Korleis vurdere talet på bueiningar i nybygg

Ved endringa av byggesaksforskrifta (SAK10) 1.1.2016 kom nye reglar for når ein må søke om oppdeling av ei eksisterande bueining. Direktoratet har fått spørsmål om dei same reglane gjeld for nybygg som for eksisterande bygg. Sjå presiseringa vår.

Sist endret 07.10.2016

Etter SAK10 §2-2 er det søknadsplikt for oppdeling av bueining når ei eksisterande bueining blir delt i fleire delar og begge delane har alle hovudfunksjonar for bustad, eigen inngang og er fysisk åtskilde frå kvarandre. Direktoratet har fått spørsmål om dei same reglane gjeld for nybygg som for eksisterande bygg.

Ulike reglar for nybygg og eksisterande bygg

I januar 2016 tok Kommunal- og moderniseringsdepartementet stilling til at SAK10 § 2-2 ikkje styrer vurderinga i ei omgjeringsoppmoding. I avgjerda understrekar KMD at SAK10 § 2-2 presiserer når det oppstår søknadsplikt for oppdeling av bueining i eksisterande bygg, og ikkje gjeld som regel ut over dette. Elementa i vurderinga frå SAK10 § 2-2 vil kunne vere relevante i vurderinga av nybygg, men ikkje avgjerande. Det vil i tillegg vere andre omsyn som gjer seg gjeldande ved nybygg.

Korleis vurderer ein talet på bueiningar i nybygg?

Talet på bueiningar i eit nybygg må vurderast konkret i kvar enkelt sak. Vurderinga må bli grunngitt i saklege planmessige forhold, eller i viktige bygningsmessige forhold. Når kommunen set seg ut over søkjaren si vurdering av talet på bueiningar, må kommunen kunne vise at bruk og belasting av eigedommen er meir omfattande eller av ein annan art enn talet på bueiningar som det blir søkt om.

Departementet har sagt noko om korleis vurderinga skal gjerast i ei utsegn 16.12.2003 (saksnummer 03/3724). I utsegna seier departementet at ein må vurdere om einingane blir brukte heilt uavhengige av kvarandre, slik at plankrav og myndigheitskrav til brann og lyd osb. bør vere oppfylte. Vidare skriv departementet at dersom einingane kan sjåast som to økonomiske einingar, finst det normalt to sjølvstendige bueiningar i plan- og bygningslova sin forstand. Dette kan for eksempel vere ein tomannsbustad med einingar av omtrent lik storleik som blir brukt av to familiar eller husstandar.