Avfallsreglar i plan- og bygningslova

Vedlegg

Vedlegg 1: Døme på farleg byggavfall som kan innehalde miljøgifter

Under finn du eksempel på fraksjonar som vanlegvis er klassifiserte som farleg avfall, og som kommunen bør vere ekstra merksam på ved tilsyn.

BYGGAVFALL SOM KAN INNEHOLDE MILJØGIFTER 

Isolerglasruter

  • Norskproduserte isolerglasruter (1965-1975) og importerte isolerglasruter (-1980) inneheld PCB. Slike ruter er omfatta av ei returordning.
  • Lim for vindauge og gummilister i isolerglasruter kan innehalde kort- og mellomkjeda klorparafinar. Truleg blei klorparafinar mest brukt til midten av 1980-tallet. Slike ruter er per i dag ikkje omfatta av ei returordning.

Foto: Miljødirektoratet

 
Isolerglasruter

 

Murpuss og maling

  • Murpuss og maling kan innehalde PCB (1940–1975). Det er også påvist høge nivå av ulike metall i eksteriørmaling, til dømes bly og sink.

Foto: Miljødirektoratet

Eksempel på murpuss og maling

Fugemasse

  • Fugemassar kan innehalde PCB (1960–1978) og ulike metall.
  • Tettematerial som fugeskum, fugemassar, sparkelmasse med meir kan også innehalde kort- og mellomkjeda klorparafinar og helse- og miljøskadelege ftalater som DEHP, DBP og BB.

Foto: Miljødirektoratet

 
Illustrasjonsbilde av fugemasse

Vinybelegg

  • Vinylbelegg og vinylgolvlister kan innehalde helse- og miljøskadelege ftalater som DEHP, DBP og BBP samt enkelte metall.

Foto: Norsk Gjenvinning AS

 
Illustrasjonsbilde av vinylbelegg

Isolasjonsplater

Isolasjonsplater av

  • XPS (øvst)
  • EPS (midten)
  • rørisolasjon av cellegummi (nedst)

kan innehalde helse- og miljøskadelege bromerte flammehemmarar.

Foto: Miljødirektoratet

XPS
Illustrasjonsbilde av XPS
EPS
Illustrasjonsbilde av EPS
Cellegummi
Illustrasjonsbilde av Cellegummi
 

XPS-plater og polyuretanskum

  • XPS-plater og polyuretanskum (PUR-skum), til dømes brukt i isolerte garasjeporter (øvst), isolasjonspanel i kjølerom (nedst) med meir kan innehalde dei miljøskadelege blåsemidla KFK og HKFK.

Trevirke

  • CCA-impregnert trevirke vil innehalde metall som krom, arsen eller koppar. Kopparimpregnert trevirke er per i dag ikkje klassifisert som farleg avfall. Ver klar over at brukt kopparimpregnert trevirke er ofte vanskeleg å skilje får CC-impregnert trevirke.
  • Kreosot-impregnert trevirke vil innehalde PAH.

Kasserte produkt av elektrisk strøm

  • Alle kasserte produkt som er avhengige av elektrisk strøm, kablar, leidningar eller batteri, elektronisk og elektrisk avfall (EE-avfall ), skal samlast inn og er omfatta av etablerte returordningar.

Harde plater og rørisolasjon

  • Eternitplater og andre harde plater, samt rørisolasjon (-1980) kan innehalde asbest. Sjå elles Forskrift om utførelse av arbeid, kapittel 4, som skal sikre arbeidstakarar mot risiko for helseskade som følgje av eksponering for asbeststøv.