Avfallsreglar i plan- og bygningslova

Innleiing

Innleiing om rettleiinga

Byggteknisk forskrift (TEK) §§ 9-5 til 9-9 stiller krav til utarbeiding av avfallsplan, miljøsaneringsutgreiing og sluttrapport som gjer greie for mengda byggavfall og handtering av avfallet i bygge-, rehabiliterings- og riveprosjekt over ein viss storleik. Minimum 60 vektprosent av avfallet skal kildesorterast. Farleg avfall skal kartleggjast, sorterast ut frå andre avfallsfraksjonar og handterast i tråd med reglane i avfallsforskrifta kapittel 11.

Føremålet med reglane er å fremje ei handtering av byggavfall som er miljømessig og samfunnsøkonomisk forsvarleg. Reglane skal bidra til

  • å hindre spreiing av miljøfarlege stoff

  • å redusere mengda byggavfall som oppstår

  • å auke graden av ombruk og attvinning

  • å hindre ulovleg disponering av byggavfall

Byggesaksforskrifta (SAK10) § 15-3 krev at kommunane prioriterer tilsyn med at avfallsplanar og miljøsaneringsutgreiingar er utarbeidd og vert følgd frå og med 2011 til 2013. I denne rettleiinga vert det gitt råd for korleis tilsynet med avfallsreglane kan gjennomførast i praksis.

Brosjyren er utarbeidd i samarbeid med Miljødirektoratet, (tidligere Klima- og forureiningsdirektoratet) kommunane i Storbynettverket og Nettverk for gjennomføring av Nasjonal handlingsplan for bygg- og anleggsavfall (NHP-nettverket).