Avfallsreglar i plan- og bygningslova

Tilsyn

Tilsyn med ansvarlege føretak i byggesaka

SAK10 kapittel 9 til 11 gir reglar om godkjenning av føretak som ønskjer å ta på seg oppgåver i ein byggesak og krav til føretaket sitt styringssystem (kvalitetssystem), til utdanning og praksis. Kommunen skal vurdere føretaka sin organisasjon, styringssystemet deira, utdanning og praksis opp mot forskriftskrava før ansvarsrett vert tildelt.

Kommunen kan føre tilsyn med dei ansvarlege føretaka i den aktuelle byggesaka for å sjå til at tilstrekkeleg fagkompetanse vert nytta med tanke på oppgåver knytt til avfallshandtering og miljøsanering, og at føretaket sine system og rutinar for å sikre etterleving av reglane fungerer i praksis.

Tabell 3: Relevante kontrollspørsmål ved tilsyn med ansvarlege føretak

KontrollspørsmålKommentarAnsvar

Kva for fagkompetanse vert nytta i den aktuelle byggesaka med omsyn til oppgåver knytt til avfallshandtering og miljøsanering?

Generelle krav til utdanning og praksis til ansvarlege føretak er gitt i SAK10 kapittel 11. Dokumentert kompetanse er spesielt viktig innafor miljøkartlegging og miljøsanering. Ressurspersonar i føretaket må ha relevant kompetanse innan miljøkartlegging (prosjekterande) og miljøsanering på byggeplass (utførande).

Prosjekterande

Utførande

Fungerer føretaket sitt system og rutinane for å sikre etterleving av reglane om avfallshandtering og miljøsanering i praksis?

Krav til føretaket sitt system for oppfylling av plan- og bygnadsloven er gitt i SAK10 kapittel 10. Ei liste over punkt som skal gå fram av føretaket sitt kvalitetssystem finst blant anna i SAK 10 § 10-1. Føretaket skal ha rutinar for å sikre jamleg gjennomgang og oppdatering av systemet. Kommunane kan gjennomføre eit tilsyn for å sjå til at føretaket sitt system og rutinane fungerer i praksis.

Søkjar

Prosjekterande

Utførande