Avfallsreglar i plan- og bygningslova

Tilsyn

Reaksjonar frå tilsynsmakta

Plan- og bygnadsloven inneheld ei rekkje ulike sanksjonsmoglegheiter som kan nyttast ved regelverksbrot. Sanksjonar skal stå i rimeleg forhold til lovbrotet. Det er viktig at kommunen vurderer alvoret i brotet og reagerer etter dette. Dersom det vert skrive ut fleire ulike sanksjonar for same lovbrot, må desse samordnast slik at ikkje lovbrytaren vert urimeleg ramma.

Kommunen kan gi pålegg om retting av ulovlege forhold eller pålegg om stans i byggearbeidet. Det kan også fastsetjast tvangsmulkt for å få gjennomført gitte pålegg innan ein angitt frist. Tvangsmulkt kan fastsetjast samtidig som pålegg om retting, og gjeld frå fristoverskridinga for retting.

Tilbaketrekking av ansvarsrett er eit svært effektivt sanksjonsmiddel. Tilbaketrekking av ansvarsrett kan vurderast ved alle alvorlege brot på plan- og bygnadsloven eller dersom kommunen finn at eit ansvarleg føretak ikkje oppfyller dei krava som vert stilte til pålitelegheit og dugleik. Kommunen kan trekke tilbake ansvarsretten når det ansvarlege føretaket i vesentleg grad har unnlate å ivareta eige ansvar, har unnlate å følgje eventuelle pålegg om retting av avvik eller ikkje oppfyller føresetnadane for ansvarsretten. Tilbaketrekking av ansvarsrett vil vere aktuelt der tilsynet avdekkjer manglande kompetanse i forhold til dei oppgåver føretaket har tatt på seg.

Den nye plan- og bygnadsloven opnar også for bruk av gebyr ved misleghald, til dømes i tilfelle der brotet fører med seg skade på miljøet.

For dei mest alvorlege lovbrota kan kommunen vurdere politimelding, som i sin yttarste konsekvens kan resultere i bøter eller fengselsstraff. Tilfelle der politimelding kan vere aktuelt, er ulovleg dumping eller brenning av avfall eller dersom farleg avfall med overlegg ikkje vert sortert ut.