Avfallsreglar i plan- og bygningslova

Om tilsynet

Generelt om tilsynet

Tilsynet kan innebere alt frå enkel kontroll av at avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing faktisk ligg føre, meir omfattande tilsyn med at avfallsplan, miljøsaneringsutgreiing og sluttrapport held tilstrekkeleg kvalitet, til å sjå til at krava vert følgde opp i praksis på byggeplassen.

Tilsyn kan utførast når som helst i byggesaka, og opp til fem år etter at ferdigattesten er gitt. Det vert anbefalt at tilsyn gjennomførast tidleg i byggesaka fordi det er då moglegheita er størst til å avdekkje mangelfull miljøkartlegging eller avfallshandtering, samt påverke avfallshandteringa i rett retning.

Det er ønskjeleg at tilsynet fokuserer på handtering av farleg avfall. Vanlegvis vert det generert mest farleg avfall i rive- og rehabiliteringsprosjekt, og ein anbefaler at slike tiltak vert prioriterte ved tilsyn. Dersom kommunane har spørsmål om farleg avfall, eller oppdagar at farleg avfall ikkje vert forsvarleg handtert, kan ein ta kontakt med miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen.

Tilsyn er med på å heve kunnskapsnivået om byggavfall både i kommunane og i byggenæringa. Kommunane kan spille ei viktig rolle som rettleiarar. Erfaringar frå kommunar er at næringa ofte ønskjer tilsyn og tilbakemeldingar som kan forbetre rutinar og kontroll, til dømes når det gjeld god merking av containerar, avfallssortering på tronge byggeplassar, kva for avfallsfraksjonar som kan sorterast og gjenvinnast, handtering av farleg avfall, og så vidare.

Kommunane hadde ei forskriftsfesta plikt til å prioritere tilsyn med avfallsplanar og miljøsaneringsutgreiing fram til 2013. Kor detaljert tilsyn kommunane sette i verk, var avhengig av ressursane på området og kunnskap om avfallshandtering og miljøsanering.