Energikrav i TEK10

2. Kvifor tilsyn med energikrav

Kvifor tilsyn med energikrav

Tilsyn med at energiføresegnene i TEK10 blir etterlevde er svært viktig for å nå mål om redusert energibruk i landet sin bygningsmasse. Tilsynet er meint å ha ein preventiv effekt, men vil òg føre til betringar ved pålagt utbetring av dei avvika som blir avdekte.

Rapporteringa frå tilsynet (sjå kap. 6) vil gi eit bilete av korleis regelverket fungerer; det vil seie om det blir forstått og etterlevd. Resultatet frå rapporteringa vil gi grunnlag for å utbetre og utvikle regelverket vidare. Vi vil tilrå at det blir ført tilsyn med eit vidt spekter av bygningskategoriar og kravtypar. Dette vil gi informasjon om kva delar av næringa som har størst behov for rettleiing og tilrettelegging.

Vår tilråding er at tilsyn med prosjektering (dokumenttilsyn) blir lagt vekt på i byggjesaker som gjeld større næringsbygg, og at tilsyn med utføring (tilsyn på byggjeplass) blir prioritert ved bustadbygging.

I dei nye reglane for uavhengig kontroll står energikrava sentralt. Det vil likevel vere meiningsfullt å late tilsynet handle om dei same tema, då dette vil gi ein pekepinn på kor godt dei nye kontrollreglane fungerer.