av radonhaldig luft frå byggjegrunnen, vil førebyggjande tiltak som oftast vere bygningstekniske. Det er vanskeleg å gjennomføre eigna tiltak etter at byggverket er oppført.

Derfor skal normalt alle bygningar både utførast med radonsperre mot grunnen og tilretteleggjast for eigna tiltak i byggjegrunn som kan aktiverast når radonkonsentrasjonen i inneluft overstig 100 Bq/m3. Døme på eigna bygningstekniske tiltak er å leggje radonmembran (radonsperre/tettesjikt mot grunnen), å installere god balansert ventilasjon og å montere radonbrønn i golv mot grunnen.

Eksisterande bygningar

Dersom radonmåling i eksisterande bygning avdekkjer radonkonsentrasjon over grenseverdiane, er det fornuftig å starte med enkle og billige tiltak, deretter måle radonkonsentrasjonen på nytt og eventuelt gjere nødvendige og meir omfattande tiltak.

Enkle tiltak for tetting av konstruksjonen mot grunnen kan vere pussing av eventuelt utett vegg mot terreng, tetting av hol/sprekker i betongkonstruksjon, tetting av fuger og sprekker mellom ulike bygningsdelar og i støypeskøytar. Enkle tiltak for å auke ventilasjonen kan vere aktiv bruk av ventilar og/eller installere vifter.

Gå tilbake til toppen