Krav til byggesøknaden

Søknad om løyve til tiltak skal gi opplysningar som er nødvendige for at kommunen skal kunne gi løyve til tiltak. Dersom opplysningane ikkje er tilfredsstillande, kan kommunen be om fleire opplysningar eller avslå søknaden.

Sist endret 29.12.2011

Søknaden skal vere skriftleg. Elektronisk søknad med elektronisk signatur blir rekna som skriftleg.

Søknaden skal underteiknast av tiltakshavar og ansvarleg søkjar. Dersom tiltakshavaren sjølv kan stå for tiltaket, vil det berre vere tiltakshavar som underteiknar.

Byggesaksforskrifta (SAK10) § 5-4 regulerer kva slags opplysningar ein skal gi ved søknad om løyve til tiltak. Ein skal berre gi opplysningane i den grad dei er relevante for tiltaket og nødvendige for den kommunale saksbehandlinga. Vedtaket seier også om opplysningane skal liggje føre ved søknad om rammeløyve eller igangsetjingsløyve.

SAK10 § 5-4 er bindande for både føretak og kommune. Dette inneber at ein søknad ikkje kan bli avslått på grunn av mangelfulle opplysningar dersom krava i vedtaket er oppfylte.