Tilsyn med universell utforming

2. Kvifor tilsyn med universell utforming

Kvifor tilsyn med universell utforming

Som plan- og bygningsstyresmakt har kommunane eit hovudansvar for å leggje til rette for eit universelt utforma samfunn. Det er eit politisk ansvar å sjå til at ingen blir diskriminerte på grunn av mangel på universell utforming av område, bygningar og tenester.

Tilsyn med at krav om universell utforming og tilgjenge blir oppfylte er viktig for å oppnå byggverk og uteområde som er brukbare for flest mogleg og gir likestilt bruk på trass av ulike menneskelege føresetnader og forskjellig funksjonsevne.

Reglane om universell utforming og tilgjenge i plan- og bygningslova er knytte opp mot diskriminerings- og tilgjengelova. Byggverk for allmenta som ikkje er universelt utforma i tråd med krav i TEK10, vil kunne diskriminere personar med nedsett funksjonsevne frå å delta på lik linje med andre. God integrering av universell utforming i den arkitektoniske utforminga og gode løysingar for framkome, orientering, vegfinning, lydtilhøve og inneklima i prosjektering og utføring, vil medverke til likestilt bruk.

Aktivt tilsyn medverkar til at fleire byggverk oppnår god kvalitet med omsyn til universell utforming og tilgjenge. Forutan å ha ein preventiv effekt, vil tilsyn som blir følgde opp med pålegg om retting av eventuelle avvik, medverke til å auke brukskvaliteten og tryggleiken i byggverket. Tilsyn vil òg vere lærerikt. Gjennomgang av dokumentasjon og tilsyn på byggjeplass gir kunnskap og høve til erfaringsutveksling.

Det bør førast tilsyn med alle typar byggverk og uteområde. For å oppnå gode universelt utforma bygg er dokumenttilsyn særleg føremålstenleg i samband med orientering, arealdisponering og framkome, inneklima og lydtilhøve. Vesentlege avvik som blir avdekte i prosjekteringsprosessen vil lettare kunne rettast enn når bygget er ferdig oppført.

Tilsyn på byggjeplassen vil vise om utføringa er i samsvar med produksjonsunderlaget. Konkrete talverdiar i forskrifta er å sjå på som absolutte krav dersom det ikkje er oppført toleransegrenser i byggjesaksforskrifta. For universell utforming og tryggleik i bruk vil konsekvensen av feilmarginar ved utføringa vere stor. Avvik som ikkje blir retta kan føre til at byggverket ikkje blir brukbart for flest mogleg i samsvar med regelverket.