Tilsyn med universell utforming

1. Innleiing

Innleiing

Tilsyn er eit viktig verkemiddel for å etterleve regelverket og vil verke førebyggjande på framtidige byggjefeil. Kommunane er pålagde å føre tilsyn i eit slikt omfang at regelbrot blir avdekte, men vurderer metode og omfang ut frå eigen kompetanse- og ressurssituasjon.

I ein periode over to år frå 1. januar 2013 skal kommunane prioritere tilsyn med krav knytte til energibruk og universell utforming. Krava på desse områda er valde som prioriterte tilsynsområde fordi dei er nye eller krev ei viss omstilling. Dei nye fokusområda skal vere innarbeidde i kommunen sin tilsynsstrategi.

Denne rettleiaren skal medverke med praktisk hjelp når ein utøver tilsyn med at krav til universell utforming blir oppfylte. Med utgangspunkt i dokumenttilsyn og byggjeplasstilsyn presenterer rettleiaren sjekklister som kan nyttast ved tilsynet eller danne grunnlag for å utarbeide eigne tilpassa sjekklister. For meir informasjon om tilsynsverksemd generelt, viser vi til Veiledning om tilsyn (HO-2/2012) som er tilgjengeleg på nettsidene våre.

Kommunane er pålagde å sende inn rapport som beskriv omfanget og resultatet av tilsynsaktiviteten til Direktoratet for byggkvalitet. Rettleiaren har i kapittel 9 eit oversyn over kva slag opplysningar som skal rapporterast inn ved utløpet av 2014.

Desse vil samsvare med forhold som er beskrivne i sjekklistene. Det bør etablerast rutinar for rapportering før tilsyn blir sett i gang. Dette vil gjere rapporteringa enklare ved utgangen av rapporteringsperioden.

Fig.2 Samarbeid om tilsyn kan gi nyttig erfaringsutveksling.

Fig.2 Samarbeid om tilsyn kan gi nyttig erfaringsutveksling. Foto: Tone Rønnevig

Foto: Tone Rønnevig