Avfallsreglar i plan- og bygningslova

Tilsyn

Tilsyn med dokumentasjon

TEK §§ 9-6 og 9-7 gir reglar med omsyn til kva for tiltak det skal utarbeidast avfallsplanar og miljøsaneringsutgreiingar for. Eit enkelt dokumenttilsyn vil kunne fokusere berre på å kontrollere om avfallsplan og eventuelt miljøsaneringsutgreiing er utarbeidd.

Avfallsplanen skal gi oversikt over byggavfall ein reknar med å få i samband med tiltaket, og gjøre greie for planlagt handtering og disponering av byggavfallet fordelt på ulike avfallstypar. Miljøsaneringsutgreiinga skal gi ein oversikt over farleg avfall som er kartlagt i samband med tiltaket og planar for fjerning og levering av avfallet. Ei miljøsaneringsutgreiing må sjølvsagt vere basert på ei gjennomført kartlegging av bygnadsdelar, komponentar, installasjonar og så vidare, som er klassifiserte som farleg avfall (miljøkartlegging).

Eit grundigare tilsyn med dokumentasjon vil sjå på kvalitet og innhald i avfallsplanen, miljøsaneringsutgreiinga og sluttrapporten. Eksempelvis kan det vere hensiktsmessig å samanlikne fraksjonar og mengder farleg avfall i miljøsaneringsutgreiinga mot dokumentert innlevering av farleg avfall i sluttrapporten. Tilstrekkeleg dokumentasjon på leverte mengder avfall til attvinning eller lovleg avfallsmottak er vegesetlar eller andre typar kvitteringar som inneheld dato, bedriftsnamn på mottakar og avsendar, avfallstype og mengd. For farleg avfall er den elektronisk løysinga på avfallsedeklarering.no dokumentasjon for dei enkelte fraksjonane.

Det vil alltid vere visse avvik mellom avfallsmengdene som blei estimerte i avfallsplanen, og dei verkelege avfallsmengdene som oppstod i tiltaket, og som går fram av sluttrapporten. Dersom avfallsmengder eller disponering som vert beskrive i sluttrapporten, avviker vesentleg frå det som blei estimert i avfallsplanen, skal det gis grunn for dette. Vesentlege avvik kan til dømes vere der faktiske avfallsmengder i sluttrapporten avviker med over 25 prosent i forhold til estimata i avfallsplanen, eller der ein eller fleire avfallsfraksjonar vert disponerte annleis enn det som er oppgitt i planen.

Både avfallsplan og sluttrapport må dokumentere at minimum 60 vektprosent av avfallet er sortert i ulike avfallstypar. Det betyr at maksimalt 40 vektprosent av avfallet kan fraktast frå byggeplass som ”blanda avfall”. Asfalt og gravemassar vert ikkje rekna inn i prosentdelen.

Tabell 1: Relevante kontrollspørsmål ved dokumenttilsyn

KontrollspørsmålKommentarAnsvar

Ligg det føre avfallsplan og miljøsaneringsutgreiingar i tiltak der dette skal utarbeidast?

TEK §§ 9-6 og 9-7 gir reglar for når avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing skal utarbeidast. Den enklaste forma for tilsyn vil vere å undersøke at dokumenta er utarbeidd.

Søkjar

Er estimatet for avfallsmengder i avfallsplanen urealistisk eller underestimert?

Estimat av avfallsmengder vil aldri vere heilt nøyaktige, og det kan vere store forskjellar frå bygg til bygg. Til ein viss grad kan kommunen støtte seg på erfaringstal. Det er særleg ved nybygging erfaringstal er nyttige. Ved riving og rehabilitering er bruk av erfaringstal vanskelegare, men ein enkel peikepinn er at det ved riving av ein ordinær einebustad kan oppstå om lag 75 kilogram byggavfall per m2.

Prosjekterande

Er kravet til minimum 60 vektprosent sortering av avfallet oppfylt i avfallsplanen?

Det må gå fram av avfallsplanen kva for fraksjonar som er planlagt sorterte, slik at kravet i TEK § 9-8 vert oppfylt. ”Blanda avfall” kan vere maksimalt 40 vektprosent av total avfallsmengd. Aktuelle fraksjonar for sortering er til dømes betong/tegl, metall, plast, glas, papp/papir, gips, treavfall og tekstilar.

Prosjekterande

Er miljøkartlegging utført som grunnlag for utarbeiding av miljøsaneringsutgreiinga, og er utgreiinga god nok?

Som eit grunnlag for miljøsaneringsutgreiinga må bygnadsdelar, komponentar, installasjonar og så vidare som utgjer farleg avfall, kartleggjast. Kommunen kan vurdere om miljøkartlegginga som er gjennomført, er grundig nok, og om kartlagde mengder farleg avfall ser ut til å vere realistiske. Vedlegg 1 gir ein oversikt over farleg avfall som ofte må handterast ved rivingsprosjekt. Ein peikepinn på om miljøkartlegginga har vore grundig nok, er talet på materialprøver og analysar utført i forhold til storleik på bygnaden og omfanget av arbeidet. Til dømes bør det gjennomførast analyse av både PCB og metall (bly, sink osv.) for maling på betong eller tegl. Vidare vil til dømes berre ei materialprøve av maling i eit større bygg oppført/rehabilitert før 1980 neppe vere representativ for tiltaket. Noe bildemateriale bør også følgje miljøsaneringsutgreiinga slik at det går fram kva for bygnadsdelar, komponentar, installasjonar og så vidare som er farleg avfall (sjå reglane i avfallsforskrifta).

Prosjekterande

Kan faktisk disponering av alt avfall dokumenterast i sluttrapporten?

Tilstrekkeleg dokumentasjon frå avfallsmottak er vegesetlar eller andre typar kvitteringar som inneheld dato, bedriftsnamn på mottakar og avsendar, avfallstype og mengd. For farleg avfall vil elektronisk løysing på avfallsedeklarering.no vere dokumentasjon for dei enkelte fraksjonane. Sluttrapporten må også dokumentere at kravet til 60 vektprosent sortering blei nådd i praksis.

Utførande

Er eventuelle vesentlege avvik i avfallsplan og sluttrapport med omsyn til avfallsmengd eller disponering av avfallet grunngitt?

Vesentlege avvik kan til dømes vere der faktiske avfallsmengder i sluttrapporten avviker med over 25 prosent i forhold til estimata i avfallsplanen, eller der ein eller fleire avfallsfraksjonar frå tiltaket vert disponert annleis enn det som er oppgitt i avfallsplanen.

Utførande